5. desember 2009

Snart heima!

No er klokka 07:51. Drar ca 11:45. Flyet går 16.30. Er heime i morga norsk tid 09.30

SNAKKES!

1. desember 2009

Den siste veka: Moro, glede, triste tårer, feiring.

Hillsong International Leadership College er offisielt over for 2009. Slik skjedde det.

Førre veke hadde me skule tysdag og onsdag. Tysdag hadde me skule saman med både Hills campus og City campus. Me hadde fantastiske Robert Fergusson som preikar (Pastor og lærar i kyrkja, brite, legendarisk) + ein som heitte Brenden White, som er pastor og som starta Hillsong PARIS. Kult!

Det var ein fantastisk dag, good times.

På onsdag hadde me Hills på Hills og City i City. Me hadde bønn for folk og Phil Dooley preika. Denne mannen er veldig veldig morsom. Men mest av alt er han ein fantastisk man of God som hadde masse bra å seie. Han er pastor i Hillsong Cape Town, etter å ha leda ungdomsarbeid og vore pastor her i rund 15-20 år.

Torsdag hadde me graduation dinner i byen. Eg, Erica, Imogen og Heather bestemte oss for å dra ut litt før, sove på hotell og nyte dagen, veret og byen.
Me fekk eit fantastisk hotell, med to etasjar, to soverom, tre bad, stor tv, stove, kjøkken, ALT me trang, to minutt frå der middagen var (til fots). (Bortsett frå når du går med høge helar og for store sko..... Snakkar av erfaring.)



Vårt fantastiske skap som me alle fekk plass i. Fleire bilete kan sjåast på facebook.


Graduation dinner var veldig pynta type. Alle hadde nydelege kjolar osv.
Her er eg og Daniela (mexico). Første gang eg har ever sett ho med stritt hår. Nydeleg.



Helga gjekk ganske som normalt. Min siste "Street Team" på nesten to månader. David sin siste ever. Trist.
I kyrkja ba dei spesielt for alle collegestudentar, noko eg likte.

I går kveld hadde me graduation ceremony. Det betyr at alle studentar som no reiser heim etter 1, 2, 3, 4 eller 4,5 år på college gjekk på scenen, tok Brian og Bobbie i handa, fekk vitnemål og gjekk tilbake. Var ein veldig bra kveld, men sentimental. Nokre av desse fantastiske folka kjem eg nok ALDRI til å sjå igjen.
Farvel er eit vanskeleg ord.

Eit døme: Lisa frå Sverige får beviset på at ho er ferdig på college.
Etterpå, hurra! Me er ferdige

Og eit trist, trist, trist, trist farvel med VAKRE Lynnae frå Canada :(

24. november 2009

Erica sin bursdag, mandag 23. november

Søndag etter kveldsmøtet kjørte me ein gjeng for å overnatte på stranda. Etter MYKJE om og men (fann ikkje veien, stoppa på McDonalds, kjørte til feil strand) kom me endeleg fram rundt midnatt. (Etter å ha kjørt heimafrå rundt 21:45....)

Det var mørkt, og ganske kaldt, så eg ver glad eg hadde tatt med meg gode klede. Takk til mamma for å ha lært meg det, hehehe. Me gjekk ut på stranda for å sove, og gjekk ganske langt for å komme til ein fjellvegg der det var ly for vinden.

Eg var livredd for slangar og edderkoppar, tenk kor farlige dei er då. Men dei bur no ikkje i sand, så eg klarar meg :)

Men det hjelp ikkje med ly for vinden når regnet kjem. Sidan te byrja å regne bestemte me oss for å gå tilbake til bilane...

Okei. Digresjon. Eg, Elisabet F. Giske, har blitt klomsete. Truth. Når me for til Tasmania i mai, klarte eg å dette ned trappa rett før me dro, og gjorde foten min lilla. For eit par veker sidan når me var i Sydney snubla eg og datt framfor operahuset. Kloms, kloms, kloms.

Og når me no gjekk tilbake til bilen, i mørkret, på stranda, tenkte eg "sand, sand, herleg sand", før sanda gjekk over til ein hard stein, heilt plutseleg. Eg datt flat på steinen, raspa opp deler av kroppen og fekk ei stygg, blødande tå. Æsj. Så no håpar eg den, og brannsåret på armen min blir bra før torsdagens graduation dinner.

