28. september 2010

JUL

I går var eg ute og jogga, og på veg heim stoppa eg for å tøya ut. Medan eg sto og tøyde ut, i mine egne tankar såg eg plutselig at noko datt ned frå eit tre (sjå bilete)

Det er ikkje nøtter, eg veit ikkje heilt kva det er, men me kan late som om det er nøtter.
Og det fekk meg til å tenke på den ultimate julefilmen - tre nøtter til askepott.

Eg skulle forklare den til ei eg bur me i går.
Det gjekk ikkje veldig bra.
"Uhm, den er på tsjekkisk eller noko." Allereie der var ho skeptisk.
"Men den er dubba til norsk" Dobbel skeptisk.
"Og det er den samme mannen som har ALLE stemmene." Tvilar på at ho nokon gong kjem til å sjå den, ja.

Men når ein tenker over det, så er det egentlig litt sjukt at den samme mannen har alle stemmene. Men me elsker det. Om NRK hadde skifta oversettelsen til mange forskjellige skodespelarar si stemme hadde det nok gått eit ramaskrik over det norske land...

Eg elsker Askepott.
Eg elsker JUL!
Medan eg plukka opp "nøttene" fra bakken tenkte eg på alt som hender på julafta.

Julafta for meg er ein perfekt dag.
Me står opp, og har frukost, ser litt på TV, har heilt vanlige klede. Så byrjar me på Askepott når den kjem på, og ser ca halve filmen før det er graut hos M+M.
Så har me graut og når eg var liten fekk eg alltid mandelen. Dei siste åra har mormor fått den. Nei, eg meiner Kristian. Mormor snik den nemlig alltid oppi grauten hans, og den einaste som ikkje merkar det er han. Så då får han mandelen, og marsipangrisen, noko som er like greit for verken eg eller Hanne Mari likar marsipan.

Når grauten er ferdig er Askepott og ferdig. Så lar me den synke, går og skiftar til finklede og går i kyrkja. Etter kyrkja har me middag hos mormor og morfar igjen. No byrjar eg å setje pris på å bli vaksen, for det betyr at eg no likar ribbe. Trivelig.

Så går me ned til oss og opnar pakkar, før me har kaffimat saman og ringer til folk for å sei TAKK!
Så speler me som regel eit eller anna spel som nokon fekk i presang.

Suksessoppskrift.

3 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Ååå, eg glede meg KNALLMASSE te jul! 87 daga! Å så glede eg meg te du komme heim :D Koselig innlegg!!!! :)

Pappa sa...

Kjekt innlegg med skikkelig julestemning! Synd at det er så mange dager igjen :)

Ellers: Visste du at Thomas Hansen, ungdomspastor i Hillsong Sydney, og musikere fra Hillsong skal på nyttårsfestival i Norge?

Klikk på Pappa for Kristiansandsinfo

Elisabet sa...

HM: I know!! Da blir knallbra!
Eg glede meg te å sjå dåke!

Pappa: Thank you! Me får nyta kva dag i mellomtido ;)
Ja, da visste eg, hehe. Thomas Hansen e pastoren for Powerhouse som e 18-25 åringa, som e da eg gjer ;)