30. mai 2009

Videoblogg

Så, kva er kjekkast? Film eller blogg? Freistar det til gjentaking?

26. mai 2009

5 grunnar til kvifor eg gler meg til å komme heim til Norge

Disclaimar: Eg elskar Australia, men dette er ein hyllest til Norge! Eg fekk ikkje skrive den på 17. mai, så her kjem den


1. Personar.
Om eg skulle skrive alle personane eg gler meg til å sjå, hadde det vorte mykje, mykje meir enn fem grunnar i seg sjølve. Eg gler meg sjølvsagt til å sjå familien min, den nærmaste (i dei to husa eg vaks opp i: M, P, H, K, M&M) og dei nest-nærmaste. Eg gler meg til å sjå vennane mine, og til å berre kunne gå på Leirvik eller Fitjar og sjå mange kjente fjes!
  • På Flesland, Bergen er det slik (for dei som ikkje kjenner det) at du ser folka som kjem frå flyet i eit glasvindu i etasjen over deg før du faktisk ser dei. Så må dei vente på bagasjen, så kjem dei ut. Eg gler meg til å stå der oppe i det glasvindauget, og sjå folka mine nedanfor. Åårh! Så mykje! Eg lurar på kven som kjem? Hanne Mari tippa: Mamma, pappa, Hanne, Kristian og Remi! :)
  • Eg gler meg til å sjå alle eg er glad i heime! ALLE
  • Eg gler meg til å sjå Hanne Mari og Gunn Tove sin humor i lag. Det er nok nokre nye ord ute å går! Gunn Tove har alltid nokre sære uttrykk ute å går. Aka "Fytti", "farvel", "adjø", osv.

2. Mat.
Typisk meg at det er nr. 2? Hahaha! Norsk mat = NAM! Noko australsk mat er betre, men ingenting, INGENTING slår "skjeva me leverpostei"!

3. Språk.
Okei, eg har ikkje problem med å snakke engelsk. Og eg snakkar og ein del norsk, bur med to nordmenn, og har mange norske vener. Men eg kan ikkje gå på kafé og bestille på norsk. Og ingen av nordmenna rundt meg snakkar i nærleiken av mi dialekt. Ingen bergensarar ein gang. Ein del rogalendingar, men frå Stavangerområdet, og vidare sør.

4. Norsk kultur.
a) Eg kjem ikkje til å måtte sei "How are you" utan å verkeleg bry meg om svaret. b) Folk set pris på risgaut. (Her gjer dei ikkje det. Bortsett frå Priska frå Indonesia. Eg har omvendt ho.) c) Norsk musikk på radioen. Tippar det blir litt mr. grand prix, men eg gledar meg til å høyre om alle dei nye folka som er store, eg. Når eg kom hit, snakka eg med nokre folk på Norwegian Connect som hadde vore her 1,5 år. Dei visste ikkje kven Mira Craig var!!

5) Norsk natur.
Eg flyr inn over Norge. Det er i juli, så det er blå himmel. Eg flyr inn over Bergen, og ser fjella og sjøen i fullkommen balanse. Eg tar ferga heim, sjøen er blå, nett som himmelen. Me er mellom Austevoll og Tysnes, med Fitjar i sikte.
Og eg sit på kaien på Leirvik og ser inn mot Kvinneheradsfjella. Guri land, betre enn forstads-Sydney!

22. mai 2009

Tasmania - DEL 2 av 2

Søndag:
  • Me kjørte Beth til flyplassen, ho skulle heim tidlig. På vegen såg me NYDELEG soloppgang.
  • Så kjørte me inn til Hobart igjen, for å gå i CCC, Christian City Church. På vegen inn for me til botanisk hage, og då me skulle ut kom det ein plass mellom et og to tusen folk som var me i eit løp, så det var såvidt me kom oss til kyrkja...
  • Så kjørte me ned sør-vestkysten til Dover, via ostesmaking på Huonhalvøya.
  • Søndag kveld tilbragte eg me å sjå film, etter å ha lett etter ein TV for å sjå grand prix. Ikkje trudde eg at eg gjekk glipp av så mykje. Då ville eg ha lett betre. 17. mai vart nesten ikkje feira i det heile. Kun med serviettar og flagg. Hurra, hurra.

