- Me kjørte Beth til flyplassen, ho skulle heim tidlig. På vegen såg me NYDELEG soloppgang.
- Så kjørte me inn til Hobart igjen, for å gå i CCC, Christian City Church. På vegen inn for me til botanisk hage, og då me skulle ut kom det ein plass mellom et og to tusen folk som var me i eit løp, så det var såvidt me kom oss til kyrkja...
- Så kjørte me ned sør-vestkysten til Dover, via ostesmaking på Huonhalvøya.
- Søndag kveld tilbragte eg me å sjå film, etter å ha lett etter ein TV for å sjå grand prix. Ikkje trudde eg at eg gjekk glipp av så mykje. Då ville eg ha lett betre. 17. mai vart nesten ikkje feira i det heile. Kun med serviettar og flagg. Hurra, hurra.
Mandag:
- Me for frå Dover opp til Huonville (som me kalla Juan-ville, intern humor om ein spanjol) over til Margate, ned kysten og med ferge over til Bruny Island.
- Det var merkeleg for ein tidlegare fjord1-ansatt å sjå forskjellar. For det første hadde fergelemmen plass til ein bil om gangen, ferga var liten og dei var ikkje særleg strenge med billettar. Me gjekk som under 5m, eg trur kanskje me var 6-7... Og på veg tilbake betalte me ikkje i det heile... Me lurar på om det var T/R billett.
- På Bruny Island (NYYYYYDELEG) budde me på ein campingplass i to netter. Første dag skulle me gå inn til "sentrum" av Adventure bay, og bestemte oss for å gå langs standa. To problem: 1. Me gjekk på stranda, heilt til me kom til ein stad der elva randt ut i havet, umulig å komme over, så me måtte gå heilt tilbake. 2. Når me endeleg gjekk med vegen, gjekk me i ca 20 minutt før me spurte nokon og fann ut at butikken var 4 minutt frå campingplassen men den andre vegen. Hehehe
- Me såg på TV den kvelden. Her hadde dei TV, ja. Typisk. Feil kveld. Såg "Vil du bli millionær", australsk versjon...
(Rusten ferge...)
Tirsdag:
- Den store assessment-dagen. Me hadde ein del skuleoppgåver (som eg burde gjort ferdig no i staden for å blogge)... Alle tre fekk gjort ein del.
- Me gjekk i butikken denne dagen og. Var ein kjempeliten butikk. Og nabokafeen var stengt når me kom dit klokka 4...
- Så me gjekk til ein annen kafé. Langt ute i huttaheiti. Liten. Serverte ikkje middag. Hadde kun kveldsope om nokon bestilte, viss ikkje tok dei kvelden fri... Men koseleg.
- Aynsley sa at bortsett frå Hawaii var dette første gangen hennar på ei øy. Eg minte ho på at Tasmania og er ei øy. (Og Australia, men det er rekna som kontinent.) I alle fall, kjempemerkeleg for meg som er oppvakse på ei øy!
(Øyliv. Shop closes about 6 or maybe 6:30. Genialt? Ja.)
Onsdag:
- Ja, denne dagen reiste me heim. Først for me inn til Hobart, og kjørte (!) opp Mount Wellington, som er 1271 meter over havet. Me kjørte opp frå havet. 1271 meter opp. Tok ca 20 minutt kanskje. Rart. Eg fekk "flyproppar" i øyrene, og utsikta var nydeleg. Og me såg SNØ!!!!
- Etter denne fantastiske utsikta for me inn til byen, kjøpte lunch på kafé, Carolin fann plast i maten sin, så me fekk drikka gratis. God deal! Haha! Neste gang skal eg ta med meg plast. Hehehe, neida, tulla!
- Så for me tilbake med Campervan'en (som me kalla Millie), vart køyrd til flyplassen, tok fly heim. Masse proppar i øyrene. Trur det var blanding av flyet og fjellet. Landinga i Sydney var nydeleg, masse nattlys, og landa midt i byen.
- Så var det den siste og enklaste etappa. Den var ikkje så lett likevel. Tog frå flyplassen til Central, lett. Tog frå Central til Parramatta, som me har gjort ørten ganger før? Me tok feil tog. Hahaha! Men me merka det ikkje, for me var på same spor i byrjinga, før me plutseleg for til North Strathfield. Eg trudde kanskje me var på treigetoget, og at det stoppa på fleire stasjonar, men når me kom til Concord West tenkte eg "hmm, rart". Og Carolin sa "me må gå av, me må gå av. Haha, eg lo. Så me gjekk av i Rhodes, tok toget tilbake til Strathfield, og snakka med nokon folk som synast det var svært morosamt at me gjekk feil. Så me kom oss til Parramatta til slutt, vart henta av snille Jeremy, og kom oss heim. For min del, heim til eit rom fullt av ballongar og presangar frå Margrethe og Erica. Søtingar!
4 kommentarer:
Eg leste på internett om noken så hadde vore i Tasmania. De sa at det va 3 ting du ikkje måtte ta som ein selvfølge.
1. at det e mobildekning
2. at du får kjøpt deg mat når du vil
3. at du får kjøpt bensin når du trenge
He he...
"etter å ha lett etter ein TV for å sjå grand prix. Ikkje trudde eg at eg gjekk glipp av så mykje."
Det var ikke så mye, Elisabet. Bare en førstepremie og at vi fikk poeng fra samtlige land. Og ny poengrekord. Og litt nasjonalistisk høy-på-pæra-følelse-eller-noe-slikt.
Men du kan se finalen her: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/493082
Du kan spole deg forbi kjedelige land, og sukke med hele det norske folk over en forferdelig programleder...
PS: Gratulerer med seriemester MU i England.
Her i Fitjar er vi i ferd med å løse våre små problemer med gullhjelmen, som vi likevel kan klistre på kommunegrenseskiltene. (Husker du at jeg ville gjøre det en gang?)
– Det einaste problemet er at dei ikkje kan bruka kommunevåpenet på flagg ved offentlege bygningar. All annan bruk er greitt, seier Johannessen hos Riksarkivet.
Klikk på Pappa for artikkel 2 i serien. (Fortsettelse fra "Tasmania - DEL 1 av 2")
Mamma! Haha, så sant, så sant!
Me hadde ikkje problema med bensin, men de to andre!! Hehehe!
Pappa! Hahaha, sant! Ikkje så masse da nei...
Ein gang eg har tid så ska eg :)
TAKK!
Og da med gullhjelmen e interessant! :) Nei, no må eg oppdatera igjen!
Legg inn en kommentar