30. juni 2009
Trafikk og sånn.
Som mange av dykk kanskje veit, så har eg denne veka og forrige veke noko som heiter Intensives. DVS at tilsaman i laupet av åtte dagar (onsdagar har me college) skal eg ha 30 timars arbeid i eit eller anna i kyrkja. Eg har Street Teams, som er der eg tjener på laurdagar, der eg klypper plenar eller berre snakkar med folk, osv.
I alle fall, i dag skulle me møte klokka 10. Me kom klokka ti, halvparten vart sendt ut då, halvparten vart beden om å kome att klokka 11.30, fordi dama med skulle til var ikkje heime før seinare.
Så me kom tilbake klokka 11.30. Forlot kontoret (som forresten ligg i ein ishall, ja, me har ein ishall rett attmed kyrkja!!) ca klokka 12. Så gjekk med ned i eit "drive in"-lager. Fekk oss tilhengar (på bilen foran bilen eg var i) og putta grasklyppar, kantklyppar, diverse ting me trong, og ein LANG stige som hang ut av tilhengaren (festa, så klart). Festlig. Me leita etter stigen i evighetar, så me forlot staden ca klokka 12.45, kraftig forsinka.
Så kjørte me.
Okei, så vår "hovudveg" som me må ta for å kome oss nokon stad er Old Windsor Road. Etter ei stund går den inn i Cumberland Highway som og kjem frå høgre. Så viss nokon seier at du må kjøre på Cumberland, så kan du velge mellom å berre følge OWR inn på den og køyre nordover, eller å svinge til høgre på den sørliggåande Cumberland Highway. I vegskildingane sto det visstnok fortsett på Cumberland Highway, så me gjorde det me (eller bilen me fylgte).
Me visste ikkje kor me skulle ein gang, så me fylgte. Etter ei stund tok han av, for å berre ta ein usving å køyre tilbake, med u-svingte med han og følgte han. Så tok han av igjen, og køyrte til Hungry Jack's, som er Australia sin versjon av Burger King.
Me stoppa ved dei, og han sa at han ikkje visste heilt kor me skulle, og han dreiv med masse telefonar tilbake til kontoret for å spørre, men dei fant ikkje ut av det. I mens køyrte me gjennom drive through. God deal. Haha
Etterpå fant han ut han skulle fortsette på Cumberland, uten stor suksess. Me endte opp i noko som såg ut som bakhagen til Sydney. Ikkje særleg fint.
Så me fant ut me skulle køyre tilbake til kyrkja, me fant det rett og slett ikkje. På veg tilbake, såg han plutseleg skiltet til Cumberland Highway den andre vegen. Og etter å ha køyrt langt om lenge (ja, dette er eit folkeeventyr), og lengre enn langt kom me endeleg fram der me skulle...
Berre for å finne ut at dama ikkje var der, og me måtte returnere.
På veg tilbake satt me litt fast i trafikken, men me kom oss tilbake. Då hadde me sutte ca 3,5 timar i bil, på ein strekning som skulle tatt ca 20 minuttar kvar vei.
Og då me kom tilbake sa ledaren vår at dama hadde ringt til han ca 10 minuttar etter at me gjorde det og sagt at ho var sein, og på veg tilbake til huset. Så om me berre hadde vore 10 minutt seinare, så hadde me sikkert fått noko ut av dagen.
Men ho hadde i alle fall ikkje venta på oss i tre timar, då. Det ville vore gale.

