Ein ting som har hendt i heimlandet etter eg forlot det, er at onepiecen har blitt ein del av livet. Og for å være heilt ærleg så har eg vore veldig glad for å gå glipp av det, sidan det er ganske stygt. Og eg er veldig glad for at det er ein norsk ting, og at eg aldri kjem til å sjå det i Australia.
Det var i alle fall det eg trudde fram til i dag.
I dag gjekk eg ned på "kjøpesenteret" for å kjøpe mat. Eg skulle ta ut pengar, og stilte meg i minibankkøen, men då eg sjekka lommeboka fant eg ut at eg hadde pengar. Eit vanleg blondt augneblikk. Uansett, då eg gjekk ut av køen såg eg framfor meg, ein onepiece. Min største frykt sto rett framfor meg. Var onepiecen verkeleg kome til Australia?
Eg gjekk forbi, medan eg stirra på vedkommande, ei asiatisk dame, som eg har sett i kyrkja før, utan at eg kunne hugse korti. Då eg var komt forbi ho, såg eg at onepiecen hadde eit norsk flagg på ryggen.
Forvirra henta eg venninna mi som var framfor meg, og sa "kom å sjå". Då eg spurte om one piecar var vanleg her sa ho at ho aldri hadde sett det før. Vennane mine synast det var veldig rart at ein gjekk med noko sånt i Norge - eller alle bortsett fra ein - han kunne gjerne hatt ein sa han. Heilt til eg sa prisen.
Eg kjøte meg lunch, og etterpå såg eg denne dama igjen. Då kjente eg ho igjen. Eg huska at eg ein gang snakka med ho, og at ho er mora til ein av lovsangsledarane her, som akkurat har gifta seg med ein nordmann - i Norge. Derfor hadde denne kvinna sannsynligvis nettopp vore i Norge, og tatt med seg ein suvenir. Eg veit at eg ikkje hadde valgt denne suveniren, men men...
Bottom line - VELDIG glad for at dette var ein norsk one piece, og at one piecen ikkje var kome til Australia - og forhåpentligvis aldri vil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar