- Før eg for datt eg ned trappa. 4 trinn. Med kofferten min. Haha! Eg er framleis lilla. 10 dagar etterpå...
- Me landa i Hobart. Og tok taxi til hostellet vårt, The Pickled Frog. Ikkje så kult som det høyrtes ut som. Eg trur faktisk dei skuldar meg 10 dollar. Skal sende mail til dei. Lang historie.
- Så gjekk me til KFC. Også kalla Kentucky Fried Chicken, kyllingens svar på McDonalds. Min første gang der, noko som sjokkerte alle. Eg bør vel kanskje seie kven alle er. Meg, Carolin, Beth og Aynsley reiste saman.
- Hobart er hovudstaden i Tasmania med litt over 200 000 innbyggjarar. Til saman er det ca 500 000 i heile staten.
Onsdag:
- Me for frå Hobart til Launceston (den ant største byen) og stoppa i Richmond, Oatlands, Ross og Campbell Town.
- Me kjørte gjennom heile turen (frå onsdag) i ein campervan på same lengde som caravellen vår heime, og ca 2.8 meter høg.
- I Launceston besøkte me Carolin si venninne, og såg på ein nydeleg park rett utanfor byen.
- Richmond hadde ein SVÆR godteributikk. Love it!
(Eg trudde me lekte ku, Aynsley trudde me lekte modell)
Torsdag:
- Me for frå Launceston (nord) til Bicheno på østkysten. Stoppa i St Helens.
- Me kjørte på den mest svingete veien eg nokon sinne har sett. Kanskje. Heile veien sto det "anbefalt fart i neste sving: 25 km/t" Seriøst. Eller, ikkje på norsk, men... Så kom me plutseleg til eit utsiktspunkt med NYYYYDELEG utsikt.
- I Bicheno skulle me på pingvintur, masse pingvinar på Tasmania, men tydelegvis ikkje på denne tida av året, så me gadd ikkje.
- Eg forventa ikkje at alle småbyane skulle vere så... små? Det var mykje mindre enn Fitjar!!
Fredag:
- Me kjørte frå Bicheno via Coles Bay, til Hobart.
- Coles Bay var NYYYYYYDELEG. Me kjørte inn til Freicinet National Park, dei andre gjekk til Wine Glass Bay, eg vart igjen, for foten min var sår. Eg sat og leste C. S. Lewis på parkeringsplassen, der møtte me forresten ein Wallaby!! (Kenguru-liknande pungdyr)
- Me stoppa og på Kate's Berry Farm, og åt vaflar, is, scones og te (Eg åt ikkje alt det altså).
- Turen var vindfull, bilen var høg, eg kjørte, me fekk forskjellige vindar, og desse bruene gjorde det heller vanskeleg å køyre. Eg måtte holde 55 i ei 90-sone. Eg skapte kø, hahaha! Og i 110-sona på landevegen holdt eg 65. Huff og huff...
Eg klappa han, altså. Men han stakk.
Laurdag:
- Min nittande bursdag. Dagen vart feira i Hobart. Starta med pakkar frå heime og kake frå jentene, og eg vart spandert frukost på. Not bad!
- Me gjekk på Salamanca Market, og vandra rundt i byen. Både Hobart og Sydney har Elizabeth Street, dessverre ikkje etter meg, men kjekt likevel!
- Me kasta løv, og nytte hausten. I Sydney er alting evig grønt....
- Kvelden vart tilbringt med jentene, familien heime på telefonen, to eldre ektepar som gav gratis suppe på campingplassen, og filmkveld i bilen (som me og hadde dagen før. Trur me såg ein 5-6, kanskje 7 filmar medan me var der.
To be continued.....
4 kommentarer:
Det høres nå ut som dere har opplevd litt av hvert... Likte det med kua og modellen ....
Hvis byene var mindre enn Fitjar kan vi vel være enige om at de ikke er så store akkurat. Men Fitjar er jo en allright plass.
Vi har langfri til søndag - konfirmasjon til Sondre på søndag. Det blir kjekt!
Mamma: Ja, da har me! Hehe, ja :)
Fitjar e heller lite ja, så dei va små. Men her bur me spreidd, der budde alle samla.
Så koselig! Dåke må kosa dåke :)
Alltid kjekt å lese kommentarene dine, både del 1 og 2. Ser du er "snytt" av et hotell for 10 dollar. Leste på internett om noen nordmenn som var på et "hotell" på Tasmania. Billig overnatting. De kunne få frokostbuffe i tillegg for ca 5-10 dollar (husker ikke). Alle slo til på dette.
Neste morgen var det ingen betjening, men et fat med brød/knekkebrød og syltetøy (el.l.) og en lapp om at de bare måtte spise...
Her i Fitjar har vi våre små problemer med gullhjelmen som ikke blir godkjent som kommunevåpen.
– Dette er ikkje eit kommunevåpen, men eit kommunemerke, var kommentaren frå Knut Johannessen hos Riksarkivet.
Klikk på Pappa for del 1 av artikkelen. Fortsettelse følger i "Tasmania - DEL 2 av 2"
Eg skreiv email te hotellet, men har ikkje fått svar :S
Legg inn en kommentar