Mandag:
  • Me for frå Dover opp til Huonville (som me kalla Juan-ville, intern humor om ein spanjol) over til Margate, ned kysten og med ferge over til Bruny Island.
  • Det var merkeleg for ein tidlegare fjord1-ansatt å sjå forskjellar. For det første hadde fergelemmen plass til ein bil om gangen, ferga var liten og dei var ikkje særleg strenge med billettar. Me gjekk som under 5m, eg trur kanskje me var 6-7... Og på veg tilbake betalte me ikkje i det heile... Me lurar på om det var T/R billett.
  • På Bruny Island (NYYYYYDELEG) budde me på ein campingplass i to netter. Første dag skulle me gå inn til "sentrum" av Adventure bay, og bestemte oss for å gå langs standa. To problem: 1. Me gjekk på stranda, heilt til me kom til ein stad der elva randt ut i havet, umulig å komme over, så me måtte gå heilt tilbake. 2. Når me endeleg gjekk med vegen, gjekk me i ca 20 minutt før me spurte nokon og fann ut at butikken var 4 minutt frå campingplassen men den andre vegen. Hehehe
  • Me såg på TV den kvelden. Her hadde dei TV, ja. Typisk. Feil kveld. Såg "Vil du bli millionær", australsk versjon...



(Rusten ferge...)

Tirsdag:
  • Den store assessment-dagen. Me hadde ein del skuleoppgåver (som eg burde gjort ferdig no i staden for å blogge)... Alle tre fekk gjort ein del.
  • Me gjekk i butikken denne dagen og. Var ein kjempeliten butikk. Og nabokafeen var stengt når me kom dit klokka 4...
  • Så me gjekk til ein annen kafé. Langt ute i huttaheiti. Liten. Serverte ikkje middag. Hadde kun kveldsope om nokon bestilte, viss ikkje tok dei kvelden fri... Men koseleg.
  • Aynsley sa at bortsett frå Hawaii var dette første gangen hennar på ei øy. Eg minte ho på at Tasmania og er ei øy. (Og Australia, men det er rekna som kontinent.) I alle fall, kjempemerkeleg for meg som er oppvakse på ei øy!


(Øyliv. Shop closes about 6 or maybe 6:30. Genialt? Ja.)



Onsdag:
  • Ja, denne dagen reiste me heim. Først for me inn til Hobart, og kjørte (!) opp Mount Wellington, som er 1271 meter over havet. Me kjørte opp frå havet. 1271 meter opp. Tok ca 20 minutt kanskje. Rart. Eg fekk "flyproppar" i øyrene, og utsikta var nydeleg. Og me såg SNØ!!!!
  • Etter denne fantastiske utsikta for me inn til byen, kjøpte lunch på kafé, Carolin fann plast i maten sin, så me fekk drikka gratis. God deal! Haha! Neste gang skal eg ta med meg plast. Hehehe, neida, tulla!
  • Så for me tilbake med Campervan'en (som me kalla Millie), vart køyrd til flyplassen, tok fly heim. Masse proppar i øyrene. Trur det var blanding av flyet og fjellet. Landinga i Sydney var nydeleg, masse nattlys, og landa midt i byen.
  • Så var det den siste og enklaste etappa. Den var ikkje så lett likevel. Tog frå flyplassen til Central, lett. Tog frå Central til Parramatta, som me har gjort ørten ganger før? Me tok feil tog. Hahaha! Men me merka det ikkje, for me var på same spor i byrjinga, før me plutseleg for til North Strathfield. Eg trudde kanskje me var på treigetoget, og at det stoppa på fleire stasjonar, men når me kom til Concord West tenkte eg "hmm, rart". Og Carolin sa "me må gå av, me må gå av. Haha, eg lo. Så me gjekk av i Rhodes, tok toget tilbake til Strathfield, og snakka med nokon folk som synast det var svært morosamt at me gjekk feil. Så me kom oss til Parramatta til slutt, vart henta av snille Jeremy, og kom oss heim. For min del, heim til eit rom fullt av ballongar og presangar frå Margrethe og Erica. Søtingar!

(Mount Wellington. Nydeleg utsikt, som du ikkje ser veldig godt her. Men me er over tåka! Haha.)

21. mai 2009

Tasmania - DEL 1 av 2

Tysdag:

  • Før eg for datt eg ned trappa. 4 trinn. Med kofferten min. Haha! Eg er framleis lilla. 10 dagar etterpå...
  • Me landa i Hobart. Og tok taxi til hostellet vårt, The Pickled Frog. Ikkje så kult som det høyrtes ut som. Eg trur faktisk dei skuldar meg 10 dollar. Skal sende mail til dei. Lang historie.
  • Så gjekk me til KFC. Også kalla Kentucky Fried Chicken, kyllingens svar på McDonalds. Min første gang der, noko som sjokkerte alle. Eg bør vel kanskje seie kven alle er. Meg, Carolin, Beth og Aynsley reiste saman.
  • Hobart er hovudstaden i Tasmania med litt over 200 000 innbyggjarar. Til saman er det ca 500 000 i heile staten.




