Eg fekk ikkje til å leggje ut videoen min, men denne var mykje betre!
29. mai 2011
Skandinavisk connect og bytur!
I dag (i går, klokka er to) hadde me skandinavisk connect i parken der eg bur. Det var ufatteleg gøy. Me hadde piknik, fulgt av ein spørrekonkurranse (laga av meg) om "det andre landet" (Norge fekk spørsmål om Sverige og vice versa). Norge vann den (sjølv om dei trudde Aalborg var i Sverige). Så hadde me nokre svenske "festlekar" som var ufatteleg kjekke. Dei var stafettar. Ein sprang du med ei skei med egg i munnen (den gjorde veldig vondt i tennene). Ein måtte du kaste ein støvel under beina og over hovudet i same kast. Det var nesten like avansert som den hørtes ut som. Ein kalla dei "norskfylla". Den var vittig. Du sprang til den andre sida av "banen", før du snurra rundt ei stang (her: ein kost) 20 gongar, og skulle springe tilbake. Eg datt etter 15 rundar. Haha.
Om kvelden var eg i byen med 4 av dei eg budde med i mitt første semester i Australia. Reunion. Det var herleg. Me endte opp på det same bordet på den same restauranten som me var på då deler av familien besøkte meg i fjor. Vittig.
Uansett, byen var kjåka full med folk, fordi dei hadde ein lysfestival, med lys og historiar på husveggane. Skal prøve å legge ut ein film av det.
Bilete frå dagen:
Eg laga sjokoladecupcakes og vaniljecupcakes til skandinavisk connect |
Piknikteppet |
Team Norge i spørrekonkurransen: Karoline, Kamilla, Vegard og Sandra |
I byen: Erica spurte "kva er planking"? Aynsley viste ho det. Kul bil? |
Jentene: Meg, Erica, Aynsley, Maggie, Carolin |
Middag! |
Lysshow, kult bilde? |
27. mai 2011
Oppgaveskriving del 2
Eg hadde aldri trudd at eg skulle være typen som sit oppe heile natta og skriv oppgåver men denne gongen er eg det. Ikkje fordi eg må gjere det for å bli ferdig, men fordi det er ferie denne veka, fordi eg ikkje treng å gjere noko i morga (bortsett fra å levere oppgava) og fordi eg skriv den mykje betre midt på natta enn midt på dagen.
Kanskje er det fordi ingen andre er vakne, og eg ikkje kan gå rundt i huset å bråke, og dei ikkje kan forstyrre meg. Eg veit ikkje. Uansett funkar dette for meg, og eg er ikkje trøytt heller. Sært?
25. mai 2011
"Oppgaveskriving"
Planen for i dag er å lese dette og skrive oppgaver:
I staden for finn eg meg sjølv her:
Så sit eg godstolen og et bixit:
Dagens nyhending: Eg har fått meg kamera!!!
Men no må eg seriøst skrive oppgåve. Pratast!
17. mai 2011
Bursdagsveke!
Hei!
Som dei fleste av dykk sikkert veit hadde eg bursdag i går. Eg fylte 21 og sidan 21 er den største bursdagen i livet i Australia så lot eg meg overtale til å ha selskap, noko eg ikkje angra på. Under selskapet sa ein ven av meg at burde feire i 7 dagar i strekk, og no tenkjer eg å fortelje korleis eg gjorde (skal gjere) det!
Fredag:
Fredag var min bakedag! Eg bakte verdens beste svenske kake – oppskrift funne her, inspirasjon funne i bryllup i USA frå mi svenske venninne Matilda, og resultat ser du under. Den var SÅ god, men tok ca 5 timar å lage! I tillegg laga eg skulebollar, som vart svære!
![]() |
Bolledeigen etter heving! Svær. YAY! |
Ferdige bollar. NAM! |
Kaka! :) |
Laurdag:
Laurdag hadde eg te-party, bursdagsselskap. Sjå nokre bilete under. I tillegg gjekk eg på kino om kvelden og såg ”Something borrowed”. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg likte han, men har no bestemt meg for at eg ikkje gjorde det.