24. juni 2009
Norske ting eg har "gått glipp av".
...Diverse bursdagar. Blant anna min (eg gjekk ikkje glipp av den, men eg gjekk glipp av norsk feiring), Malin, Kristian, Remi, og to av tantene mine sine 50-års dagar (sjølv om den eine kanskje kallar det 40, er ikkje sikker, eg).
... Heimepåske. Påsken var ikkje heilt det same her. Ingen påskekrim, blant anna.
... 17. mai. Ja, dagen kom, men ingenting skjedde på Tasmania. Eg hadde norsk flagg då, det er då noko.
... Sankt Hans. I min familie er dette ein tradisjon. Me samlast heile slekta på Fitjar (min fam, mormor og morfar, søskenbarn om dei er her, mormor si søster, og hennar barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn.
Så et me rømmegraut og griller. Eg ELSKER rømmegrauten på St. Hans. Det er den einaste gangen i året me lagar den "skikkeleg". (Ikkje pakke.) Herleg! (Med "me" meiner eg alle andre enn meg.
Og her. Ingenting.
Eg spurte mamma om ho kunne spara litt graut, men den held seg visstnok ikkje i tre veker. Merkeleg. Haha!
Jepp, du leste rett. Tre veker. Minus to dagar. Erlik 19 dagar. Og 18 til eg reiser. Sjukt? I KNOW!
Merkeleg korleis bloggane mine alltid utviklar seg til noko eg ikkje skulle skriva om då eg byrja. No fekk eg lyst til å adde nokre bilete. Litt nye, litt gamle, alle frå mobilen min. Nokre for å fanga eit morosamt augeblikk, andre fordi eg keia meg... Det skjer.

Dette var eit augneblikk. Salg av den nye Hilsong United-cd'en. Erica sel, Aynsley og Angelika, Carolin sin venn kjøper. Good times, good times!
Haha! RANDOM! Dette er naboen min, Aris frå Hellas. Og dette er og Carolin sitt bilete. På mobilen. Fordi det er så festleg (nynorsk for morsomt? Haha!). Og eg tok altså bilete av hennar bilete. Ja, nettopp. Tilfeldig moro!
... Heimepåske. Påsken var ikkje heilt det same her. Ingen påskekrim, blant anna.
... 17. mai. Ja, dagen kom, men ingenting skjedde på Tasmania. Eg hadde norsk flagg då, det er då noko.
... Sankt Hans. I min familie er dette ein tradisjon. Me samlast heile slekta på Fitjar (min fam, mormor og morfar, søskenbarn om dei er her, mormor si søster, og hennar barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn.
Så et me rømmegraut og griller. Eg ELSKER rømmegrauten på St. Hans. Det er den einaste gangen i året me lagar den "skikkeleg". (Ikkje pakke.) Herleg! (Med "me" meiner eg alle andre enn meg.
Og her. Ingenting.
Eg spurte mamma om ho kunne spara litt graut, men den held seg visstnok ikkje i tre veker. Merkeleg. Haha!
Jepp, du leste rett. Tre veker. Minus to dagar. Erlik 19 dagar. Og 18 til eg reiser. Sjukt? I KNOW!
Merkeleg korleis bloggane mine alltid utviklar seg til noko eg ikkje skulle skriva om då eg byrja. No fekk eg lyst til å adde nokre bilete. Litt nye, litt gamle, alle frå mobilen min. Nokre for å fanga eit morosamt augeblikk, andre fordi eg keia meg... Det skjer.

Dette var eit augneblikk. Salg av den nye Hilsong United-cd'en. Erica sel, Aynsley og Angelika, Carolin sin venn kjøper. Good times, good times!

