17. mai 2011

Bursdagsveke!

Hei!
Som dei fleste av dykk sikkert veit hadde eg bursdag i går. Eg fylte 21 og sidan 21 er den største bursdagen i livet i Australia så lot eg meg overtale til å ha selskap, noko eg ikkje angra på. Under selskapet sa ein ven av meg at burde feire i 7 dagar i strekk, og no tenkjer eg å fortelje korleis eg gjorde (skal gjere) det!

Fredag:
Fredag var min bakedag! Eg bakte verdens beste svenske kake – oppskrift funne her, inspirasjon funne i bryllup i USA frå mi svenske venninne Matilda, og resultat ser du under. Den var SÅ god, men tok ca 5 timar å lage! I tillegg laga eg skulebollar, som vart svære!

Bolledeigen etter heving! Svær. YAY!
 
Ferdige bollar. NAM!

Kaka! :)

Laurdag:
Laurdag hadde eg te-party, bursdagsselskap. Sjå nokre bilete under. I tillegg gjekk eg på kino om kvelden og såg ”Something borrowed”. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg likte han, men har no bestemt meg for at eg ikkje gjorde det.

Kakebordet.

Meg og den vakre, tyske Carolin! 

Søndag:
Søndag var eg i kyrkja, og fekk eit nydeleg armband hos ei venninne. Det var ein lang og herleg dag :) Når eg kom heim fekk eg skype med familien og motta min bursdagspresang frå dei eg bur med, eit vaffeljern!!!! I tillegg snakka eg med ei venninne i kyrkja som bestemte seg for at sidan ho har to kamera og eg har null skal eg få eit av hennar kamera! ARE YOU KIDDING ME?????

Måndag:
Måndag var min faktiske bursdag. Eg sov lenge, fann ut at housematen min hadde skrive happy birthday på 14 post-it-lappar og hengt på døra mi. Eg hadde lunch med ei venninne. Eg koste meg med dei eg bur med og avslutta dagen med vaflar og friends-episoder! :D

Tysdag:
Eg har bestemt meg for å la 17. mai være min feiring. Når folk seier ”gratulerer med dagen” tar eg det på to måtar. Nasjonaldagen. Og bursdagen. God deal! Hadde ein herlig dag i byen og i sjømannskyrkja med nokre andre college-studentar, Trine, hennar syster Therese, Therese sin mann Peter og Therese og Peter si toårige dotter Eline. Ein herlig dag!

Random bilete frå nasjonalsangsynginga. Rart ord, det.

Bilete frå midten av toget bakover. Mange folk med andre ord! :)

Onsdag og torsdag!
Eg har endo ikkje fått bursdagspakken i posten, så når den kjem skal eg runde av bursdagsveka og glede meg til neste år! ;)

5 kommentarer:

H sa...

Liiike innlegget :)

Mange fine bilde, bollane såg sjukt gode ut, og kako va knalltøff :)
Du va skikkelig brun på bilde av deg (og fin!), og da va mange folk på 17. mai feiring :)

Hørres ut som om du har hatt ei fin bursdagsveka! tok da seriøst 5 tima å laga kako, eller va da inkludert heving, når du kunne gjer andre ting? :P Gratulera med kamera!!

Love, H <3

Malin sa...

"Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg likte han, men har no bestemt meg for at eg ikkje gjorde det."

hahahahahahaha :D

Ser ut som du koser deg! Nå ble eg litt misunnelig faktisk, for i Norge er ikke 21 års dagen viktig i det hele tatt! Like greit for jeg må lese til eksamen da 8-)

Fikk skikkelig lyst å de bollene btw, nam

Hanne Mari sa...

Ja, va da ikkje den filmen du syns såg så bra ut? Då gidde kje eg heller å sjå an :P

Elisabet sa...

Haha, jente.
Hanne: Takk, bollane va sjukt gode, ska eg laga dei når me e heima? Thank you thank you.
Ja, men 3 tima va steiketid, så ein kunne gjer andre ting imens ;)
KJÆRLEIK!

Malin: Jaja, pass på at du feire deg sjølv litt mellom alle eksamenane, ok? Bolla ska bli! ;)

Og eg syns da va eitt dårlig grunnlag for ein film, men han hadde ein bra slutt for da sårlig grunnlaget. You see? :)

Malin sa...

jess, skal prøve på det :)