I alle fall. Det slutta å regne, men 6 av jentene (me var 7 jenter) bestemte seg for å sove i 3 bilar, mens gutane og Erica sov på stranda. Eg sov så godt at eg ikkje eingang vakna til soloppgangen, men eg trur eg sov feil for no kan eg ikkje lyfte høgre armen min opp 45 grader ein gang, utan at den gjer vondt. Hmm hmm.

Når me vakna møtte me på dette problemet.


Jepp. Har eg nevnt at 10 floger her er meir irriterande enn ein billion floger i Norge? (Og at ingen skjønar ordet floger her, "Hva? Fluer?") Flogene går alltid etter munn og nase. Og der vil ikkje eg ha dei.....

Så me kjørte til ei anna strand, og hadde frukost eller meir brunch der. Grillmat, nam. Og så fann me ut at me var ganske trøytte, så me kjørte heim og sov.

På kvelden såg me Twilight: New Moon. Skummelt? Oh yes. Bra? OH YES. Har nokon andre sett den? Likte dåke den?

14. november 2009

Ein fantastisk dag.

I dag for eg, Aynsley, Imogen, Rachel, Darren, Sam, Dag og Alex, dei fleste går i klassen min, inn til byen for å forsinka feire Aynsley sin bursdag. Eg og Ayns hadde planlagt ein konkurranse, men sidan me ikkje var så mange som me skulle vore, vart konkurransen i staden eit samarbeid, der me gjorde det me skulle gjort i konkurransen, men me konkurrerte ikkje om det. Eg endte opp med 484 bilete frå kvelden, og sjølv om eg har veldig lyst kan eg ikkje vise alle. Eg skriv nok meir om den ein anna dag, men her er NOKRE bilete


Me stappa 7 folk inn i telefonkiosken, noko som fekk denne turisten til å stoppe å ta bilete. Morsomt!



Australia har ein fantastisk pannekakerestaurant som heiter Pancakes on the Rocks. Kjempegodt. Pannekaker, is, banan og ein god saus på min!



Ein del av spelet var å gå bak så mange folk som mulig å ta bilete av dei utan at dei veit det. Her er vårt første offer, asiaten, som har Darren gåande etter seg. MORSOMT. Hvertfall om du var der.



Hey er Aynsley sitt offer (offeret me raudt skjerf, Aynsley bak)



Dette er framfor operahuset. (Operahuset er bak fotografen.) Me måtte danse foran operahuset, og eg dansa med Dag, som snurra meg rundt og rundt heilt til me begge datt. Eg datt berre litt, men fekk så latterkrampe at eg la me flat ned og berre lo. Du må kanskje ha vore der for å skjønne den, men det var kjempemorsomt.



Gutane viser styrke. Dag på bunnen, så Darren, Alex og Sam på toppen. Eitt halvt sekund etterpå var dei alle på bakken.



Jentene sit på ei løve. Eg, Imogen (framme), Aynsley (bak) og Rachel.



Alex bunde fast til eit tre med gaffateip. Me forlot han der. Heheh, neida :)



På toget heim hadde alle sjuke frisyrer, gutane slo til med afro, hockey og midtskill, Rachel og eg hadde det gøy på vår måte.

Hahahah. Bilete snakkar for seg sjølve. Brite....

God natt!
(Ps, Remi. Bilete. Kommenter)

9. november 2009

hødgepunkta dei siste dagane.

I dag fann eg og Aynsley ut at me skulle gjere assessments samtidig, og konkurrere om å bli først ferdig. Etter 3 timar med hardt arbeid ropte eg "EG E FERDIG!"
Uttrykket på andletet hennar var best! Når eg sa det var ho nemleg på den siste setninga.
Haha, var fantastisk.

Ellers har eg snakka med mormor og morfar i dag, var veldig kjekt. Er 27 dagar til eg ser dei no, så det blir konge!
Mormor gav meg oppskrifta på muffinskaka si, og eg laga den. Vart veldig god, men ikkje så god som mormor si.

Det er alltid sånn. Når mormor gir meg oppskrift på noko, blir det alltid nesten like godt som mormor sitt. Som vaflar. Dei vert gode, men mormor sine vert betre. Eller potetstappe. Eller muffinskake.

Eg skjønnar det ikkje. Hmmm...



Uansett, gårsdagens andre store hending var albuminnspelinga. I mars hadde me 2009 albuminnspelinga, som kom ut i juli. For neste år hadde me albuminnspeling no i november, så dei har lengre tid å redigere den på før neste juli.

Det er ein drøss med FANTASTISKE nye songar. Eg elskar dei. Eg elskar tekstane, dei er utrulig djupe.

Det var i Sydney Entertainment Centre, same staden som me hadde Colour i mars, ver kjekt å være tilbake der.

Etterpå gjekk me rett opp gata til Chinatown og eg kjøpte thaimat. Har enno ikkje kome meg heilt inn i kinamat, men thai er ok. Til tider.

Eg hadde forresten ein veldig sterk thai ein gang, og då måtte eg ha litt melk for å stilne sterkheten. Det hjelp, altså!! : - )


Ellers så er eg framleis i lykkerus over Aalesund. Det var ein fantastisk kveld. Eg er utrulig imponert over taktikk og over laget. 10 mann så lenge, og framleis vinne, medan det var det andre laget som låg nede med krampe heile tida.

Snakkes snart. Heime om 27.

xoxox

GLEDE!


Verdt å være oppe til 02.31 for.
Den mest spennande kampen på lenge, både på grunn av det som skjedde, og fordi den hakka mykje når eg såg den på tv2.no, til dømes rett før det avgjerande straffesparket.
Eg grein når Aalesund scora 2-2 målet, kanskje delvis fordi klokka var 2, og eg sto opp 05.45.
Eg er imponert over at dei spela med 10 mann så lenge og likevel kom tilbake igjen og igjen.
Eg er sjokka over kor mange spelarar eg aldri har høyrd om, som keeperen, Stephenson og Philips. Og eg syns litle prinsessa var skjønn.
Og no BØR eg sove.
Skal prøve å blogge om dagens høgdepunkt seinare. I morga(?).
Dette var nattas høgdepunkt, dagens høgdepunkt kjem.
God natt. Her er det "i morga". Hahaha.

6. november 2009

Brian og Bobbie

Brian og Bobbie Houston er hovudpastorane i Hillsong kyrkje. Dei er travle folk, og er mykje på reis. Grunnen til det er at dei er ganske store navn innan kristenliv, har hatt Hillsong Sydney i 25+ år og tilbringer masse tid i USA, + Hillsong London, Stockholm, Kiev, Paris, Moskva, Cape Town og Brisbane.
Dei reiser masse, og når dei er heime deler dei tida si på Hills, South-West, City og i Brisbane.

Derfor, er dei nesten som kjendisar her. Samtidig som dei er utrulig morosame, men og inspirerande, og fantastiske ledarar.

Når eg gjer car park for Hillsong Women kvar torsdag, og Bobbie er der, føler eg alltid at eg vinkar til ein kjendis når ho kjører forbi eller seier "How are you?"

Men eg har aldri snakka med nokon av dei. Vel... før i dag.
I dag var første kvelden av Men's Conference, ein bra kveld. Eg og Aynsley venta på Julia og Isabelle etter me var ferdige å tjene for å sitte på med dei heim.
Når me endelig gjekk var det ganske seint, kanskje ein time etter møtet slutta.

Me går til bilane og snakkar om folk. Plutseleg stoppar ein bil og ut stikk eit hovud og seier "Eg trudde dette var Men's Conference, det er jo fleire jenter enn gutar her." Eg ser opp, og der er Brian's hovud halvt hengane ute av vinduet.
Me blir satt ut litt og Aynsley klarar å få fram orda, "JA, me er her berre for gutane."
Julia seier "me klarar ikkje halde oss unna."
Brian får latterkrampe, og seier noko som "ha ein fin kveld"
Så køyrer han.

Før me ein gang før tid til å tenke, ser me at bilen bak han stoppa opp, og vinduet går ned, og der er Bobbie. (Dei køyrer alltid to bilar, for dei må vere der på forskjellige tider.)
Ho har eit uttrykk som eg har sett på mormor sitt fjes mange gonger. Eit uttrykk som seier "kva gjorde han no", på ein morsom måte...
Ho seier "what was that"
Me seier: "å, han berre kommenterte at det er meir jenter enn guter her på ein Men's Conference."
Ho ler, og seier, "tjente dykk?"
Ja, seier me.
"Tusen takk for hjelpa" seier ho. "Med alle desse menna. Det luktar ikkje akkurat som på Colour her (kvinnekonferansen)", legg ho til, og ler. og seier god natt.

Me går ca 2 meter før Ayns seier OH MY GOSH!! Så tar det to minuttar, før me alle innser kva me sa. Me klarar ikkje halde oss vekke frå gutar? What?
Sa me nettopp det til BRIAN HOUSTON?
What?