23. juni 2009
Norge, verdens sentrum?
I dag har me hatt ein carpet-cleanar (teppevaskar) i huset. Han kom klokka 11, og for klokka 18. (Jepp, 18. 6PM. Seint.) Grunnen til det var at etter han var ferdig sto han og snakka med oss på kjøkkenet i ca ein time. Og før han byrja gjorde han det same, trur eg.
Ja, han likte å snakka. Han var frå Austerrike/Canada, og snakka om kor nydeleg Canada var. Så spurte han kor eg var frå, eg sa Norge, og han spurte "kvifor har alle europearane her amerikansk aksent". Det var andre gongen nokon sa det til meg I DAG. Men ingen av amerikanarane er einige med dei. Greit det, eg vil ha australsk aksent eg. Men den er vanskeleg.
I alle fall, tilbake til mannen, så sa han "joda, Norge er fint det, men British Columbia [i Canada] er mykje finare." "Ja, det kan godt være," sa eg, "kor i Norge har du vore?" "Å", sa han, "nei, eg har berre sett Norge på bilete."
Og det fekk meg til å tenke. Alle har eit eller anna bilete inne i hovudet sitt av Norge. Nokre ser fjordar, nokre ser fjell, nokre ser berre snø, snø, snø, andre ser berre land, ingen hus og ingen byar (mest svenskar), og nokre ser isbjørnar i gatene. (Mest amerikanarar, haha, neida. SPØK!) Men folk veit ikkje eigentleg korleis det er her.
Eg seier eg bur på ei øy, og alle tenker, wow, lurer på om dei har bilar eller ikkje. Ingen veit korleis det er.
Og dette får meg igjen til å tenke på kva "fordommar" eg har mot andre land. Kven trudde det skulle bli kaldt i Australia? Ikkje eg, for sure!
Og "alle nordmenn" trur amerikanarar er dumme. Etter å ha budd med ei i over 5 månadar kan eg motbevise det. Ok, dei har nok nokre manglar i geografien, og er litt sjølvsentrerte. Men kor mange nordmenn kan plassere Zambia på eit afrikakart? Ikkje eg. Og kor mange nordmenn forventar at ein Zambiar skal kunne plassere Norge på eit kart? Skjønnar du kva eg meiner?
Poenget mitt er. Me har lett for å dømme andre kulturar fordi me ikkje forstår dei. Eg har lett for å dømme. Om nokre pratar dårlig norsk (utanlandske arbeidarar t.d) har eg lett for å sjå dei som mindre smarte enn meg. Men pratar eg polsk? Nei, nettopp.
Her er nokre fakta:
Eg veit ikkje korleis eg enda opp her, jo, det var den mannen som snakka, ja.
Ja, etter at han var gått sa Aynsley til meg "Hey, han tar feil altså. Norge er mykje vakrare enn British Columbia." "Å", sa eg, "korleis veit du det, du har jo ikkje vore der du heller?" "Nei", sa ho, "men eg har sett bilete."

- Alle amerikanarar er ikkje tjukke. Men dei fleste er faktisk høglytte. Ikkje Erica, men.
- Asiatar er kule og pene. Og morosame. I alle fall dei eg har møtt.
- Det blir kaldt i Australia, og det kan komme SNØ lengre sør.
- Norge er ikkje sentrum i verda. Me er faktisk ganske langt i fra.
- Alle tyskarar er ikkje harry, har ikkje møtt ein einaste harry tyskar.
- Alle afrikanarar er ikkje mørke. Eg bur med ei kvit ei. Og, ja, ho er født i Afrika, det same er foreldra.
- Livet er herleg.
Eg veit ikkje korleis eg enda opp her, jo, det var den mannen som snakka, ja.
Ja, etter at han var gått sa Aynsley til meg "Hey, han tar feil altså. Norge er mykje vakrare enn British Columbia." "Å", sa eg, "korleis veit du det, du har jo ikkje vore der du heller?" "Nei", sa ho, "men eg har sett bilete."
17. juni 2009
Hillsong Conference
På Colour i mars gjorde eg Meeting place, som var kjekt, men utfordrande.
Eg siterer frå bloggen min etter konferansen:
"Min jobb var Meeting Place og New Christians (NC til høgre). Det var veldig kjekt :) Meeting Place var for dei som var på Colour aleine, og eg møtte mange kjekke damer, og nokre litt spesielle. Blant anna Jane, som tok opp tennisballen når ho ikkje visste kva ho skulle seie. Dag 2 heitte ho forresten Samantha, og dag 3 var det Lula-Belle."
Meeting place var utfordrande, fordi eg måtte få meg til å snakke med folk eg ikkje kjente, noko som gjorde at eg måtte utfordre meg sjølve. Men det var ærleg talt den beste jobben på heile konferansen. (Nesten...)
Så for denne konferansen rekna eg med at eg kom til å få ein "dårleg" jobb, f.eks å vaske toalett eller liknande. Men neida. Her gjev dei meg ein ny pratejobb, og eg må seie eg trur det er den aller, aller beste jobben som er.
Guest relations.
Eg veit kva du tenker, eller eg kan i alle fall gjette.
Du seier "seriøst, så konge!!" Ikkje sant?? Nei?? Nei, eg trudde eigentleg ikkje det.
Du tenker nok "javel, og kva betyr eigentleg det?" Ikkje sant? Ja, var det eg trudde.
Guest relations betyr "gjesteforbindelser". Så eg skal henge med gjestene. Og gjestene er ikkje deltakarane, nei, det er talarane. Som til dømes Louie Giglio (http://www.youtube.com/watch?v=ewKtSKbWZUI, om du ikkje har sett den, sjå den!), Joel Osteen (http://no.wikipedia.org/wiki/Joel_Osteen) og Israel Houghton som eg skreiv innlegg om for eit par dagar sidan. Eg veit ikkje kven eg får "henge" med, men eg kan love deg at forventningane til konferansen er skyhøge her i garden.
Ellers så har eg hatt ein fantastisk dag. Har hatt to ledande lovsangsledarar til lærarar i to forskjellige klassar, og har hatt ein klasse og eitt Powerhousemøte om "Relationships" - forhold. Og det var knallbra!