Onsdag:
  • Me for frå Hobart til Launceston (den ant største byen) og stoppa i Richmond, Oatlands, Ross og Campbell Town.
  • Me kjørte gjennom heile turen (frå onsdag) i ein campervan på same lengde som caravellen vår heime, og ca 2.8 meter høg.
  • I Launceston besøkte me Carolin si venninne, og såg på ein nydeleg park rett utanfor byen.
  • Richmond hadde ein SVÆR godteributikk. Love it!


(Eg trudde me lekte ku, Aynsley trudde me lekte modell)


Torsdag:
  • Me for frå Launceston (nord) til Bicheno på østkysten. Stoppa i St Helens.
  • Me kjørte på den mest svingete veien eg nokon sinne har sett. Kanskje. Heile veien sto det "anbefalt fart i neste sving: 25 km/t" Seriøst. Eller, ikkje på norsk, men... Så kom me plutseleg til eit utsiktspunkt med NYYYYDELEG utsikt.
  • I Bicheno skulle me på pingvintur, masse pingvinar på Tasmania, men tydelegvis ikkje på denne tida av året, så me gadd ikkje.
  • Eg forventa ikkje at alle småbyane skulle vere så... små? Det var mykje mindre enn Fitjar!!
(Me var glade for å komme ut av kvalmande svingar. Så me stoppa i skogen...


Fredag:
  • Me kjørte frå Bicheno via Coles Bay, til Hobart.
  • Coles Bay var NYYYYYYDELEG. Me kjørte inn til Freicinet National Park, dei andre gjekk til Wine Glass Bay, eg vart igjen, for foten min var sår. Eg sat og leste C. S. Lewis på parkeringsplassen, der møtte me forresten ein Wallaby!! (Kenguru-liknande pungdyr)
  • Me stoppa og på Kate's Berry Farm, og åt vaflar, is, scones og te (Eg åt ikkje alt det altså).
  • Turen var vindfull, bilen var høg, eg kjørte, me fekk forskjellige vindar, og desse bruene gjorde det heller vanskeleg å køyre. Eg måtte holde 55 i ei 90-sone. Eg skapte kø, hahaha! Og i 110-sona på landevegen holdt eg 65. Huff og huff...


Eg klappa han, altså. Men han stakk.

Laurdag:

  • Min nittande bursdag. Dagen vart feira i Hobart. Starta med pakkar frå heime og kake frå jentene, og eg vart spandert frukost på. Not bad!
  • Me gjekk på Salamanca Market, og vandra rundt i byen. Både Hobart og Sydney har Elizabeth Street, dessverre ikkje etter meg, men kjekt likevel!
  • Me kasta løv, og nytte hausten. I Sydney er alting evig grønt....
  • Kvelden vart tilbringt med jentene, familien heime på telefonen, to eldre ektepar som gav gratis suppe på campingplassen, og filmkveld i bilen (som me og hadde dagen før. Trur me såg ein 5-6, kanskje 7 filmar medan me var der.



To be continued.....

18. mai 2009

Tasmania osv

Eg sit no paa ein liten internettcafe i ein liten by i Tasmania. Det er eit under i seg sjoelve, her har dei nemleg berre mobildekning nokre faa plassar. Men eg innser at eg har gatt glipp av ein del ting.

-- Norge har visst vunne ein liten sangkonkurranse. Kan eg berre sei: TYPISK! Den eine gangen eg ikkje ser det paa ti aar, ja det er den gangen me vinn.

-- 17. mai! Det var MERKELEG aa feire. For eg feira egentlig ikkje! Rart! Eg var den einaste nordmannen her, har ikkje moett nokon i det heile paa Tass! Weird.

-- Bursdagen min, derimot, vart feira med pomp og prakt. Takk for alle mailar, dykk skal faa svar paa onsdag! Naar eg kjem heim. Eller kanskje torsdag.

Men no maa eg gaa, skal til Bruny Island. Den flinke lesar klarar nok aa finne ut sjoelve kvar det er!

Etter aa ha vore i eit saa "norsk" naturomraade i snart ei veke, maa eg seie at eg gleeeeedar meg SJUKT til juli! :)

9. mai 2009

Veldig, veldig nyttig info frå denne veka!

