16. mars 2011

Ja, eg veit det er lenge sidan sist, beklager!
Eg har dessverre ikkje tid til å oppdatere så veldig mykje for tida, på grunn av dette. I morgon byrjar Colour, noko som vil seie at i dag er ein dag til å studere, rydde, handle, jobbe, planlegge og lage mat. 

Difor vil eg berre seie to ting. 
For det første - Japan! Det er heilt sjokkerende å sjå kva som hender der for øyeblikket. Jordskjelv, tsunami, etterskjelv, atomkraftverkproblem, vulkanutbrot, og heile tida fare for nye skjelv. 
Om du ber, ha dei med i dine bønner! Om du venter eit par veker, kanskje ein månad så kjem det ikkje til å stå noko om det i aviser lengre. Men ikkje gløym dei, det kjem til å ta lang, lang tid før alt er rydda opp! Så be!!

Det andre eg ville nevne er ikkje relevant til alt det triste i verda, det er meir eit lyspunkt.
Dykk skjønar, eg såg ein film for eit par dagar sidan, som berre var sååå skjønn! Kjempefin film, men litt forvirrande, og med sine triste øyeblikk. Den heiter "The Time Traveller's Wife"
Filmen handlar om Henry, som reiser i tid. Han kan ikkje bestemme kor han drar, eller kva tid han drar, og han kan ikkje stoppe seg fra å dra. Dette betyr ofte at han forsvinn på lite gode augneblikk.

Ein dag møter han Clare. Ho kjem opp til han og seier "Henry!! It's you!" Henry har ikkje peiling på kven ho er, men det viser seg fort at han i framtida hans har reist tilbake til fortida hennar, så ho kjenner han kjempegodt.

Eg vil ikkje seie mykje meir, men den er så bra!! !!!! !!
Anten; sjå den med ein gong! Eller; sjå den med meg i juni/juli når eg kjem heim...



Har nokon sett denne filmen? Did you LOVE it? :)

Klem E

3 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Du og dine spesielle filma :P Den virka som ein film som eg bare hadde irritert meg øve, og ikkje skjønt :)

Kooos deg på Colour-konferansen :D

Heilt sjukt med Japan.....

Renate Christine sa...

Jeg så den filmen!
Skikkelig fin film:)

Elisabet sa...

Haha, Hanne! Dei e ikkje så spesielle som dei hørres ut som! Men me kan sjå di ilag når eg kjeme heim ;)

Renate: Eg vett! Eg såg den igjen i dag, haha! Koss står det te? Tenke du framleis å komma ned hit eller? :)