15. juni 2009
Det føles litt som advent.
Tre grunnar:
1. Det vert kaldare og kaldare og kaldare osv. Det er kanskje som mai eller desember heime, men det er kaldt om kveldane, og uisolerte veggar. Slik at det er i teorien (nesten) like kaldt inne og ute.
2. Det er snart jul. Hæ, seier du? Ja, seier eg. Det er det. Det er nemleg ein del folk som skal ha "Christmas in July"-festar. Ikkje veit eg kvifor, men det er no sånn det er.
3. Eg tel ned til noko. Om 27 dagar reiser eg herifrå, om 28 dagar er eg heime!! Det blir så bra!!
Og tida kjem til å fyke. Dette er den siste veka med vanlig skule, så er det to veker med intensives (mistenkar at me ikkje kjem til å måtte gjere så mykje der), og så ei veke med conference!
PS: No har eg vore 43 dagar (/6 veker) utan facebook. Av 69. Bra jobba Liss.

Etiketter:
70 days of excel,
70 days to excel,
advent,
facebook,
ferie,
heim,
jul,
kaldt,
nedtelling,
pakke,
q,
reise
12. juni 2009
Glede.
Kva er glede?
Vil du vite definisjonen?
Okei. Her er den:
Å finne ut at eg kan være ei EKSTRA veke - 7 dagar - heime i Norge i juli, og at billetten kan verte endra - GRATIS! -
Takk JESUS!
(Og pappa, som gjorde jobben, og svensken som han prata med!)

11. juni 2009
Eg er sjuk...
Eg hatar å være sjuk. Hatar å være vekke frå skulen. Men i dag er eg det.
Så dagen har til no gått i å sove til 12.30, stå opp, ete frukost, og ser no på film/er på nettet. Så tenkte eg eg skulle ta meg eit VARMT bad, for eg må bli bra til i kveld, skal på connect leader's training. :)
Så eg håpar eg vert betre...
Ellers er ståa bra. Om ein månad og to dagar er eg i NORGE!! Gler meg kjempemykje!
Klem til alle som vil ha.

8. juni 2009
6. juni 2009
Eg fekk nettopp ein ny dimensjon inn i livet mitt.
Djupt seriøst.
Eg høyrte nettopp ein song for første gang. Og eg har frysningar. Over heile meg.
Seriøst.
Kanskje det berre er meg, og kanskje det berre er fordi eg ikkje hadde høyrt den før, og ikkje forventa mykje, noko eg veit dykk kjem til å gjere no. Fy meg.
Men den heiter "My Tribute" av Israel Houghton og Lakewood Church. Og det beste av alt? Dei kjem til Hillsong Conference!!
Teksten står attmed.
http://www.youtube.com/watch?v=y6RGew_fnqQ&feature=related