Kakebordet. |
Meg og den vakre, tyske Carolin! |
Søndag:
Søndag var eg i kyrkja, og fekk eit nydeleg armband hos ei venninne. Det var ein lang og herleg dag :) Når eg kom heim fekk eg skype med familien og motta min bursdagspresang frå dei eg bur med, eit vaffeljern!!!! I tillegg snakka eg med ei venninne i kyrkja som bestemte seg for at sidan ho har to kamera og eg har null skal eg få eit av hennar kamera! ARE YOU KIDDING ME?????
Måndag:
Måndag var min faktiske bursdag. Eg sov lenge, fann ut at housematen min hadde skrive happy birthday på 14 post-it-lappar og hengt på døra mi. Eg hadde lunch med ei venninne. Eg koste meg med dei eg bur med og avslutta dagen med vaflar og friends-episoder! :D
Tysdag:
Eg har bestemt meg for å la 17. mai være min feiring. Når folk seier ”gratulerer med dagen” tar eg det på to måtar. Nasjonaldagen. Og bursdagen. God deal! Hadde ein herlig dag i byen og i sjømannskyrkja med nokre andre college-studentar, Trine, hennar syster Therese, Therese sin mann Peter og Therese og Peter si toårige dotter Eline. Ein herlig dag!
![]() |
Random bilete frå nasjonalsangsynginga. Rart ord, det. |
![]() |
Bilete frå midten av toget bakover. Mange folk med andre ord! :) |
Onsdag og torsdag!
Eg har endo ikkje fått bursdagspakken i posten, så når den kjem skal eg runde av bursdagsveka og glede meg til neste år! ;)
11. mai 2011
10 grader celsius
Hei!
Akkurat no (23:45 australsk tid og 15:45 norsk tid) er det i følge pc'en min 10 grader celsius i Blacktown, Australia (næraste stad for meg) og i Bømlafjorden, Norge (næraste stad for Fitjar). Dette høyrest ikkje så brutalt ut tenkjer du kanskje? JOOOOOOOOO!!!!!!!!! Det er iskaldt. Grunnen til det er at i Australia har dei gløymt å finne opp hus-isolasjon. Det betyr at det er like kaldt inne som ute, og nei, eg overdriv IKKJE!
Likevel har ein på seg meir klede ute, noko som betyr at ein alltid frys inne. I mitt hus har me faktisk ein liten peisovn som gir varme, men den er av gass og ein brenn difor ikkje trekubbar, så den er litt falsk. Det er god og varm då, dei siste kveldane har alle jentene i huset sitte framfor der og varma seg. Prøblemet er at den berre varmar opp stova og kjøkkenet; resten av huset er kaldt.
EG FRYS. Heile tida.
Men her er tre ting som gjer at det går fint likevel
1. Det er bursdagen min på mandag, så då gjer det ikkje noko om eg frys.
2. Det er den kaldaste mai'en i mi levetid i Australia, så eg håpar at det er midlertidig/ at vêret ombestemmer seg og gir oss ein smak av sommar ;)
3. Eg skal heim neste månad og smake på norsk sommar.
YAY!
Ps, sorry for all "skrikinga" (les: caps lock og utropsteikn), eg er berre såå kald. :) Og no skal eg sove. Natta!
Akkurat no (23:45 australsk tid og 15:45 norsk tid) er det i følge pc'en min 10 grader celsius i Blacktown, Australia (næraste stad for meg) og i Bømlafjorden, Norge (næraste stad for Fitjar). Dette høyrest ikkje så brutalt ut tenkjer du kanskje? JOOOOOOOOO!!!!!!!!! Det er iskaldt. Grunnen til det er at i Australia har dei gløymt å finne opp hus-isolasjon. Det betyr at det er like kaldt inne som ute, og nei, eg overdriv IKKJE!
Likevel har ein på seg meir klede ute, noko som betyr at ein alltid frys inne. I mitt hus har me faktisk ein liten peisovn som gir varme, men den er av gass og ein brenn difor ikkje trekubbar, så den er litt falsk. Det er god og varm då, dei siste kveldane har alle jentene i huset sitte framfor der og varma seg. Prøblemet er at den berre varmar opp stova og kjøkkenet; resten av huset er kaldt.
EG FRYS. Heile tida.
