13. oktober 2009

Den første oppdateringa på 100 år....

... sorry alle saman for at eg ikkje har oppdatert på ei stund. Eg burde skamme meg.

I dag var det siste dagen med skule på ei veke, no har me mid-semester break. Då skal eg være i Sydney, det blir heeeeerleg. Dei to andre feriane har eg vore på to av verdens minst befolka stader, Tasmania og Fitjar. Nei, det var ein tull.
Men poenget: Eg har vore vekke heile begge feriane. Så det blir deilig å være her.

Då skal eg nemleg først på ENCOUNTER og så på WICKED mens eg skal tilbringe resten av ferien ved BASSENGET.

Encounter: Ungdomsfestival på Hillsong - ein gong i året. Frå torsdag til laurdag denne veka.

Wicked: Musikal. Har sett den ein gang før med H og G i London. No skal den sjåast med Erica from America i by'n. Gleder meg utrulig mykje, trur den er min favorittmusikal så langt i livet.

Grunnen til at eg skal henge med bassenget er at eg skal bli brun. Grunnen til at eg skal bli brun er at eg skal vinne eit veddemål eg har med Hanne Mari og Remi om at eg skal være meir brun enn dei når eg kjem heim. Og dei har varsla at juksinga snart byrjar. [host]solarium[/host]

I morgon har dei kidsfest i kyrkja, ein barnefestival. Det er vårferie for borna her no, så i dag etter college gjorde alle klar til i morgon. Blant anna satte dei fram ca 10 tv'ar med forskjellige TV-spel på (blant mykje anna). Eit av dei var Mario Kart.
Så midt i støvsuginga av klasseromma (clean teams) fann me ut at me ville prøve Mario kart. Så me satte fra oss støvsugarane og bossposane og satte oss ned og spelte. Meg, Jillayna frå Canada og Stewart frå England.

Sjølvsagt kunne det ikkje gå annleis enn at eg vann, med den erfaringa eg har. Men me blei veldig gira alle tre, og gløymde eit augneblikk at me ikkje var 10-åringar. Og at me ikkje var åleine. Og at alle andre rundt oss lo av oss. (Og at me var kristne. Og at me var i kyrkja. hahaha. Neida. TULL)

I alle fall, om TO dagar, den 15. oktober har mi kjære MOR bursdag!! Hurra! Ho er framleis ganske ung, då, ho blir ikkje gammal før til neste år, hehehe.
Og om SYTTEN dagar, den 30. oktober har min kjære FAR bursdag. Han er enda yngre.
Det er nemleg femten dagars aldersforskjell mellom mamma og pappa. Og pappa er yngst. hehehhe.
I alle fall. Alle mine kompisar og kompisinner heime: Gi dei eg god klem frå meg. Og ikkje gløym dei!

Ellers ser hausten (våren?) slik ut:
6.-7. november har me Men's Conference. Eg har veldig lyst til å gå men får ikkje lov. Hahah. Då kjem det mange menn (gutar?). Eg trur alle jentene må serve, mens alle gutane får delta. Det er nemlig ikkje så stort som colour conferansen så dei treng ikkje like mange folk.

Den 8. november har me ALBUMINNSPELING! Dei har nemlig flytta den frå mars til november no. Så det blir KONGE vettu! Som Ålesundarane alltid seier. Konge vettu.

Den 26. november har me graduation dinner og den 30. november har me graduation ceremony.

Den 5. desember sit eg på fly til Norge. Sydney - Bangkok (trur eg) - København - Bergen. Altså. DANMARK denne gangen. Den blir bra. Eg kjem ikkje til å skjøne noko som helst, men men. Eg skal kjøpe meg ei potet - stappe den ned i halsen og snakke norsk, så skjønar i alle fall dei meg ;)

Eg landar i Bergen 6. desember på morgonen og skal skynde meg heim, (okei, morsomt, når eg skulle skrive skynde, skreiv eg "synde". Synde meg heim?) for så og gå på møte på Stord Bibelsenter!! :D Jess!

Ellers skjer det MASSE i desember. Feiring av MORMOR sin 80-års dag (jess, that's right!) den 12. desember, kanskje ein tur til Ålesund og besøk av Canada.
Og så er det jo JUUUUL!! Som Hanne Mari var så snill å minne meg på då ho sendte brev til meg no nettopp. Fekk eit koseleg, fargerikt brev og to stimorol fusion tyggispakka! JESS!

8 kommentarer:

Unknown sa...

Hey:) Remi har klagt to ganga te meg øve at du e dårlig å oppdatera:) So no va du flink! Kjekt innlegg ;)

Heldig deg så ska på Wicked! Me want.

Ja, no begynne me snart me sol.. Da e på tide, haha.. Me får sjå kem så e brunast :D

Haha, gratulera me Mario Kart. Sku bare mangla ;D

Og versego for breve:)

Elisabet sa...

Jess! Eg va flink! Då bør Remi kommentera ;)

Ta deg ein tur te London og sjå på den du då ;) Heheheh

Haha. Trur kanskje dåke vinne... :p
Takktakk

Da va eit fint brev.

Anonym sa...

Hei Lizzie =)
Du kan no bare gjette kem dette er :p Det var på tide med en oppdatering, men savner litt bilder. Er enklere å se på enn å måtte lese :p
No begynner solracet for fullt. Måtte den beste vinne =)
XOXO

Hanne Mari sa...

Eg vil te London! No i julo e da så fint i gatene, masse lys å pynt! Du berre no i julo? Eg berre ja da e jo jul snart :D

mamma sa...

Kjekt med oppdatering!

Gjett om me glede oss te du /dere komme til Norge.
Bare ein liten bekymring ... Litt kort tid igjen te å bli skikkelig flink i engelsk .. Tippe Aynsley komme te å få skikkelig latteranfall av engelsken min - spesielt når hu høre at eg e lærer... Husk å si at eg IKKJE e engelsklærer...
Klem

mamma sa...

PS. Hvis du lure på ka du vant på basaren, kan du gå inn på Fitjarposten og se bilde fra basaren. Du vant det søramerikanske teppet lengst te høyre...

Han som er 15 dager yngre sa...

Kjekt med oppdatering Elisabet. I dag har det vært kveldasete på skolen. MM+MF+KaViKri var med, og broderen din vant flere ganger :)

Innsamling til Care, en internasjonal amerikansk hjelpeorganisasjon. Etter krigen gav de 50.000 pakker til Norge. Mat og leker til barna.

Rart å tenke på at Norge fikk nødhjelp bare 40 år før du ble født...?

Unknown sa...

Ok, no har du vore flink å oppdatera, men du må og vera flink å svara på kommentara ;D Masmasmas :)

Sku bare sei takk for sangen, du e knall skjønn=) Og heile videoen va knallskjønn <3