4. juni 2009
Ting du ikkje visste..
Okei, eg har ikkje sjekka alle, så det er nok litt usanne ting her, men pytt pytt.
Folk:
- Den 3. august 1970 klarte Mairiam Hargrave frå Yorkshire, oppkøyringa etter 40 forsøk.
- I ei undersøking i 1988 trudde 13 % av amerikanarar at delar av Månen var laga av ost.
- I Miss USA i 1994 fekk Miss Alabama spørsmål om ho ville leve evig. Ho svara dette:
”Eg ville ikkje ha levd evig, fordi me bør ikkje leve evig, fordi om det var meininga at me skulle leve evig, så ville me leve evig, men me kan ikkje leve evig, som er grunnen til at eg ikkje vil leve evig.”
Sjølvsagt sa ho det ikkje på nynorsk, ho sa:
"I would not live forever, because we should not live forever, because if we were ever supposed to live forever, then we would live forever, but we cannot live forever, which is why I would not live forever." - Justin Timberlake sin halvetne toast vart solgt for over 3000 amerikanske dollar på eBay.
- 22 prosent av tvillingar er venstrehendte, mot under 10 prosent av ikkje-tvillingar.
- 12 % av menn bruker aldri blinklysa sine.
- 33 % av kvinner lyg om vekta si.
- 58 % av kvinner lakkar neglene sine regelmessig
- 30 % av amerikanske kvinner fargar håret.
- 69 % av oss (inkludert meg) et kaka før dei et glasuren.
- 58,4 % av oss har tatt ein sjukedag frå jobben når dei ikkje var sjuke.
Geografi:
- På 60 grader sør, kan du seile rundt jorda utan å møte land.
- Uansett kor du er i staten Michigan, er du aldri meir enn 155 km frå ein av dei store sjøane (the great lakes)
- Det er visstnok meir enn 60 byar i USA som har ordet turkey (kalkun) i namnet.
- I London vert ein gjennomsnittlig turist fanga på overvakingskamera 300 gonger om dagen.
Dyreliv
- Esel drep i gjennomsnitt fleire folk årleg enn flyturar gjer.
- Elefantar er dei einaste dyra som ikkje kan hoppe.
- Det eine auget til ein struts er større enn hjernen hans.
- Ein kakerlakk kan leve i ni dagar utan hovud, før den døyr av svolt. DIFOR sprayar me dei!
- Isbjørnar er venstrehendte.
- Maurar kan løfte 50 gangar si eiga vekt, kan dra 30 gangar si eiga vekt og fell alltid over til høgre når den er forgifta.
- Krokodillen kan ikkje stikke ut tunga si. Derfor må du stikke inn handa…
Anna:
- Nokre vitskapsmenn meiner at intelligente menneske har meir sink og koppar i håret sitt enn andre.
- Fallande kokosnøtter drep fleire menneske enn haiangrep gjer. Fallande kokosnøtter drep 150 menneske årleg, haiangrep drep omlag 10.
- I Thailand har dei eit uttrykk som seier ”Du treng ikkje bekymre deg for fallande kokosnøtter, for kokosnøtter har auger.”
- Temperaturen i ein flamme er lågast nedst, der den er tent, og høgast nær toppen.
- I Japan heiter McDonald’s ”Makudonarudo”
- Kvar konge i ein kortstokk representerer ein historisk konge: Ruter = Cæsar, spar = David, hjerter = Karl den store, Kløver = Alexander den store
- Kvar gang du slikkar eit frimerke brukar du ein tidel av ein kalori.
- 22 % av alle restaurantmåltid inneheld pommes frites.
- Bibelen, den mest solgte boka i verda er og den mest stjelte boka i verda.
- Om du gjer om på bokstavane i orda "Eleven plus two" får du "Twelve plus one".
Fann du noko du ikkje visste?
1. juni 2009
Eg er i Norge neste månad!
I dag er det mandag. Eg har no vore i Australia i 19 veker og 3 dagar. Eller 136 dagar. Det er ganske lenge. Over 1/3 av eit heilt år.
Men no gjenstår det ca 6 veker eller 42 dagar før eg er i La Norvège igjen. Og guri kor fort det kjem til å gå.
Fordi.
I dag byrjar den tredje siste veka med vanlig skule. Etter desse tre vekene er det to veker med intensivfag, og den siste veka før eg reiser heim er det Hillsong Conference. Det er den største hendinga på Hillsong i løpet av eit år, her kjem det ca 20'000 personar trur eg. Og alle collegestudentar skal jobbe der. Så det vert KJEKT! :) Gledar meg.
Konferansen sluttar på fredagen (10.). Eg skal SOOOOOVE på laurdagen (11.) (og sjekke facebook igjen), reiser heim på søndagen (12.). Er heime på mandagen (13.) . Er heime ei veke. Reiser tilbake på tirsdagen (21.). Er i Sydney på onsdagen (22.). Byrjar igjen på torsdagen (23.).
Så det vert ein intens ferie... Men vel verdt det. Håpar berre det er ein god, norsk, sommar. For her er det kaldt.
Håpar alle flotte folk heime har det fint! Gler meg til å sjå dykk ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)