"det ser ut som.. ein FOT"
Hei! Eg heiter Elisabet. Eg bur i Bella Vista utanfor Sydney i Australia. Det eg no skal fortelje er det som hendte med meg i dag. Bella Vista er sossestrøket i Sydney, masse rikingar bur der. Derfor er det eit veldig trygt område.
Så i dag, ca 17.30 gjekk eg heim frå kyrkja, det var blitt litt mørkt, halvmørkt og eg gjekk langs fortauet.
Plutseleg gjekk eg forbi eit hus der det kom vatn frå vatnslange eller noko, så det lekka nedover vegen. Hmm, det var merkeleg. Sydney har ofte tørke, kvifor ville nokon sa vatnet stå på slik?
Så såg eg ein bil, som sto ved sidan av vegen. Akkurat når eg gjekk forbi den, såg eg bort på bagasjerommet og såg at det hang ein fot ut frå den.
Tankane surra. Vatnet lekk og står på, er det eitt lik i bagasjerommet? I så fall, get me out of here! Eg turde ikkje gå og sjå om det var ein fot der, eg gjekk vidare fort. Eg snudde meg. Det var ingen bak meg. Tankane fortsatte å surre. Burde eg ringe politiet?
Eg gjekk heim, kom inn døra, og var bekymra. Det såg ut som ein fot, men det kunne vel ikkje være det? Det var vel ikkje logisk? Eg laga meg middag. Kjempegod kylling.
Så gjekk eg til connect. Den skulle være same stad som eg var tidlegare. Eg bestemte meg for å gå den vegen eg gjekk førre gang, for å sjå etter foten, men å gå på andre sida av vegen.
Eg gjekk forbi på andre sida, men det var mørkt, og eg kunne ikkje sjå noko. Plutseleg kom det ein bil! Den lyste opp heile gata, og eg såg det igjen. Noko hudfarga noko, på storleik med ein fot. Men kunne det være ein?
På connecten møtte eg min venn Ash. Kanskje ho kunne køyre meg heim etterpå, og prøve å finne ut kva det var? Joda, det virka spennande, sa ho.
Eg, Ash og vår venn Jeff satte oss inn i bilen, spente på kva me skulle møta. Me nærma oss bilen, og Ash sa "det ser ut som.. ein FOT" Hjartet mitt var heilt oppe i halsen.
Me kom nærmare og Jeff og Ash sa omtrent samtidig
"Den er falsk"
"Den er ikkje ekte"
"For ein OND spøk"
"Eg var SÅ redd!"
Eg pusta letta ut.
Bella Vista hadde heldigvis ikkje vorte åstad for mord.
_____
Kven set ein falsk fot i eit bagasjerom for å lure folk? SÅ ONDT!!!!!!!!!!!
29. juni 2010
28. juni 2010
Nytt rom!
På laurdag flytta eg inn på eit nytt rom. Den vanlige måten å gjere det på ville vore å flytte inn tidleg på dagen, og sette opp tinga resten av dagen.
Elisabetmåten er slik:
-flytte inn laurdag kveld ca 18.30. Være ferdig å flytte alt 19.30, og sette opp senga i full fart. Gå på eit møte om internasjonalt nettverk 20.00, og legge meg når eg kjem tilbake.
- være vekke heile dagen søndag.
-finne ut midt på natta natt til mandag at senga ikkje var så godt samansatt likevel, og våkne av at toppen av senga dett fra resten av senga, så resten av senga dett ned på bakken, og at eg no ligg i nedoverbakke.
- være for lat til å fikse det, og difor flytte madrassa ut på golvet.
- bestemme at mandag er dagen, der eg skal sette saman kommoden eg kjøpte på ikea. åpne pakken og sjå at det står at eg treng eit vanleg skrujern, eit stjerneskrujern og ein hammar. Eg har ingen, og går ned på kjøkkenet og finn eit vanleg skrujern. Bruker dette i staden for stjerneskrujern også (det passa!) og bruke mine høghelte støvlettar som hammar.
- følge noko av det som står i instruksjonane, som lag det på eit teppe, ikkje golv, men ikkje andre, som gjer det me nokon andre, ikkje åleine. Og i tillegg var det nokre rare skruar som skulle inn som eg ikkje fatta vitsen med, så brukte dei ikkje.
- sette saman senga mi med skruane eg ikkje brukte, og barnesikringa som skulle halde kommoden fast i veggen. No held den i staden sengetoppen fast til senga.
- Sørge for at senga mi er trykk ved å ta tyggegummiliknande stick under beina på senga.
-avslutte dagen med ein av favorittfilmane mine - NOTTING HILL
Dagens bilete i dårlig kvalitet:

Det vanlege skrujernet gjekk akkurat inn i stjerneskruen. Passa fint. Nede ser de forresten mine rosa, varme, sovesokkar. Og eit gult teppe eg brukte som underlag som eg fekk i rommet mitt.

Om du ser nøye etter ser du spikeren som eg brukte denne skoen til å slå inn. Spikeren er midt i biletet. Slo inn 30 spikrar med skoen. Eller kalvparten med den andre skoen. Det var kvitt på dei frå før altså, dei er billigsko.

Nedste skuff - bøker og dvd-ar. Hurra.
Stolen attmed var i rommet når eg kom, ilag med ei madrass (eg har no to!), eit nattbord, masse hyller og skuffer til å ha klær i, mange tepper og dyner, ei lampe utan lyspære og ein liten varmeovn som luktar svidd, og som eg difor ikkje bruker, men som eg skal sjekke om kan brukast, kanskje det berre er masse støv i den.
Ps, har de høyrt den nye "to tomater gjekk over ein veg"-vitsen?
Det var ein gang to tomater som gjekk over ei linje, men så kom FIFA og sa at dei ikkje var over.
25. juni 2010
Onepiece
Ein ting som har hendt i heimlandet etter eg forlot det, er at onepiecen har blitt ein del av livet. Og for å være heilt ærleg så har eg vore veldig glad for å gå glipp av det, sidan det er ganske stygt. Og eg er veldig glad for at det er ein norsk ting, og at eg aldri kjem til å sjå det i Australia.
Det var i alle fall det eg trudde fram til i dag.
I dag gjekk eg ned på "kjøpesenteret" for å kjøpe mat. Eg skulle ta ut pengar, og stilte meg i minibankkøen, men då eg sjekka lommeboka fant eg ut at eg hadde pengar. Eit vanleg blondt augneblikk. Uansett, då eg gjekk ut av køen såg eg framfor meg, ein onepiece. Min største frykt sto rett framfor meg. Var onepiecen verkeleg kome til Australia?
Eg gjekk forbi, medan eg stirra på vedkommande, ei asiatisk dame, som eg har sett i kyrkja før, utan at eg kunne hugse korti. Då eg var komt forbi ho, såg eg at onepiecen hadde eit norsk flagg på ryggen.
Forvirra henta eg venninna mi som var framfor meg, og sa "kom å sjå". Då eg spurte om one piecar var vanleg her sa ho at ho aldri hadde sett det før. Vennane mine synast det var veldig rart at ein gjekk med noko sånt i Norge - eller alle bortsett fra ein - han kunne gjerne hatt ein sa han. Heilt til eg sa prisen.
Eg kjøte meg lunch, og etterpå såg eg denne dama igjen. Då kjente eg ho igjen. Eg huska at eg ein gang snakka med ho, og at ho er mora til ein av lovsangsledarane her, som akkurat har gifta seg med ein nordmann - i Norge. Derfor hadde denne kvinna sannsynligvis nettopp vore i Norge, og tatt med seg ein suvenir. Eg veit at eg ikkje hadde valgt denne suveniren, men men...
Bottom line - VELDIG glad for at dette var ein norsk one piece, og at one piecen ikkje var kome til Australia - og forhåpentligvis aldri vil.
Mi nye addresse
Hei all!
Mi nye addresse er
27 Bella Vista Drive
Bella Vista
NSW 2153
AU
Berre dersom de lurte. Haha
16. juni 2010
IKEA
På mandag var eg på Ikea. Det var kjekt. God mat. I alle fall. Navna der er så morosame! Dei har Sigrid og Ivar og Spontan og Odda. Så skandinaviske namn, love it!
I byrjinga var det mest svenske navn. Heilt til eg kom til senge-området.
Der hadde dei senga Leirvik (skjønn, ikkje sant) og madrassene Hagavik, Harestua, Tafjord og (!!) Huglo (!!) HA HA HA HA! Lo meg i hel. Ingen skjønte heilt kor morosamt det eigentlig er at litle Huglo har blitt eitt IKEA-navn.
På kafeen hadde dei prinsessekake, som dei visstnok vanlegvis har, men no var det ei "prinsessebryllupskake". Til ære for Victoria. Elles vart det kjøttbollar på meg, og eg kjøpte ein kommode, som eg ikkje har tenkt til å setje opp før etter eg flyttar.
Den heiter Aneboda og ser slik ut:
Like it?
12. juni 2010
Heimelaga tacolefser
I dag fant eg ut at eg nesten ikkje hadde noko mat. Eg hadde kylling, men har hatt kyllig og ris litt for mykje i det siste. Eg hadde ikkje kjøtt, ikkje poteter, ikkje tacolefser, ikkje noko nesten. Ikkje melk, lite å velge i. Men eg var svolten.
So, what to do?
Lage mine egne tortillas - tacolefse.
Resultat:


NAM!
01:29
Det du er lidenskapeleg opptatt av er det du er villig til å ofre noko for. Eg elskar fotball, difor er eg oppe klokka 01:29 for å sjå det. Sjølv om laga som speler er Sør-Afrika og Mexico og eg ikkje har eit forhold til nokre av dei. Eller - eg har vener frå begge landa, men likevel.
Kva tid var sist gang eg var oppe klokka 01:29 for å være med Jesus? Kva tid var sist gang eg var oppe klokka 01:29 for å lese i Bibelen? Kva tid var sist gang eg var oppe klokka 01:29 for å hjelpe nokon som trong det?
Desse spørsmåla er vanskelege, for eg hugsar ikkje svara på alle, og dei eg hugsar det på er deprimerande lenge sidan.
For meg er ikkje 01:29 nødvendigvis rett tid til å gjere alt dette, men det handlar om offer. Kvifor ofrar eg tid på å være med Jesus? Fordi (1) han elskar det og (2) han har ofra så mykje meir for meg.
3. juni 2010
Regn
Forskjellen på Norge og Australia: i Norge seier ein, "Wow, det har vore sol i ei veke". I Australia seier ein "WOW, det har regna i tre dagar". Hehe.
I dag regna det. Eg gjorde car park for sisterhood, og sidan det regna fekk me "nydelege" ponchoar, JESS! Haha
Dette er housematen min Brianna.

Eg fekk heldigvis skyss heim, her er Esther (Frankrike), Jess (England) og eg i baksetet på bilen.
2. juni 2010
Pris: 15000 per kilo.
I dag lagte en meg rømmegraut. Og tenkte, jammen er det godt. Men så begynte eg å tenke på kor mykje det kosta å lage denne grauten. og då satte eg meir pris på den. For at eg kunne lage denne grauten kosta det:
1. Bensinpengar til flyplassen
2. Flybillettar
3. Bensinpengar til butikken.
4. Kjøp av rømmegrautpakke.
5. Bensinpengar til flyplassen
6. Flybillettar
7. Bensinpengar heim frå flyplassen
8. Kjøp av rømme
PS1: Eg betalte heldigvis ikkje alt dette
PS2: Eg gjorde meir enn å kjøpe rømmegrautpakke når eg var heime altså. Haha.

PS3: Eg veit det ser ut som om eg har sølt graut over heile vispen, men den er berre den fargen altså.
Abonner på:
Innlegg (Atom)