Anyways, det var dagens høgdepunkt, hehehe.
No må eg stikke ned, skal inn til Aynz's rom om 6 minutt og synge bursdagssang. Adjø!

3. november 2009

Vår?

Det er november, og framleis vår i Australia. Men i dag føltes det ikkje heilt sånn.
Vår er som regel ikkje å gå heim frå skulen å kjenne svetten renne.
Vår er som regel ikkje tilbragt ved og i eit basseng.
Vår er som regel ikkje tresifra på Fahrenheitskalaen.
Vår er som regel ikkje varmare utanfor kroppen enn innanfor kroppen.
Om våren sit du som regel ikkje framfor PC'en i bikini, og dør framleis av varme.

(Klikk på biletet for å gjere det stort)
På biletet seier det 37 grader. Men klokka er 18.00 på nevnte bilete. Så sånn kan det gå. Kor varmt det var før i dag veit eg ikkje...

I dag hadde eg min første eksamen sidan juni 2008. Spenannde. Den var i doktrine. Så hadde eg den mest lærerike timen eg nokonsinne har hatt trur eg. Om Johannes' åpenbaring. Den timen forandra min oppfatning av kva Johannes' åpenbaring egentlig handlar om. Sjukt interessant.

Må berre legge ved dette biletet. Førre veke laga eg pannekaker, og den eine forma seg slik:
Nokon som ser kva dette liknar på? 10 poeng til den første som ser det!

Ellers så vart eg bitt av mygg i går, og armen min ser no slik ut:
Jepp. Raud og opphovna.
Då er det greitt å ha allergitablettar - og insektssalve frå Astrid! :)
Ha ein superkald dag heime! :)
SNAKKAST

2. november 2009

Skypesamtale


...min fantastiske familie!


29. oktober 2009

Mitt liv sidan sist.

Okei, så eg har vore utan internett litt for lenge så er kjem ei rask oppdatering.





Med få ord: Livet er travelt.


Med mange ord:





For eit par veker sidan byrja internetten min å leke seg.


Eg måtte holde den på ein spesiell måte for å få den til å funke, og når eg glapp så kobla eg frå internett. Noko som var ganske frustrerande.





Så forrige veke på torsdag etter skulen for eg med buss til Parramatta (25 minutt busstur) og så leverte eg den inn til reparering, og dei sa den skulle vere ferdig fredag eller mandag og at dei skulle ringe meg, og om dei ikkje hadde ringt kunne eg ringe dei på tirsdag.


Fredag gjekk, mandag gjekk og ingen ringte.





Mandag hadde eg tre assessments som skulle inn, korav ein av dei trong internett for å researche, som det heiter på godt norsk. Men takka være mine herlege venner og housemates Erica og Aynsley som lånte meg internett fekk eg gjort jobben min. OG sett ein ny episode av Criminal Minds. Og gått til National Connect Leader's Meeting. Fordi eg er ny leder av norsk connect, hurra :)





Tirsdag kom og eg tenkte eg skulle ringe, men eg innsåg at sjølv om eg ringte ville eg ikkje hatt tid til å dra inn.





Eg hadde skule frå 10.15 til 16.20, så hadde eg cleaning teams frå 16.30 til 17.45, så ga eg respons på Carolin sin dans frå 17.50 til 18.00, og åt med Lydia frå 18 til 19, og hadde Leadership Vision Night (møte om kyrkja og kva nye prosjekt som er på gang osv, 4 gonger i året) frå 19.30 til 21. Travelt





Onsdag fann eg ut at eg skulle dra inn, så etter college frå 10.15 til 16.30 gjekk eg til bussen. Den gjekk 16.50, var i Parramatta ca 17.20, butikken stengte 17.30, så eg sprang (tipper det er ein 7-8 minutter å gå frå bussen) og rakk akkurat å hente den. Så gjekk eg rett tilbake til college for å være på Powerhouse leaders meeting klokka 18.45.





Men når eg satte internetten inn sa den "no sim card detected". Dei hadde gløymt å ta med sim-kortet mitt. Frustrert? Ohjess!!





Så i dag hadde eg Sisterhood frå 8.45 til 12, så for eg og Imogen, ei god venninne til den næraste three-butikken (paramatta-butikken er der dei reparerer) og fekk meg eit nytt simkort, og kom tilbake klokka 12.55, neste time var 13.00.


Så var eg ferdig klokka 15.15, og for heim, registrerte sim-kortet, og no driv eg å oppdaterer alt eg ikkje har oppdatert på lenge!