Men her er tre ting som gjer at det går fint likevel
1. Det er bursdagen min på mandag, så då gjer det ikkje noko om eg frys.
2. Det er den kaldaste mai'en i mi levetid i Australia, så eg håpar at det er midlertidig/ at vêret ombestemmer seg og gir oss ein smak av sommar ;)
3. Eg skal heim neste månad og smake på norsk sommar.
YAY!
Ps, sorry for all "skrikinga" (les: caps lock og utropsteikn), eg er berre såå kald. :) Og no skal eg sove. Natta!
6. mai 2011
Det finst ikkje noko engelsk ord for "soss"
Påske:
påske f2 el. m1 (norr fl páskar) | |
1 | jødisk høgtid til minne om utvandringa frå Egypt |
2 | kristen høgtid til minne om Jesu død og oppstode påska kjem seint i år / skjemt.: verda står ikkje til p- dette var heilt uventa; dette er det verste eg har høyrt e l |
Påska kom i år og, sjølv om eg ikkje hadde norsk sjokolade. Eller, eg hadde faktisk norsk sjokolade, som eg hadde kjøpt på sjømannskyrkja. Kanskje det var derfor den kom?
Eg feira påska, feira at Jesus kom og døydde for våre synder. Og at han sto opp frå døden. Men samtidig er dette noko kristne feirar heile tida. Påska er difor ei tid der eg trur alle kan sette til side litt tid og tenke over kva me trur på.
![]() |
I kyrkja feira me påske med å la alle som ville skrive ned noko dei ber for, og å hamre det til korset, slik våre synder og behov vart hamra til korset for nesten 2000 år sidan. |
Bolle:
II bolle m1 (lty 'rundt kveitebrød'; eigl sm o s I *bolle) | |
1 | lite, rundt bakverk kveiteb- / rosinb- / bollar og brus / skjemt.:her skal bli andre bollar det skal bli andre greier, ei strengare ordning |
2 | liten, rund klump av kjøt- el. mjøldeig fiskeb- / kjøtb- |
Eg var på eitt møte hin dagen, der alle skulle ta med eitt bakarverk frå sitt eige land. Eg og Annka laga skillingsbollar, og dei vart så gode, at eg laga ein runde til seinare. Dette var dei første to gangane eg har laga skillingsbollar (sidan eg ikkje likte kanel før) og eg er imponert. Over meg sjølv...
Amerikansk:
amerika'nsk a2 som gjeld Amerika og amerikanarar, særleg USA ein a- bil / a- fotball variant av rugby / la noko gå med a- fart svært snøgt / subst: snakke a- snakke amerikansk-engelsk
Eg har sett ein amerikansk tradisjon i påska, nemleg påskeharekake. Biletet under talar for seg sjølve.
Trulova:
tru|lova a3 el. ~lovd adj -vd el. -vt, -vde (pf pt av trulove) som har trulova seg eg er korkje gift eller t- / ho er t- med ein svenske / dei er trulova / eit t- par / i subst bruk: dei trulova
Eg var i eitt engagement-party førre laurdag. Det var nord for Newcastle, ca 2,5 timar herifrå, og det var ein kjempefin tur. Dei siste 9 km gjekk på ein jordveg, som på deler av vegen kan kallast ein gjørmeveg, men det var så verdt det! Eit veldig vakkert par som skal gifte seg i september!
![]() |
Jordveg |
![]() |
Eg, Juliette og Elizabeth. Juliette er den som skal gifte seg. |
lell adv (av likevel) likevel; vel bussen var tidleg ute, men l- så nådde eg han / det var artig l- / å nei l-!
Eg, Anna og Lena (to nordmenn) var i byen i dag, og såg på Anna si kusine sin konsert, veldig koseleg. På veg heim byrja me å snakke om norske ord som ikkje finst på engelsk. Døger. (fordi i Nord-Norge er det dag heile natta om sommaren, så me må ha eit ord for den 24timars-perioden) Harry. (som i "han er så harry") Soss. Osv.
Så seier Lena: Kva tyder eigentleg det norske ordet "lell"?
Min spontanreaksjon: "Lell"? Som i "lol" med e?
Blogg:
blogg m1 (frå eng., av web log 'vebbdagbok') dagbok, journal som blir publisert på Internett, ofte med peikarar til andre nettsider
Håpar de satte pris på dette vebbdagbokinnlegget. Sorry at det tok så lang tid!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)