22. oktober 2009

Elisabet gjer ting ho ikkje kan: I dag: Ete blekksprut

Det var ein gang ein vakker dag i Sydney, Australia. Sola skein, himmelen var blå og Elisabet, Erica og Imogen sat å nytte veret og lunchen sin. Elisabet sin lunch bestod av gulrøtter og hommus, og det var ho nøgd med.



Men så kom latin-amerikanarane. Ein gjeng med gutar frå Mexico, Colombia og andre land ingen har høyrd om. Og dei åt ting ingen har ete. Som blekksprut.


Luis frå Mehiiico (som og går under namnet Mexico) sat og åt blekksprut. "Æsj", sa alle jentene. "Kult!" sa alle gutane.

Luis åt og åt, heilt til han fann ut at han var ganske mett. Då hadde han ein bit igjen. "Har nokon lyst på?", sa han. "Nei", sa alle gutane. "Nei", sa alle jentene.



"Kvifor ikkje, det er veldig godt", sa Luis. "Eg likar det ikkje", sa Erica. "Eg likar det heller ikkje så veldig godt", sa Imogen. "Det ser ekkelt ut", sa Elisabet.


"Har du smakt det?", sa Luis.


"Nei, er du gal", sa Elisabet.





"Smak det, det er godt", sa Luis. "Du er norsk, du må då ete sjømat..."


"Okei då", sa Elisabet.



Som sagt, så gjort! Elisabet åt (ikkje alt på ein gang som gutane ville ha det til), og det var ganske godt! Det skal gjentas. Ein annan dag Elisabet er i eit crazy humør.

Og alle levde lukkeleg i alle sine dagar.

Snipp snapp snute, så var eventyret ute! (Men det var sant altså)

6 kommentarer:

Unknown sa...

Æsj, æsj, æsj, æsj!! Eg har smakt blekksprut eg og, men ikkje ein HEIL liksom, da såg bare ut så litt kjøtt eller nåke. ÆSJ!

Remi sa...

Hei Lizzie=)
Du e crazy altså! No imponerte du meg stort=) Men du er og litt ekkel!
XOXO Remiboy

Unknown sa...

Men du... Eg glemte å sei at da va veldig kult skreve :) Meg og Remi lo når EG leste da te HAN, for han vil jo bare ha bilde... Haha=)

Pappa sa...

"Og alle levde lukkeleg i alle sine dagar"

Er det virkelig mulig å leve lykkelig etter å ha spist blekksprut?

Jeg er lykkelig over at du overlevde dette :)

NBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNBNB:
JIPPI, Aalesund har fast plass til neste år!

Det er en kamp igjen av tippeligaen, men nå kan vi konsentrere oss om cupfinalen om 2 uker, og om at andrelaget skal spille kvalifisering om opprykk til førstedivisjon.

Gunn Tove sa...

Du e tøff! Eg e gla i deg <3

Elisabet sa...

EG HAR INTERNETT!! YEey!
Hanne: Hahahaha, du e skjønn. Da va bare kjøtt, men da andra va bare utpå. Da e vel nettså kyllingting utpå kjøttet, u see? Ganske godt egentlig :) :)
Remi:Hahahaha, dåke e så morsomme!
"ÆSJ" "Men du er og litt ekkel"
Ååh, eg føle meg elska, hahahah.
Eg veit, eg imponere.

Men da e godt dåke lo.
Eg ska ta nåken bilde snart.

Pappa: Hahaha, eg trur ikkje blekkspruten levde lykkelig, men eg gjorde :)
SÅ BRA!! Konge! Cupfinalen blir bra vettu! :D :D
Men eg får ikkje sett an :( For me har albuminnspeling då!! :)

Gunn Tove: Du og e tøff. Eg satt og såg på London-bilde i dag og dei gjorde meg glad. For du hadde skjønne ansikt.