29. juni 2010

Dagens krim

"det ser ut som.. ein FOT"

Hei! Eg heiter Elisabet. Eg bur i Bella Vista utanfor Sydney i Australia. Det eg no skal fortelje er det som hendte med meg i dag. Bella Vista er sossestrøket i Sydney, masse rikingar bur der. Derfor er det eit veldig trygt område.

Så i dag, ca 17.30 gjekk eg heim frå kyrkja, det var blitt litt mørkt, halvmørkt og eg gjekk langs fortauet.

Plutseleg gjekk eg forbi eit hus der det kom vatn frå vatnslange eller noko, så det lekka nedover vegen. Hmm, det var merkeleg. Sydney har ofte tørke, kvifor ville nokon sa vatnet stå på slik?

Så såg eg ein bil, som sto ved sidan av vegen. Akkurat når eg gjekk forbi den, såg eg bort på bagasjerommet og såg at det hang ein fot ut frå den.

Tankane surra. Vatnet lekk og står på, er det eitt lik i bagasjerommet? I så fall, get me out of here! Eg turde ikkje gå og sjå om det var ein fot der, eg gjekk vidare fort. Eg snudde meg. Det var ingen bak meg. Tankane fortsatte å surre. Burde eg ringe politiet?

Eg gjekk heim, kom inn døra, og var bekymra. Det såg ut som ein fot, men det kunne vel ikkje være det? Det var vel ikkje logisk? Eg laga meg middag. Kjempegod kylling.

Så gjekk eg til connect. Den skulle være same stad som eg var tidlegare. Eg bestemte meg for å gå den vegen eg gjekk førre gang, for å sjå etter foten, men å gå på andre sida av vegen.

Eg gjekk forbi på andre sida, men det var mørkt, og eg kunne ikkje sjå noko. Plutseleg kom det ein bil! Den lyste opp heile gata, og eg såg det igjen. Noko hudfarga noko, på storleik med ein fot. Men kunne det være ein?

På connecten møtte eg min venn Ash. Kanskje ho kunne køyre meg heim etterpå, og prøve å finne ut kva det var? Joda, det virka spennande, sa ho.

Eg, Ash og vår venn Jeff satte oss inn i bilen, spente på kva me skulle møta. Me nærma oss bilen, og Ash sa "det ser ut som.. ein FOT" Hjartet mitt var heilt oppe i halsen.

Me kom nærmare og Jeff og Ash sa omtrent samtidig
"Den er falsk"
"Den er ikkje ekte"
"For ein OND spøk"
"Eg var SÅ redd!"

Eg pusta letta ut.
Bella Vista hadde heldigvis ikkje vorte åstad for mord.


_____



Kven set ein falsk fot i eit bagasjerom for å lure folk? SÅ ONDT!!!!!!!!!!!

3 kommentarer:

Unknown sa...

Hahahaha! Stakkars deg, da må ha vært ein traumatisk opplevelse!

Elisabet sa...

Haha, da va litt skummelt ja :)

Malin sa...

haha, du var modig som turde å gå tilbake igjen da. slemt luretriks!