Ja, han likte å snakka. Han var frå Austerrike/Canada, og snakka om kor nydeleg Canada var. Så spurte han kor eg var frå, eg sa Norge, og han spurte "kvifor har alle europearane her amerikansk aksent". Det var andre gongen nokon sa det til meg I DAG. Men ingen av amerikanarane er einige med dei. Greit det, eg vil ha australsk aksent eg. Men den er vanskeleg.
I alle fall, tilbake til mannen, så sa han "joda, Norge er fint det, men British Columbia [i Canada] er mykje finare." "Ja, det kan godt være," sa eg, "kor i Norge har du vore?" "Å", sa han, "nei, eg har berre sett Norge på bilete."
Og det fekk meg til å tenke. Alle har eit eller anna bilete inne i hovudet sitt av Norge. Nokre ser fjordar, nokre ser fjell, nokre ser berre snø, snø, snø, andre ser berre land, ingen hus og ingen byar (mest svenskar), og nokre ser isbjørnar i gatene. (Mest amerikanarar, haha, neida. SPØK!) Men folk veit ikkje eigentleg korleis det er her.
Eg seier eg bur på ei øy, og alle tenker, wow, lurer på om dei har bilar eller ikkje. Ingen veit korleis det er.
Og dette får meg igjen til å tenke på kva "fordommar" eg har mot andre land. Kven trudde det skulle bli kaldt i Australia? Ikkje eg, for sure!
Og "alle nordmenn" trur amerikanarar er dumme. Etter å ha budd med ei i over 5 månadar kan eg motbevise det. Ok, dei har nok nokre manglar i geografien, og er litt sjølvsentrerte. Men kor mange nordmenn kan plassere Zambia på eit afrikakart? Ikkje eg. Og kor mange nordmenn forventar at ein Zambiar skal kunne plassere Norge på eit kart? Skjønnar du kva eg meiner?
Poenget mitt er. Me har lett for å dømme andre kulturar fordi me ikkje forstår dei. Eg har lett for å dømme. Om nokre pratar dårlig norsk (utanlandske arbeidarar t.d) har eg lett for å sjå dei som mindre smarte enn meg. Men pratar eg polsk? Nei, nettopp.
Her er nokre fakta:
- Alle amerikanarar er ikkje tjukke. Men dei fleste er faktisk høglytte. Ikkje Erica, men.
- Asiatar er kule og pene. Og morosame. I alle fall dei eg har møtt.
- Det blir kaldt i Australia, og det kan komme SNØ lengre sør.
- Norge er ikkje sentrum i verda. Me er faktisk ganske langt i fra.
- Alle tyskarar er ikkje harry, har ikkje møtt ein einaste harry tyskar.
- Alle afrikanarar er ikkje mørke. Eg bur med ei kvit ei. Og, ja, ho er født i Afrika, det same er foreldra.
- Livet er herleg.
Eg veit ikkje korleis eg enda opp her, jo, det var den mannen som snakka, ja.
Ja, etter at han var gått sa Aynsley til meg "Hey, han tar feil altså. Norge er mykje vakrare enn British Columbia." "Å", sa eg, "korleis veit du det, du har jo ikkje vore der du heller?" "Nei", sa ho, "men eg har sett bilete."
2 kommentarer:
Vi må vel kanskje innse at Norge ikke er verdens sentrum... Men vi har iallfall et flott land!
Om 3 uker så er du her. Litt utrolig. Men vi gleder oss veldig!
Har feira Sankt Hans med Sveinung og de som vi pleier. Koselig - med hjemmelaga rømmegrøt som eg og Anne Brit laga!!
Klem fra meg
Og grøten (med nye kokker for året) var nydelig :)
!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
!!! Velkommen hjem, gleeeeder meg !!!
!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Legg inn en kommentar