I kveld har eg ein jente/lederkveld. Som eg gler meg til, men som samtidig er ein del av travelheten i veka mi. Men det er ein ganske viktig kveld, så eg vil absolutt gå.





I morga har eg college og Imogen sin bursdag, og laurdag har eg Street Teams, men eg kjem nok ikkje til å gå fordi eg har sju assessments som skal inn på mandag/tirsdag og ein eksamen på tirsdag (nei, det er ikkje så travelt som det høyres ut som, dei fleste assessmentsene er ganske lette).





Og søndag er det kyrkje og del ein av vår albuminnspeling.

Neste veke er det
  • 5 assessments på mandag,
  • to assessments og ein eksamen på tirsdag,
  • verdenspremiere på ein film kalt iHeart på onsdag i USA som er laga av Hillsong og me skal være med på ein link og vinke til alle i dei over 500 kinoane som viser den i USA og Canada (høyres det lite ut? Vel, i heile Australia er det berre 120 kinoar. Sikkert ikkje fleire i Norge.) Blir så bra. Om den kjem til Norge kjem eg til å tvinge alle dykk til å sjå den. Den er i Australia 18. november. Kom å sjå, hahahah!
  • Vanlig dag torsdag.
  • Men's Conference fredag og laurdag. (Der skal eg tjene i "New Christians", gleder meg.)
  • Og albuminnspeling søndag.
Puh. Eg syns det er travelt berre å skrive, heheheheh.






I morga er det forresten PAPPA sin BURSDAG! Hipp hipp HURRA! Alle saman, gi han ein klem frå meg :D





Sorry, Remi, no skriv eg igjen. Sidan du ikkje likar dette, så skal eg gjer som Malin. BILETE av DEG! :D hAhahaha.






Eg har tru på at dette funkar og at eg får mange kommentarar. Frå dykk to.
Hanne Mari, hugsar du lykketrolla? Du ser ut som eitt her. Haha. Dykk er verdens skjønnaste! Ever.

No må eg gå og gjere meg klar til jentekvelden. Ledaren min skal nemleg ta bilde av oss alle og legge ut på facebook for å bevise og ho har den vakraste "zone"-en i Powerhouse. Hmmm...

Var det for mange Hillsong-uttrykk her? Forvirra? I så fall, sorry.

No skriv eg alt for mykje. Snakkast.

22. oktober 2009

Elisabet gjer ting ho ikkje kan: I dag: Ete blekksprut

Det var ein gang ein vakker dag i Sydney, Australia. Sola skein, himmelen var blå og Elisabet, Erica og Imogen sat å nytte veret og lunchen sin. Elisabet sin lunch bestod av gulrøtter og hommus, og det var ho nøgd med.



Men så kom latin-amerikanarane. Ein gjeng med gutar frå Mexico, Colombia og andre land ingen har høyrd om. Og dei åt ting ingen har ete. Som blekksprut.


Luis frå Mehiiico (som og går under namnet Mexico) sat og åt blekksprut. "Æsj", sa alle jentene. "Kult!" sa alle gutane.

Luis åt og åt, heilt til han fann ut at han var ganske mett. Då hadde han ein bit igjen. "Har nokon lyst på?", sa han. "Nei", sa alle gutane. "Nei", sa alle jentene.



"Kvifor ikkje, det er veldig godt", sa Luis. "Eg likar det ikkje", sa Erica. "Eg likar det heller ikkje så veldig godt", sa Imogen. "Det ser ekkelt ut", sa Elisabet.


"Har du smakt det?", sa Luis.


"Nei, er du gal", sa Elisabet.





"Smak det, det er godt", sa Luis. "Du er norsk, du må då ete sjømat..."


"Okei då", sa Elisabet.



Som sagt, så gjort! Elisabet åt (ikkje alt på ein gang som gutane ville ha det til), og det var ganske godt! Det skal gjentas. Ein annan dag Elisabet er i eit crazy humør.

Og alle levde lukkeleg i alle sine dagar.

Snipp snapp snute, så var eventyret ute! (Men det var sant altså)

19. oktober 2009

Encounter '09

Internet USB’en min er øydelagt. Den funkar berre når eg held den på ein spesiell måte, og då berre i 1-2 minutt.

Så derfor skriv eg dette i word, og skal bruke 1 minutt med internett på å gå innpå bloggen og laste opp dette innlegget.