- Jenter har dårligare blodsirkulasjon enn gutar. Du veit den følelsen du får når du går i dusjen, og badet er kaldt, og dusjen er varm, og føttene dine stikk nettså litt innvending fordi dei er så kalde?
Me tok ei håndsopprekning i klassen på kven som visste om den følelsen. ALLE jentene gjorde det, INGEN av gutane gjorde det (bortsett fra ein som sa "når eg har vore ute i snøen, og så går inn i dusjen...")

- Eg har vore utan facebook i 6 dagar, og eg saknar det ikkje ein gang!

- I morgon er det morsdag i Australia, og alle her syns det er veldig rart at Norge sin er i februar.

- I dag sa ei gammel dame i Street Teams til meg: Kanskje du og er mor på morsdagen neste år eller året etter? Viss du finn deg ein mann då. Du må ikkje berre finne deg ein mann, det må vere ein bra mann. Viss ikkje må du ikkje gifte deg med han.

- Eg reiser til Tasmania om tre dagar.

- I dag er det ei veke til bursdagen min, og i går vart eg og Wilhelm (Sverige, bursdag i forgårs) sunge for i klassen, og alle fekk "cupcakes" (type muffins, berre med herlig krem).

- Eg har vore i Australia i 3 månader, 3 veker, 2 dagar, og ca 7,5 timar. Det er himla merkeleg.

- I går skreiv eg to sangar. Eller 1,5, egentlig.

- I dag eller i morgon får eg endeleg tak i den nye Hillsong United cd-en, "Tear Down the Walls".

- I går satt ei norsk jente (meg), ei indonesisk jente og ei kanadisk jente og såg på ein amerikansk film, medan dei åt italiensk mat i Australia.

5. mai 2009

Pakke i posten!

Eg elskar pakkar i posten! Men denne hadde eit par overraskelsar inni seg!

  • Vaffeljern
  • Norgesflagg til 17. mai
  • 5 pakkar til bursdagen min, 16. mai + et kort som eg ikkje veit om er til bursdagen eller no, så eg har ikkje opna det :)
  • Pledd (vinteren er på veg)
  • Den lilla kjolen/blusen min frå Ingvild sin butikk
  • Tights
  • 17. mai-serviettar
  • Førstehjelpsveske
  • 6 pakkar risgraut
  • 3 toro vaffelmix
  • Batteri
  • Donald Pocket
  • 2 små lommelykter

Eg trur eg fekk med det meste. HEEEERLEG DAG!! :D

3. mai 2009

Facebookpause!

I dag er det 3. mai. Om 69 dagar er det 11. juli. I løpet av denne perioden skal eg klare meg utan facebook!

Akkurat no sit eg på kjøkkenet, og har snakka med dei eg bur med om det, og ærleg talt ingen trur eg skal klare det. Men eg trur på meg sjølv, og det er det som tel! Eg har klart sånne ting før, type ingen fravær siste året på vidaregåande (bortsett frå ein dag med glattkøyring), og eg veit at eg hatar å gi opp noko! Så me får sjå korleis det går!

No tenker du kanskje; kvifor skal ho ikkje ha facebook?
Mange grunnar!
  • Brian Houston snakka om noko som heiter 70 days of excel = noko type 70 dagar med utmerkelse, som han skal gjere. Det går ut på at du finn ein, to, tre eller mange svakhetar i livet ditt, som du vil gjere noko med. Eg har bestemt meg for å bli med han, og kutte facebook, gjere meir ut av tida mi, og nyte det! Eg gjer det 69 dagar, fordi eg reiser til Norge den 12, så då har eg dagen før til å innhente!
  • Viss eg kuttar facebook, så kjem eg kanskje a jour med alt skulearbeidet.
  • Viss eg kuttar facebook, så får eg meir tid til andre ting, som å gå tur, lage sunn middag i staden for kjapp middag, blogge, skype, være med vennar, osv!
Så det vert spanande å sjå korleis det går. Ønsk meg lykke til! Og om du har facebook, og føler for å sende meg ei melding; ikkje gjer det! Send meg ein email: elisabetgiske@gmail.com

PS! Eg og Hanne Mari, mi kjære søster snakka om korleis eg skriv fullt i engelske ord i kvar bloggpost. Så no har eg prøvd å fjerne dei fleste! Her er det eg fjerna: "Wish me luck", "joine", "catche opp" (eg fann ikkje det rette norske uttrykket her, så eg måtte bruke ordbok, haha! Sånn skjer når ein tenker på engelsk!), og "housemates". Norsken min går nedenom og heim altså! Skummelt!

