1. Personar.
Om eg skulle skrive alle personane eg gler meg til å sjå, hadde det vorte mykje, mykje meir enn fem grunnar i seg sjølve. Eg gler meg sjølvsagt til å sjå familien min, den nærmaste (i dei to husa eg vaks opp i: M, P, H, K, M&M) og dei nest-nærmaste. Eg gler meg til å sjå vennane mine, og til å berre kunne gå på Leirvik eller Fitjar og sjå mange kjente fjes!
- På Flesland, Bergen er det slik (for dei som ikkje kjenner det) at du ser folka som kjem frå flyet i eit glasvindu i etasjen over deg før du faktisk ser dei. Så må dei vente på bagasjen, så kjem dei ut. Eg gler meg til å stå der oppe i det glasvindauget, og sjå folka mine nedanfor. Åårh! Så mykje! Eg lurar på kven som kjem? Hanne Mari tippa: Mamma, pappa, Hanne, Kristian og Remi! :)
- Eg gler meg til å sjå alle eg er glad i heime! ALLE
- Eg gler meg til å sjå Hanne Mari og Gunn Tove sin humor i lag. Det er nok nokre nye ord ute å går! Gunn Tove har alltid nokre sære uttrykk ute å går. Aka "Fytti", "farvel", "adjø", osv.
2. Mat.
Typisk meg at det er nr. 2? Hahaha! Norsk mat = NAM! Noko australsk mat er betre, men ingenting, INGENTING slår "skjeva me leverpostei"!
3. Språk.
Okei, eg har ikkje problem med å snakke engelsk. Og eg snakkar og ein del norsk, bur med to nordmenn, og har mange norske vener. Men eg kan ikkje gå på kafé og bestille på norsk. Og ingen av nordmenna rundt meg snakkar i nærleiken av mi dialekt. Ingen bergensarar ein gang. Ein del rogalendingar, men frå Stavangerområdet, og vidare sør.
4. Norsk kultur.
a) Eg kjem ikkje til å måtte sei "How are you" utan å verkeleg bry meg om svaret. b) Folk set pris på risgaut. (Her gjer dei ikkje det. Bortsett frå Priska frå Indonesia. Eg har omvendt ho.) c) Norsk musikk på radioen. Tippar det blir litt mr. grand prix, men eg gledar meg til å høyre om alle dei nye folka som er store, eg. Når eg kom hit, snakka eg med nokre folk på Norwegian Connect som hadde vore her 1,5 år. Dei visste ikkje kven Mira Craig var!!
5) Norsk natur.
Eg flyr inn over Norge. Det er i juli, så det er blå himmel. Eg flyr inn over Bergen, og ser fjella og sjøen i fullkommen balanse. Eg tar ferga heim, sjøen er blå, nett som himmelen. Me er mellom Austevoll og Tysnes, med Fitjar i sikte.
Og eg sit på kaien på Leirvik og ser inn mot Kvinneheradsfjella. Guri land, betre enn forstads-Sydney!
3 kommentarer:
Haha, så skjønt innlegg!:) Eg og glede meg te du komme heim... Håpe ikkje eg må jobba når du komme, så eg kan vær me å henta deg <3
Min og Gunn Tove sin humor ja! Hahahaha.. Da e jo og nåke å gleda seg te:) Trur kje me har utvikla ordforråde vårt så veldig masse sio me såg deg, men da e kje godt å sei :p
Miss you!
Ps. Da første ordet du skreiv itte øveskrifto, da så va på engelsk, da skjønte eg kje:)
"1 grunn til hvorfor jeg gleder meg til at du kommer hjem til Norge"
Du kommer hjem
Pappa
:)
Så skjønt, pappa:)
Legg inn en kommentar