9. mai 2009

Veldig, veldig nyttig info frå denne veka!

- Jenter har dårligare blodsirkulasjon enn gutar. Du veit den følelsen du får når du går i dusjen, og badet er kaldt, og dusjen er varm, og føttene dine stikk nettså litt innvending fordi dei er så kalde?
Me tok ei håndsopprekning i klassen på kven som visste om den følelsen. ALLE jentene gjorde det, INGEN av gutane gjorde det (bortsett fra ein som sa "når eg har vore ute i snøen, og så går inn i dusjen...")

- Eg har vore utan facebook i 6 dagar, og eg saknar det ikkje ein gang!

- I morgon er det morsdag i Australia, og alle her syns det er veldig rart at Norge sin er i februar.

- I dag sa ei gammel dame i Street Teams til meg: Kanskje du og er mor på morsdagen neste år eller året etter? Viss du finn deg ein mann då. Du må ikkje berre finne deg ein mann, det må vere ein bra mann. Viss ikkje må du ikkje gifte deg med han.

- Eg reiser til Tasmania om tre dagar.

- I dag er det ei veke til bursdagen min, og i går vart eg og Wilhelm (Sverige, bursdag i forgårs) sunge for i klassen, og alle fekk "cupcakes" (type muffins, berre med herlig krem).

- Eg har vore i Australia i 3 månader, 3 veker, 2 dagar, og ca 7,5 timar. Det er himla merkeleg.

- I går skreiv eg to sangar. Eller 1,5, egentlig.

- I dag eller i morgon får eg endeleg tak i den nye Hillsong United cd-en, "Tear Down the Walls".

- I går satt ei norsk jente (meg), ei indonesisk jente og ei kanadisk jente og såg på ein amerikansk film, medan dei åt italiensk mat i Australia.

2 kommentarer:

mamma sa...

Kjekt å prate med deg i dag!
Det blir sikkert veldig kjekt å være i Tasmania. Håper dere får det fint alle 4. Og håper du får litt kake på bursdagen din.
Pappa og jeg fikk litt julestemning... Vi så på "Sykehuset i Aidensfield og der feiret de jul..."
Vi snakkes i morgen.
Klem fra mamma

Unknown sa...

Grattis på födelsedagen vännen! Hoppas du får en super bra dag!

Cs ikväll!!!!
love you gorgeous