2. september 2010

September er ein fin månad

Det er blitt september. Det betyr HAUST. I Norge.
Eller VÅR i Australia! Det betyr varmare vêr - forhåpentlegvis.
I dag var det regn, og ikkje veldig varmt.
Det gjorde ingenting for meg, regn minnar meg alltid om heime!

Uansett, eg håper på dette (frå bloggen i fjor)
"Og - forresten! Dette er den varmaste våren eg nokon sinne har vore borti, hehehehe. Den første vårdagen var for 13 dagar sidan, i dag var det 35,5 grader. Kokvarmt!!
Eg hoppa uti bassenget, men det hadde ikkje innsett at det skulle være varmt, så den var iskald. Føltes litt som Storavatnet 13 dagar etter den første vårdagen... Heheh
Så eg var tilbake på "land" etter ca 5 sekund. Seriøst. Freezing."


I år har eg ikkje basseng, så den feilen gjer eg ikkje igjen, hoho.
Men akkurat no ser det ikkje ut som at det kjem til å skje med det første, det er visstnok meldt storm og flom dei nærmaste dagane.

Ellers, så tenkte eg at eg kunne sei litt om blue mountains-turen på laurdag.
Det var nemleg ein konkurranse. Kvar bil var eitt team, og målet var å gjere alt på ei liste først og komme først fram til Blue Mountains.
Så ting me måtte gjere, og bevise med bilete.
1. Ta bilete med alle personane på teamet + bilen parkert på parkeringspalssen til Brian og Bobbie.
2. Ta bilete med alle medlemmer framfor "Hillsong"-skiltet.
3. Ta bilete med ein asiat.
4. Fylle bensin for $1
5. Drikke ein heil kopp kaffe med triple shot - trippel så sterk kaffe (eg smakte den - ÆSJ!)
6. Ta bilete med ein gul bil (me gjorde det på motorvegen - eg tok bilete frå baksetet, alle lente seg inn, og bilen framfor oss var gul).
7. Ta bilete med eit skilt med eit guttenamn i.
8. Ta bilete med alle deltakarar i eit tre.
9. Ta bilete med alle deltakarar i lufta.
10. Ta bilete med ein lokal Blue Mountains-person.
11. Filme medan me framførte den norske nasjonalsangen framfor folk og fekk pengar for det.
12. Være først ned verdas brattaste trapper ned til dei tre søstre.

Me gjorde det ganske bra, bortsett fra at me tømte ut kaffekoppen når det var litt igjen fordi den var kald, og at den lokale BM-personen var frå Skottland og at me la oppi pengane for sangen sjølve, og at me hadde komt først ned, hadde det ikkje vore for at me gjekk feil veg. Men me hadde vel ikkje fortjent å vinne uansett sidan me juksa litt, hehe!

2 kommentarer:

HM sa...

Eg og like at da e september, for da e bare den andre i dag og likavel har du skreve 4 innlegg te no:)

Da høres kjempegøy ut me sånne konkurransa:) Synd dåke ikkje vant då;)

Pappa sa...

Her er noe til med september:

1. september skriver Elisabet blog om en sang. I dag, 5. september, hadde vi en taler på bedehuset som sang noe helt ukjent, trodde jeg. Kjente plutselig igjen Elisabetsangen da han kom til koret: "Det er vel med min sjel".

Utrolig sterkt å høre, siden Elisabet hadde fortalt historia bak sangen.

Jeg fortalte det videre til de andre på møtet. Taleren hadde bl.a. nevnt ei dame på 86 som hadde bedt han hilse til ungdommene, og si at hun ble frelst som 15-åring, og det holdt fortsatt 70 år etterpå. Og her var det en som hadde mistet nesten alt som var viktig i livet, og allikevel kunne vitne om at "Det er vel med min sjel".

Merkelig at du skrev dette for under 1 uke siden, Elisabet, og så dukker den opp på første møte på bedehuset etterpå :)