6. september 2009

Ein dag på skulen

Fredag er ein fin dag. Då har me kun musikkfag. Dette rimte ikkje med vilje.
Tenkte eg kunne leggje ut litt bilete så dykk ser litt korleis det er.



Dagen byrjar med eit sunt stolkappløp. Her ser du Darren (venstre) rett etter at han har velta stolen i kappløpet. Her har han nettopp fått brillene på seg igjen, dei datt nemleg på gulvet. I lilla står Aynsley og ler. Til høgre er Sam som Darren kappa med. I bakgrunnen i raudt tar Caleb eit hopp på sparkesykkelen.



Her har me hoppa inn i meir seriøse saker, sjølv om det kanskje ikkje ser heilt slik ut. Me er på internettsida 8notes.com, og testar oss sjølve. Me må finne ut kva notar som er med i akkorden me høyrer, og det er ganske høglytt rundt oss, så me lener oss inn for å finne ut av det. Dette er meg og Vanessa (caps). Til venstre er Sue.



Her har eg, Vanessa og Aynsley funne oss eit piano. Vanessa og Aynsley øvar på stemmene dei skal synge, dei er nemleg bakgrunnsvokalistane på sangen eg skal framføre.



Dette er inngangsfoajéen til Hillsong kyrkje. Eg veit ikkje om du skriv foajé slik, men eg satsar på det. Den er veldig fin. Men det var her eg og Vanessa prøvde å høyre frå PC'en vår noko som kan være litt vanskeleg.


Her er deler av bandet eg skal framføre med. Dei to vokalistane er Matt (venstre) og Sam (høgre). Dei skal og framføre med dette bandet. På gitar nærast kameraet er David. På gitar nærast heisen er Matthews. I tillegg har me David på piano, Alex på trommer og Will på bass. Flinke folk! Dei imponerer!!

4 kommentarer:

Pappa sa...

Hei Elisabet

Kjekt å lese, ser ut som om du fortsatt har det gøy!

Kan glede deg med at du har vunnet på basaren på Huglo, en stor duk fra Rusland :)

Det var basar for Vyborghjelpen i går. Se info om Vyborghjelpen ved å klikke på Pappa, eller annen info på www.vyborghjelpen.no

(Hvis ikke linken virker, så må du kopiere det til adesselinja)

Pappa sa...

Fitjarposten har lagt ut 2 bilder av Kristian.

Han/vi sitter på første benk. På det nederste bildet er han på vei til å få konfirmasjonsbibelen, som den første av konfirmantene. Mamma følger ned trappa, og jeg har flyttet meg en benk bak for å ta bilde. Ante ikke at Håkon stod på galleriet og tok bilde samtidig...

Han er ikke med på det øverste bildet.

Klikk på Pappa, så kommer du til Fitjarposten :)

Unknown sa...

Rusland faktisk, pappa:)

Da såg veldig fint ut der, E! Og da ser ut så dåke har da bra ;) Glede meg te å sjå filmen når du synge :D

Elisabet sa...

Hei Pappa! yeey! Har alltid ønska meg ein duk fra Rusland... Haha! :) Nei, men da va hyggelig :) Pass på an te eg komme heim då dåke ;)

Så kjekt med bilde av Kristian og konfirmantar og alt! Hyggelig å sjå. Satse på da va ein fin dag då ;)

Takk H! Ja, me har da bra! Glede meg te å synga. Og grue meg litt :)