Folk:
- Den 3. august 1970 klarte Mairiam Hargrave frå Yorkshire, oppkøyringa etter 40 forsøk.
- I ei undersøking i 1988 trudde 13 % av amerikanarar at delar av Månen var laga av ost.
- I Miss USA i 1994 fekk Miss Alabama spørsmål om ho ville leve evig. Ho svara dette:
”Eg ville ikkje ha levd evig, fordi me bør ikkje leve evig, fordi om det var meininga at me skulle leve evig, så ville me leve evig, men me kan ikkje leve evig, som er grunnen til at eg ikkje vil leve evig.”
Sjølvsagt sa ho det ikkje på nynorsk, ho sa:
"I would not live forever, because we should not live forever, because if we were ever supposed to live forever, then we would live forever, but we cannot live forever, which is why I would not live forever." - Justin Timberlake sin halvetne toast vart solgt for over 3000 amerikanske dollar på eBay.
- 22 prosent av tvillingar er venstrehendte, mot under 10 prosent av ikkje-tvillingar.
- 12 % av menn bruker aldri blinklysa sine.
- 33 % av kvinner lyg om vekta si.
- 58 % av kvinner lakkar neglene sine regelmessig
- 30 % av amerikanske kvinner fargar håret.
- 69 % av oss (inkludert meg) et kaka før dei et glasuren.
- 58,4 % av oss har tatt ein sjukedag frå jobben når dei ikkje var sjuke.
Geografi:
- På 60 grader sør, kan du seile rundt jorda utan å møte land.
- Uansett kor du er i staten Michigan, er du aldri meir enn 155 km frå ein av dei store sjøane (the great lakes)
- Det er visstnok meir enn 60 byar i USA som har ordet turkey (kalkun) i namnet.
- I London vert ein gjennomsnittlig turist fanga på overvakingskamera 300 gonger om dagen.
Dyreliv
- Esel drep i gjennomsnitt fleire folk årleg enn flyturar gjer.
- Elefantar er dei einaste dyra som ikkje kan hoppe.
- Det eine auget til ein struts er større enn hjernen hans.
- Ein kakerlakk kan leve i ni dagar utan hovud, før den døyr av svolt. DIFOR sprayar me dei!
- Isbjørnar er venstrehendte.
- Maurar kan løfte 50 gangar si eiga vekt, kan dra 30 gangar si eiga vekt og fell alltid over til høgre når den er forgifta.
- Krokodillen kan ikkje stikke ut tunga si. Derfor må du stikke inn handa…
Anna:
- Nokre vitskapsmenn meiner at intelligente menneske har meir sink og koppar i håret sitt enn andre.
- Fallande kokosnøtter drep fleire menneske enn haiangrep gjer. Fallande kokosnøtter drep 150 menneske årleg, haiangrep drep omlag 10.
- I Thailand har dei eit uttrykk som seier ”Du treng ikkje bekymre deg for fallande kokosnøtter, for kokosnøtter har auger.”
- Temperaturen i ein flamme er lågast nedst, der den er tent, og høgast nær toppen.
- I Japan heiter McDonald’s ”Makudonarudo”
- Kvar konge i ein kortstokk representerer ein historisk konge: Ruter = Cæsar, spar = David, hjerter = Karl den store, Kløver = Alexander den store
- Kvar gang du slikkar eit frimerke brukar du ein tidel av ein kalori.
- 22 % av alle restaurantmåltid inneheld pommes frites.
- Bibelen, den mest solgte boka i verda er og den mest stjelte boka i verda.
- Om du gjer om på bokstavane i orda "Eleven plus two" får du "Twelve plus one".
Fann du noko du ikkje visste?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar