Med få ord: Livet er travelt.
Med mange ord:
For eit par veker sidan byrja internetten min å leke seg.
Eg måtte holde den på ein spesiell måte for å få den til å funke, og når eg glapp så kobla eg frå internett. Noko som var ganske frustrerande.
Så forrige veke på torsdag etter skulen for eg med buss til Parramatta (25 minutt busstur) og så leverte eg den inn til reparering, og dei sa den skulle vere ferdig fredag eller mandag og at dei skulle ringe meg, og om dei ikkje hadde ringt kunne eg ringe dei på tirsdag.
Fredag gjekk, mandag gjekk og ingen ringte.
Mandag hadde eg tre assessments som skulle inn, korav ein av dei trong internett for å researche, som det heiter på godt norsk. Men takka være mine herlege venner og housemates Erica og Aynsley som lånte meg internett fekk eg gjort jobben min. OG sett ein ny episode av Criminal Minds. Og gått til National Connect Leader's Meeting. Fordi eg er ny leder av norsk connect, hurra :)
Tirsdag kom og eg tenkte eg skulle ringe, men eg innsåg at sjølv om eg ringte ville eg ikkje hatt tid til å dra inn.
Eg hadde skule frå 10.15 til 16.20, så hadde eg cleaning teams frå 16.30 til 17.45, så ga eg respons på Carolin sin dans frå 17.50 til 18.00, og åt med Lydia frå 18 til 19, og hadde Leadership Vision Night (møte om kyrkja og kva nye prosjekt som er på gang osv, 4 gonger i året) frå 19.30 til 21. Travelt
Onsdag fann eg ut at eg skulle dra inn, så etter college frå 10.15 til 16.30 gjekk eg til bussen. Den gjekk 16.50, var i Parramatta ca 17.20, butikken stengte 17.30, så eg sprang (tipper det er ein 7-8 minutter å gå frå bussen) og rakk akkurat å hente den. Så gjekk eg rett tilbake til college for å være på Powerhouse leaders meeting klokka 18.45.
Men når eg satte internetten inn sa den "no sim card detected". Dei hadde gløymt å ta med sim-kortet mitt. Frustrert? Ohjess!!
Så i dag hadde eg Sisterhood frå 8.45 til 12, så for eg og Imogen, ei god venninne til den næraste three-butikken (paramatta-butikken er der dei reparerer) og fekk meg eit nytt simkort, og kom tilbake klokka 12.55, neste time var 13.00.
Så var eg ferdig klokka 15.15, og for heim, registrerte sim-kortet, og no driv eg å oppdaterer alt eg ikkje har oppdatert på lenge!
I kveld har eg ein jente/lederkveld. Som eg gler meg til, men som samtidig er ein del av travelheten i veka mi. Men det er ein ganske viktig kveld, så eg vil absolutt gå.
I morga har eg college og Imogen sin bursdag, og laurdag har eg Street Teams, men eg kjem nok ikkje til å gå fordi eg har sju assessments som skal inn på mandag/tirsdag og ein eksamen på tirsdag (nei, det er ikkje så travelt som det høyres ut som, dei fleste assessmentsene er ganske lette).
Og søndag er det kyrkje og del ein av vår albuminnspeling.
Neste veke er det
- 5 assessments på mandag,
- to assessments og ein eksamen på tirsdag,
- verdenspremiere på ein film kalt iHeart på onsdag i USA som er laga av Hillsong og me skal være med på ein link og vinke til alle i dei over 500 kinoane som viser den i USA og Canada (høyres det lite ut? Vel, i heile Australia er det berre 120 kinoar. Sikkert ikkje fleire i Norge.) Blir så bra. Om den kjem til Norge kjem eg til å tvinge alle dykk til å sjå den. Den er i Australia 18. november. Kom å sjå, hahahah!
- Vanlig dag torsdag.
- Men's Conference fredag og laurdag. (Der skal eg tjene i "New Christians", gleder meg.)
- Og albuminnspeling søndag.
I morga er det forresten PAPPA sin BURSDAG! Hipp hipp HURRA! Alle saman, gi han ein klem frå meg :D
Sorry, Remi, no skriv eg igjen. Sidan du ikkje likar dette, så skal eg gjer som Malin. BILETE av DEG! :D hAhahaha.
Eg har tru på at dette funkar og at eg får mange kommentarar. Frå dykk to.
Hanne Mari, hugsar du lykketrolla? Du ser ut som eitt her. Haha. Dykk er verdens skjønnaste! Ever.
No må eg gå og gjere meg klar til jentekvelden. Ledaren min skal nemleg ta bilde av oss alle og legge ut på facebook for å bevise og ho har den vakraste "zone"-en i Powerhouse. Hmmm...
Var det for mange Hillsong-uttrykk her? Forvirra? I så fall, sorry.
No skriv eg alt for mykje. Snakkast.