17. juni 2009

Hillsong Conference

På Colour i mars gjorde eg Meeting place, som var kjekt, men utfordrande.
Eg siterer frå bloggen min etter konferansen:

"Min jobb var Meeting Place og New Christians (NC til høgre). Det var veldig kjekt :) Meeting Place var for dei som var på Colour aleine, og eg møtte mange kjekke damer, og nokre litt spesielle. Blant anna Jane, som tok opp tennisballen når ho ikkje visste kva ho skulle seie. Dag 2 heitte ho forresten Samantha, og dag 3 var det Lula-Belle."

Meeting place var utfordrande, fordi eg måtte få meg til å snakke med folk eg ikkje kjente, noko som gjorde at eg måtte utfordre meg sjølve. Men det var ærleg talt den beste jobben på heile konferansen. (Nesten...)

Så for denne konferansen rekna eg med at eg kom til å få ein "dårleg" jobb, f.eks å vaske toalett eller liknande. Men neida. Her gjev dei meg ein ny pratejobb, og eg må seie eg trur det er den aller, aller beste jobben som er.

Guest relations.

Eg veit kva du tenker, eller eg kan i alle fall gjette.
Du seier "seriøst, så konge!!" Ikkje sant?? Nei?? Nei, eg trudde eigentleg ikkje det.
Du tenker nok "javel, og kva betyr eigentleg det?" Ikkje sant? Ja, var det eg trudde.

Guest relations betyr "gjesteforbindelser". Så eg skal henge med gjestene. Og gjestene er ikkje deltakarane, nei, det er talarane. Som til dømes Louie Giglio (http://www.youtube.com/watch?v=ewKtSKbWZUI, om du ikkje har sett den, sjå den!), Joel Osteen (http://no.wikipedia.org/wiki/Joel_Osteen) og Israel Houghton som eg skreiv innlegg om for eit par dagar sidan. Eg veit ikkje kven eg får "henge" med, men eg kan love deg at forventningane til konferansen er skyhøge her i garden.

Ellers så har eg hatt ein fantastisk dag. Har hatt to ledande lovsangsledarar til lærarar i to forskjellige klassar, og har hatt ein klasse og eitt Powerhousemøte om "Relationships" - forhold. Og det var knallbra!

3 kommentarer:

Hanne M sa...

OOOOooooOO! Lucky you:) Nyt da då!

Pappa sa...

Oi-oi-oi-oi!!

Dette virker herrrrlig Elisabet! Gratulerer. Spent på fortsettelsen.

Elisabet sa...

Ja dette blir bra folkens! Haha