3. mai 2009

Facebookpause!

I dag er det 3. mai. Om 69 dagar er det 11. juli. I løpet av denne perioden skal eg klare meg utan facebook!

Akkurat no sit eg på kjøkkenet, og har snakka med dei eg bur med om det, og ærleg talt ingen trur eg skal klare det. Men eg trur på meg sjølv, og det er det som tel! Eg har klart sånne ting før, type ingen fravær siste året på vidaregåande (bortsett frå ein dag med glattkøyring), og eg veit at eg hatar å gi opp noko! Så me får sjå korleis det går!

No tenker du kanskje; kvifor skal ho ikkje ha facebook?
Mange grunnar!
  • Brian Houston snakka om noko som heiter 70 days of excel = noko type 70 dagar med utmerkelse, som han skal gjere. Det går ut på at du finn ein, to, tre eller mange svakhetar i livet ditt, som du vil gjere noko med. Eg har bestemt meg for å bli med han, og kutte facebook, gjere meir ut av tida mi, og nyte det! Eg gjer det 69 dagar, fordi eg reiser til Norge den 12, så då har eg dagen før til å innhente!
  • Viss eg kuttar facebook, så kjem eg kanskje a jour med alt skulearbeidet.
  • Viss eg kuttar facebook, så får eg meir tid til andre ting, som å gå tur, lage sunn middag i staden for kjapp middag, blogge, skype, være med vennar, osv!
Så det vert spanande å sjå korleis det går. Ønsk meg lykke til! Og om du har facebook, og føler for å sende meg ei melding; ikkje gjer det! Send meg ein email: elisabetgiske@gmail.com

PS! Eg og Hanne Mari, mi kjære søster snakka om korleis eg skriv fullt i engelske ord i kvar bloggpost. Så no har eg prøvd å fjerne dei fleste! Her er det eg fjerna: "Wish me luck", "joine", "catche opp" (eg fann ikkje det rette norske uttrykket her, så eg måtte bruke ordbok, haha! Sånn skjer når ein tenker på engelsk!), og "housemates". Norsken min går nedenom og heim altså! Skummelt!

PS2: Om du las mitt innlegg "Austens delikatesser", kunne du kanskje få inntrykk av at ein edderkopp er eit krypdyr. Det har eg no fått vite at det ikkje er. Eg har nemlig eit veldig smart søskenbarn, som meddelte denne nyttige informasjonen til mi søster. Og eg kan ikkje drive med vranglære. Så, no veit de forhåpentleg vis det! Hehehehe!

3 kommentarer:

Pappa sa...

Du overrasker, og det etter å ha fått meg og Remi på Facebook. Jeg er en ekstremt passiv facebookbruker, men du har vært ekstremt avhengig.

Du skriver "Ønsk meg lykke til".
Har lang erfaring i at du greier det du vil, så lykke til!

KEM TRUR DU!? sa...

Hahaha.. Ditta komme du ALDRI te å klara! Men lykke te:)
Helsing meg og Gunn Tove (Men Gunn Tove trur at du klare da) :)

Hanne Mari sa...

Da va meg altso