Eg innser at eg har vore svært sløv med denne bloggen i det siste. Beklager!
Det er masse som skjer for tida. Ein av tinga som skjer er jo som sagt USA-turen, men meir om den seinare.
Først - ein av mine næraste vener er i koma, nemlig blackberrien min.
Eller som min venn seier - crapberryen. Fordi den er ganske teit.
Slik skjedde det.
Ein dag i byrjinga av august sett eg ladaren i, fordi batteriet er veldig lågt og det var fullada nettopp. Når eg sett ladaren i skrur mobilen seg av. Sidan har den ikkje vore på.
Etter å ha sendt den inn to forskjellige stader for reperasjon fekk eg den endelig igjen på tysdag. 'Legane' seier at det ikkje er håp.
Eg har lagt den i ein pose med ris fordi det visstnok skal hjelpe, dei seier det er vatnskade.
Det er håp til ein gir opp håpet, og eg skal ikkje gi det opp.
Venninna mi Juliette sin mobil datt i toalettet og ho hadde den i ein rispose i fire dagar og då var den så god som ny.
Ellers så tenkte eg at eg kunne fortelje litt meir om denne USA turen. Venninna mi Vanessa er frå Canada, men budde i Kentucky før ho kom hit. Der møtte ho Beau og dei vart saman. Så kom ho hit og var her i 2009 med meg. Så reiste ho heim og dei visste heile tida at dei kom til å forlove seg då. Ho sa til meg at ho kom til å invitere meg til bryllaupet. Eg sa at eg ikkje kunne komme.
På fredag i førre veke fekk eg invitasjonen. Og eg tenkte "ååhh, eg skulle ønske at eg kunne dratt. Men eg kan ikkje. Men tenk om det hadde vore neste år, då kunne eg dratt for då får eg støtte fra Lånekassen... Eg hadde så dratt om det var neste år."
Men så kom eg på at kva om eg berre låner pengar frå mor og far og drar no og betaler dei tilbake når eg får stipend?
Eg ringte til mamma og ho og Hanne Mari sa at eg måtte dra! Så då drar eg.
Onkel Jarl og Åse Marie bur i California, den gråe på vestkysten. Vanessa giftar seg i Kentucky (Ky), den lyseblåe sør for Illinois og Ohio. Så eg flyr over store deler av Amerika, det blir kjekt.
Ellers så har me hatt eit seminar i kyrkja denne veka. Det er eit helbredelse-seminar som fokuserer på fysisk, mental, åndelig, finansiell og seksuell helse. Det har vore veldig interessant.
Den første kvelden i går, hadde me Doktor Robi Sonderegger som er ein klinisk psykolog, som studerer hjernen. Han sa diverse interessante ting.

- 90 % av ALT me (vitskapsmenn) veit om hjerna i dag har blitt funne ut av dei siste FEM åra.
- Om du førestill deg at du gjer noko, vert du betre til å gjere det. Faktisk gjorde dei ein undersøkelse der dei hadde tre grupper. Dei sjekka kor flinke dei var å treffe korga med ein basketball. Så fekk den første gruppa beskjed om at kvar dag skulle dei trene 15 minuttar på å kaste ballen i korga. Den andre gruppa fekk beskjed om at kvar dag skulle dei i 15 minuttar late som dei hadde ein ball i handa, sikte og late som dei kasta den i korga. Den tredje gruppa skulle ikkje ein gong tenke på ein basketball. Og resultatet - den første og andre gruppa forbetra seg like mykje - når du tenker på ei handling gjer den deg betre.
- Dersom nokre andre gjer noko sender nevrona i hjernen vår signal ut som om den gjer det sjølv. Difor, når du ser på ein romantisk film og hovudpersonane vert saman i slutten, eller noko trist hender, får du ein følelseslada reaksjon. Eller kanskje det berre er meg.... Men eg trur det var difor eg syns slutten på Rain Man var verdens tristaste når eg var liten. Hovudpersonen måtte sende sin autistiske bror vekk med eit tog, det er heilt feil!!
- Sitat Robi Sonderegger: "Å ikkje tilgi andre er som å drikke gift og håpe at den andre personen dør."
I dag var Sy Rogers og talte.
Sy vokste opp i eit vanskeleg miljø, mora var alkoholikar, og døydde av fyllekøyring, stefaren misbrukte han, faren sendte han frå seg etter mora døydde fordi han trudde det var for hans eget beste, han kom inn i eit homofilt miljø, han var på veg til å ta kjønnskifte då han møtte Jesus. Han snakka om veldig mykje bra:
- "Heterofile mennesker kjem ikkje til himmelen, frelste mennesker kjem til himmelen."
- Det er mange faktorar i utviklinga av seksuelle problem, dei er enten biologiske, følelseskapte eller åndelege. Biologiske = Genetiske, hormonelle eller nevrologiske. Følelseskapte = Kulturelle inflytelser (familiebakgrunn, media, folk rundt den), oppfatningar, spesielle hendingar. Åndelege = vår falne natur, synd i generasjonar, satanske inflytelsar.
- Ved biologiske bakgrunnar må me laga ein ny måte å tenke og svare på til stress i livet.
- Ved følelseskapte bakgrunnar må me la Gud få rense såret.
- Ved åndelige bakgrunnar må me overgi oss til Gud.
I tillegg hadde me to "topp ti"-lister, ein kvar kveld.
Topp ti måtar å ha god finans:
- Gi tiende.
- Ikkje bruk meir enn du tjener.
- Om du har store avgjørelser å ta, spør om råd.
- Ha syltetøyglas - ikkje nødvendigvis ekte glas, men kanskje små kontoar du set inn pengar på for diverse formål, f.eks for å kjøpe hus, eller for god utdanning til barna dine osv.
- Ha perspektiv. Skattane fins i himmelen, det som er på jorda er rust i forhold.
- Slutt å ha kredittkort. Ha debitkort i staden for.
- Reduser kva som er behov. Vær nøgd med det du har.
- Ikkje vær sjalu på det naboen din har.
- Vær generøs. Til og med sjølv om du ikkje har pengar. Du kan være generøs med tida di eller med orda dine.
- Regnfulle dagar vil komme - ha ein paraply. Vær forberedt.
Topp ti tips for fysisk helse.
- Spis sunt, sjølvkontroll er ein livsstil.
- Gå daglig.
- Vask deg ofte.
- Sov fredfullt, ikkje legg deg for seint.
- Tenk positivt.
- Erklær det bibelen seier, til dømes "ved hans sår har vi fått legedom." (Jes 53:5)
- Opptre rent.
- Lev i takknemlighet.
- Jobb avslappa.
- Kjemp med nebb og klør.
Forresten, når Robi Sonderegger snakka så snakka han om at ting ein tenker på kan være relatert i hjernen med kjensler. Så om ein for eksempel hadde starta opp Hillsong Antarktis så kunne den ein sendte ned der ha mangel på sol og bli deprimert. Når den personen då kom heim igjen ville den bli trist kvar gong nokon sa Hillsong Antarktis. Uansett, ein må lage ein ny link som gjer at personen koblar Antarktis med glede.
Uansett i dag i Chapel seier talaren. Eg syns så synd på alle nordmenna når Robi sa at ein vert deprimert av mangel på sollys. Ikkje rart de alle er så glade her heile tida, det er vel på grunn av alt sollyset det...
Uansett. That's it. Logging off. Shutting down. Natta