Så eg sa at det skulle eg gjere.
Og det har eg gjort.
Tenkte berre eg skulle sende ein liten update på kva eg har gjort i veka som var. Små ting og store ting.
- Onsdag og torsdag hadde me Healthy Home seminar med kyrkja. Onsdag kveld snakka doktor Robi Sonderegger og barneoppdragelse og litt anna. Torsdag snakka John og Helen Burns om ekteskap men og om forskjellen på kvinner og menn sin hjerne - lærte utruleg mykje!
- Tirsdag var eg i den lokale videobutikken og fann ein film eg har savna. så eg kjøpte den. Og eg elsker den. Det er den ultimate romantiske komedie. Ever made. Og utrulig morsom. Kva for ein film? NOTTING HILL!!! <3
- Søndag var eg som vanleg i koret - og eg har vendt meg til å stå opp klokka 05.30. Seriøst. Eg la meg ca rundt midnatt og eg hadde ingen problemar med å stå opp. At all. Men eg hadde problem med å halde meg vaken om kvelden. hehehe.
- I dag laga eg (igjen) heimalaga kjøttkaker, og dei vart veldig gode. I tillegg hadde eg heimalaga potetstappe. Og på ein eller anna måte klarte eg (igjen) å ta for mykje pepar i den. Forrige gang øydela det heile middagen, så denne gangen sa eg til Erica at ho måtte google "what do you do when you have too much pepper" og alle sidene sa at eg ikkje kunne gjere noko med det. Før til slutt ein sa ta i litt sitronjuice eller saft frå ei sitron. Og eg opna kjøleskapet og fann - sitronjuice. På flaske. Skjønar ikkje kvifor nokon vil ha det. Men eg tok det i potetstappa - og det funka! Så middagen var kjempegod.
- Søndag kveld (i går) feira me Margrethe sin bursdag. Som sagt hadde eg problem med å halde meg vaken, men det var veldig kjekt altså. Eg laga norske skulebollar! Og det beste var at det ikkje var i vårt hus, så me slapp å rydde etterpå, hahaha. Ho feira nemleg med Kirsten fra Sør-Afrika og Lisa frå Sverige. Hej hej.
- Og i dag gjorde eg tre assessments. Hurra!!
- Forresten, på laurdag hadde me Norwegian connect. Og eg fann ut at verda var liten:
- Ein person kjente ei eg kjenner frå Fitjar.
- Ein anna person kjente ein slektning av meg i Ålesundsområdet.
- Ein anna person hadde kjærast med hytte på Fitjar, gjekk i samme barnehage som Remi (mi søsters kjærast) og budde på samme stad som Malin søskenbarn og hennar familie.
:)
God natt vakre nordmenn!