1. september 2010

Life.

Hei Norge!

Tenkte eg kunne komme med ei lita oppdatering om livet den siste veka.
På laurdag dro norsk connect til the Blue Mountains - og eg har dermed oppfylt 3/4 av desse ønska.
Her er eit par bilete fra turen stjelt frå Trine sin facebook

Alle som var med. Oppe fra venstre: Trine, Anna, Annka med Benjamin framfor seg, Darjan, Vegard, Kristian, meg, Sandra og Tore. Nede frå venstre: Linn Therese, Asgeir, Knut, Silje og Jostein.

The three sisters. Nydeleg!

Meg.

Ein søt liten foss.

Ein crazy, stor foss!


Etter turen gjekk me rett i kyrkja, og etter det gjekk eg rett på jentekveld. Så kom eg heim og freaka nesten heilt ut fordi eg trudde nokon hadde stjåle lommeboka mi i kyrkja, noko som ville bety å få eit nytt kort tilsendt frå Norge for andre gong på nokre veker, men så kom eg på at eg hadde gløymt det i bilen eg køyrde heim i frå Blue Mountains, praise JESUS!

Neste dag, søndag, var kyrkje. Søndagar er alltid herlege. lange dagar.
Alle søndagane i august har me hatt noko som heiter Sunday Night Live. Det er ganske vanskeleg å forklare, men i staden for ei vanlig preike har me på søndagskveldane hatt ein person som snakkar, med diverse danseinnslag, sanginnslag, videoinnslag og liknande. Det er veldig nytt og inspirerande.

På mandag kveld hadde me norsk jentekveld med rømmegraut og heimelaga pizza med toro pizzafyll. Det var veldig kjekt, me hadde til og med brunost og alt.
PS! Eg veit dette kjem til å sjokkere - men eg har begynt å ete kanel på grauten!!!!! EG ER VAKSEN FOLKENS!!

I går - tysdag - kveld hadde eg connectgruppe her hos meg, elsker connectjentene mine. Dei er så forskjellige men likevel så herlige!! :)

I dag er kveld for assessments, oppgåver, som så langt går ganske dårlig egentlig, hehehe, føler meir for å oppdatere bloggen. På fredag kveld skal me gjere noko som skjer eit par gonger i året - søndagskveldsmøtet skal være på fredag kveld. Noko som blir veldig kjekt, men som vil seie at på søndag har eg fri om kvelden. Det blir rart. Men eg skal i 10-årsdag (trur eg) på fredag. Det er ein norsk familie her, og dei har to barn, Synne på 10 eller kanskje 11, det må eg finne ut av, og Benjamin.
Så det blir eit norsk "familie"selskap, HYGGELEG!!

Ellers så syns eg at alle som les dette kan skrive ein tre-linjers oppdatering om noko eg ikkje veit som foregår i livet deira i kommentarfeltet. Det kan være type "eg har begynt å ete kanel på graut" eller "eg skal gifte meg" Lite eller stort. Berre noko eg ikkje veit!
Tar du utfordringa?

7 kommentarer:

Solveig sa...

Tre linjer om meg som du ikkje veit:
Eg les din blogg.
Eg har fått ny jobb.
Eg har lyst å læra meg å lika te.

Hanne Mari sa...

Du veit jo alt om meg då, men:)

1. Mitt nyttårsforsett va at eg skulle begynna å lika kaffi - da skjer ikkje:)
2. Eg må alltid ha på høg musikk når eg rydde.
3. Eg har allerede planlagt ein skjønn julepresang te deg :)

Ps. Kor har du fått jobb då, Solveig? :)

HM sa...

Veldig fine bilde forresten! Og eg e stolt av deg for at du har begynt å lika kanel ;) Ka tar du først på, kanel eller sukker?:p No kan du ENDELIG vær me i den evige diskusjonen me har i vår familie om da!:)

Malin sa...

hehe, stemmer det, du har jo alltid bare sukker på grøten. Men synes det er mer inponerende at du spiser SUSHI, ææææsssjjj

okei, skal fortelle degom 3 ting som er gangske trist:
- Jeg har en gigantisk pensumbok på engelsk. Måtte slå opp 3 av ordene i første setningen, og den har sånn 1000 sider, yeeei

-Jeg har 2 pensumbøker på norrønt (nynorsk)

-Jeg har en pensumbok på SVENSK...

save me

Elisabet sa...

Solveig:
Eg drikke te, trikset e å ha melk i teen. Viss me snakke vanlig te og ikkje te med bærsmak. :)

Hanne:
Ooohhh, eg gler meg te julepresangen!! og kanelen på grauten på julafto, nam nam!! :)

Malin:
Ja, men eg ete jo nesten ikkje fiskesushi, berre kyllingsushi.
Og Hahahaha, engelsk, nynorsk og svensk, NICE ;)
E an på norrønt, eller e da bare du som øvedrive, og at da egentlig e nynorsk? :)

Malin sa...

Klart eg overdriver, men du husker den gangen eg trodde gunnlaug ormstunge var skrevet på norrønt og ikke nynorsk, right? nynorsk er helt gresk for meg :P

Elisabet sa...

Hahahahahaha. Da må vel uansett vær lettare med nynorsk enn med norrønt eller svensk ;)