Takk for alle kommentarar på det forrige innlegget. Grunna mitt 1-minutt internett så fekk eg ikkje svart men eg har lest dei. Mamma, ikkje bekymre deg om engelsken, det går så bra så. Remi: Sorry, grunna min 1-minutt internett – ingen bilete her, og det blir nok mykje skriving. Skal prøve å bli flinkare med bilete :)

----

Denne helga – torsdag til laurdag har me hatt Encounter – konferanse. Det er ein årlig ungdomskonferanse frå 13 år til 25 år. Så eg var vel ca midt inni der.

Konferansen har vore fantastisk! Me har lært mange nye songar (neste albuminnspeling er 8. november), og eg trur dei fleste av dei kjem til å bli blant mine store nye favorittar – dei er såååå gode!!

Me har hatt utrulig gode stunder der Gud har vore utrulig tilstade. Eg sit og ser igjennom notatane mine og ser på kva eg skreiv og det har vore stort. Her er eit lite utdrag oversatt til norsk:

”Gud er ein valets Gud. Han valte å skape, han valte å kome til jorda som eit menneske og sette grenser for seg sjølve frå ein allmektig Gud som kan være overalt på same tid til eit menneske. Han valte å bli fødd i ein skitten stall av eit fattig ungt par. Han valte å ikkje synde, sjølv om han var frista på alle mulige måtar (Hebrearbrevet 4:15). Han valte å leve eit prikkfritt liv, å være lammet som vart ofra for menneska sine synder. Han valte å dø for meg og deg. Han valte å skape meg i den tida eg er i, og i den familien eg er ein del av, og i det landet eg vart fødd i. Han valte meg før verda vart til, og eg var alltid ein del av hans plan. (Efesarbrevet 1:4) Alle desse vala er bevisste og for grunnar som er større enn meg og mine planar.”

Gud er i full kontroll over mitt liv akkurat no. Eg trur ikkje på tilfeldigheter. Eg trur ikkje at det var tilfeldig at eg laga ei facebook-gruppe for alle som skulle byrje på Hillsong samtidig som meg, og at eg endte opp med å flytte inn med 4 av jentene i den gruppa. Eg trur ikkje det er tilfeldig at same dagen som eg ba (for 6 månedar sidan) om at Gud måtte vise meg nokon som trong han som eg kunne snakke med, gjekk eg innpå Facebook og ein gut eg gjekk på vidaregåande med som eg aldri har hatt ein full samtale me kommenterte på statusen min. Og eg trur ikkje verda vart til ved ein tilfeldighet. Eg trur ikkje at ein tilfeldighet gjorde at det kom ein svær eksplosjon som etter lang tid gjer at me er her.

Kanskje var det ein svær eksplosjon som gjer at jorda er slik den er osv; det veit ikkje eg, eg var ikkje der. Men eg trur at Gud skapte verda med vilje og med ein plan for kvar og ein einskild person han skapte!

13. oktober 2009

Den første oppdateringa på 100 år....

... sorry alle saman for at eg ikkje har oppdatert på ei stund. Eg burde skamme meg.

I dag var det siste dagen med skule på ei veke, no har me mid-semester break. Då skal eg være i Sydney, det blir heeeeerleg. Dei to andre feriane har eg vore på to av verdens minst befolka stader, Tasmania og Fitjar. Nei, det var ein tull.
Men poenget: Eg har vore vekke heile begge feriane. Så det blir deilig å være her.

Då skal eg nemleg først på ENCOUNTER og så på WICKED mens eg skal tilbringe resten av ferien ved BASSENGET.

Encounter: Ungdomsfestival på Hillsong - ein gong i året. Frå torsdag til laurdag denne veka.

Wicked: Musikal. Har sett den ein gang før med H og G i London. No skal den sjåast med Erica from America i by'n. Gleder meg utrulig mykje, trur den er min favorittmusikal så langt i livet.

Grunnen til at eg skal henge med bassenget er at eg skal bli brun. Grunnen til at eg skal bli brun er at eg skal vinne eit veddemål eg har med Hanne Mari og Remi om at eg skal være meir brun enn dei når eg kjem heim. Og dei har varsla at juksinga snart byrjar. [host]solarium[/host]

I morgon har dei kidsfest i kyrkja, ein barnefestival. Det er vårferie for borna her no, så i dag etter college gjorde alle klar til i morgon. Blant anna satte dei fram ca 10 tv'ar med forskjellige TV-spel på (blant mykje anna). Eit av dei var Mario Kart.
Så midt i støvsuginga av klasseromma (clean teams) fann me ut at me ville prøve Mario kart. Så me satte fra oss støvsugarane og bossposane og satte oss ned og spelte. