6. september 2010

Helg!

Denne helga var søndagskveldsmøtet på fredag kveld. Det var veldig kjekt. Før og etter var det ein internasjonal matfestival, eg kjøpte meg tysk mat med håp om at det skulle smake norsk.
Pølsa og potetstappa var god, og dei hadde surkål, som eg elsker lukta av men ikkje smaken. Så alt i alt ganske bra, men eg angra i ettertid på at eg ikkje kjøpte indisk mat - butterchicken, som er kjempegodt. Men oh well, ein middag på ein kveld får være nok, hehehe.
Etter møtet gjekk eg på tribe-party for yello tribe - den gule "stammen" i Powerhouse, det var rimelig kjekt. Hadde nokre gode samtaler der, og høyrte nokre gode historiar, blant anna fortalte tribe-ledaren min om korleis ho brakk handa - ho vart nemleg påkøyrt denne veka. Av ein bil. Som køyrte vidare utan å stoppe. CRAZY!

Laurdag morgon var eg på street teams, og me vart invitert inn hos verdens sjønnaste kinesiske ektepar, typen som fyller opp koppen din 10 gonger utan at du nokon gong kom så langt at du drakk opp teen før dei fylte den opp.
Etterpå gjekk eg å shoppa med to venninner, noko eg ikkje har gjort på altfor lenge, fordi eg ikkje har pengar. Eg kjøpte berre ein billig tights, men det føltes godt. OG eg kjøpte meg lunch - BUTTERCHICKEN!! Fordi eg hadde så veldig lyst på det dagen før, hehehe.
Veldig godt. Eg kom heim frå shopping sånn rundt klokka 16, og gjekk så i kyrkja på kveldsmøtet, og i 25-års-dag på kvelden.
Nokre folk i connect gruppa mi byrja å diskutere diverse spørsmål om å være kjærastar, til dømes, korti seier ein "elsker deg", så det var veldig interessant, hahaha. Vart ganske høglytte diskusjonar. Og dei hadde kjempegod ostekake, hehe!

På søndag gjekk eg i kyrkja først, og så hadde eg lunch (SUSHI!!!) med ei god venninne frå Norge som forlova seg dagen før. Eg såg i bryllupsmagasin og fann ut at eg og vil gifte meg ;)
Så gjekk eg i bursdag til Synne på 11 år som har foreldre som går på college. Så me hadde pizza og marsipankake! Suksess!
Og på kvelden såg eg Prinsesse på prøve 2 og Notting Hill med jentene i huset mitt.
Søndag var farsdag i Australia, så gratulerer til alle fedre der ute! Inkludert min egen, som mottok ei melding :)

Men alt i alt ei veldig avslappande helg! :)

3 kommentarer:

HM sa...

BARE 90 DAGA TE DU KOMME HEIM :D

mamma sa...

Ja det høres ut som en kjekk helg. Men neste helg må du slå på tråden til dine gamle foreldre
( som snart nærmer seg 100 år......tilsammen ).
Kjekt at du har det kjekt. Klem

Malin sa...

hehehe, likte dette innlegget veldig godt :) spesielt denne kommentaren: "typen som fyller opp koppen din 10 gonger utan at du nokon gong kom så langt at du drakk opp teen før dei fylte den opp." ser det så før meg! han var sikkert knallskjønn <3

Er morsomt koss man bare må ha en matrett som man får på hjernen... Ingveig lagde en kyllinggryte i forgårs, og eg tok en liten smakebit... har ikke tenkt på noe annet siden, og i morgen får eg endelig tid til å lage den! ;)

jaja, vi preikes! take care<3