22. april 2009

Mamma Mia, here I go again

Eg har kjøpt meg Mamma Mia the Movie, og eg eeeelskar han! eg kunne sett han fem dagar på rad utan å gå lei. Abba er genialt!

No har eg vore i Australia i over tre månader. Tida flyr, og det kjennes merkeleg. I over tre månader har eg vore her utan størtilførsel til PC-en min. Korleis har det funka? Eg har lånt. Både Beth og Erica har hatt samme kabel som meg. Og eg har aldri komt meg til HP for å kjøpe meg ny.
Til slutt fant eg ut (når den fantastiske tolmodigheten deira byrja å bli litt tynnslitt) at no måtte eg få kjøpt meg ein ny. Så eg bestilte ein fra HP Online Store, og den kom i dag (etter to veker).
Når eg fekk den hadde eg eit lite ÅNEEEEEEEEEEEEEEEEEEIIII - øyeblikk, for eg trudde at inngangen til PC'en min var for stor, før eg fann ein liten dings til å festa på med ein liten inngang. Så no har eg endelig ein straumtilførsel, og neste gong eg snakkar med folk heime på Skype, så skal eg i alle fall ikkje dette ut fordi eg ikkje har meir batteri...

Til alle som er heime som eg aldri snakkar med. Her er ein oppskrift på ein samtale.
Du treng:
1 PC
1 Webkamera - om den ikkje allerede er innebygd i din PC
1 Mikrofon - om den ikkje allerede er innebygd i din PC eller Webkamera
Internett

Dette gjer du:
1. Gå til www.skype.com
2. Last ned Skype.
3. Skaff deg brukarnavn og passord.
4. Legg meg til - elisabetfg
5. Sjekk om eg er pålogga, viss ikkje
a) facebook meg, og spør når me skal snakkast
b) email meg, og spør når me skal snakkast
c) skriv ein kommentar her, og spør når me skal snakkast
d) vent til ein annan gong eg er pålogga
6. Viss eg derimot er pålogga, eller når eg er pålogga; dobbelklikk på meg
Me har no ein samtale. WOHOO!!


Eg har forresten fått meg TWITTER. Høyrd om det? Skaff det du og? Det er nett som facebook, berre enklare. Eg er å finne på www.twitter.com/elisabetgiske.

Norsken min blir verre og verre, haha! Når eg skulle skrive at eg hadde vore i Australia i 3 månader, klara eg å skrive "no har eg vore i Australia for over 3 månader" og når eg skulle skrive at eg fann ein liten dings til å festa på den andre, skreiv eg "ein liten dings to festa på"

2 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Eg skjønne meg kje på twitter! Da virke så vanskelig å nettså så skjønne eg ingenting!!

Elisabet sa...

da e no veldig lett... ein lett versjon av facebook...