PS2: Om du las mitt innlegg "Austens delikatesser", kunne du kanskje få inntrykk av at ein edderkopp er eit krypdyr. Det har eg no fått vite at det ikkje er. Eg har nemlig eit veldig smart søskenbarn, som meddelte denne nyttige informasjonen til mi søster. Og eg kan ikkje drive med vranglære. Så, no veit de forhåpentleg vis det! Hehehehe!

2. mai 2009

Kom MAI du skjønne milde!

Merkelig. Det er mai. Me er i den femte månaden i året. Tida fyk, og eg følar ikkje eg heilt heng med.

Mai er min favorittmånad. Trur eg. Det eg alltid har elska med mai er:
- Mange fridagar (1. mai, 17. mai, pinse)
- VÅR i lufta og kanskje ein smak av sommar
- happy birthday to me
- 17. mai, og folkeliv
- Sommaren nermar seg, inkludert ferie.

No kjennar eg følelsen av nostalgi og sommar her. Difor satte eg akkurat Postgirobygget på. Men i alle fall. Denne mai-månaden blir litt lik, og litt forskjellig.

Temperaturen i dag er ganske lik det den pleier å vere heime i mai, faktisk. Litt varmare, men dette er den varmaste dagen på eit par veker. Forskjellen er berre at heime er temperaturen inne ikkje mykje påvirka av temperaturen ute, men her er den det. Og kveldane, nettene og morgonane er VELDIG kalde, så eg søv med både tights og joggebukse, pluss tjukke sokkar. og mi "Australia"-hettejakke. Og eg søv godt, men når eg står opp og skal skifte frys eg meg ihel, for badet er veldig kaldt.

For første gang finn eg i år ut korleis det er å ha bursdag i ein ferie. Alle som har bursdag i ferier har det me å klage (litt) på det, og no skjønnar eg kvifor. I år har eg bursdag midt i mid-semester break (11-20 mai) og eg er i Tasmania på bursdagen min. Sjølvsagt er det kjempekjekt, men hadde vore kjekt å feire det med fest og ikkje berre med 3 vener. Sjølv om eg gler meg!

1. mai var ikkje fridag her, er ikkje det rart? Men det gjorde ikkje meg noko, likar skulen eg. Spesielt FREDAGAR! Beste dagen!

17. mai. Ein av mine favorittdagar. I år blir det ikkje norsk folkeliv, og eg kjem ikkje til å vere med nokon nordmenn den dagen (med mindre eg møtar nokon på TASMANIA, noko ein kan tvile på! Haha!

Men... eg har som sagt tidligare (trur eg) kjøpt meg videokamera (viss ikkje eg har sagt det: EG HAR KJØPT MEG VIDEOKAMERA! Wohoo). Så eg har tenkt å få ein stk kanadier, ein stk tysker og ein stk sør-afrikaner til å gå rundt med norsk flagg (må få tak i eit) i gatene i byen me er i i Tasmania då, (ikkje at eg veit kor me er), og seie "Hipp hipp hipp HURRA HURRA HURRA" og " Hurra for 17. mai" osv. Dei catchar norsk veldig lett, så det er planen, haha! Og så skal eg filme det! Gler meg. Blir spanande å sjå korleis folk reagerer.

Og kanskje, BERRE KANSKJE, blir dagen avslutta med Grand prix. Det går nemlig på australsk TV søndag kveld, men eg anar ikkje om me ein gang er i nærheten av ein TV. Men eg elskar Grand Prix, og det gjer visst Australia og. Kult? JA! Men eg veit ikkje om mine 3 buddies gjer det samme.

Eg har framleis den samme maifølelsen av at sommaren og ferien nærmar seg, sjølv om det er vinteren som er på veg. Fordi no er det 72 dagar til eg står på norsk jord, sjølv om det berre er for ein kort visitt. Og det er 106 dagar sidan eg landa på australsk jord.

Haha, no merka eg plutselig at eg høyrer på "Jenter som kommer og jenter som går. Jenter som glipper og jenter du aldri får. Jenter som spirer en tidlig vår. Jenter og en litt sliten matador. " MORSOMT! Haha! Postgirobygget minner meg så om heime, fordi sjølv om eg aldri høyrte mykje på dei heime, så er det så norsk, så norsk! Det er (1) på norsk og (2) ein sjanger som eg ikkje høyrer at all her nede.

Det som blir mest merkelig er at heime blir dagane varmare og varmare i mai, her blir dei kaldare og kaldare. Og når eg i Tasmania blir det endå kaldare, fordi her er sør lik kaldt og nord lik varmt. (Og, ja, Tasmania er sør for oss.)

Menmen. Eg skal ikkje klaga. Kulde er fint det og!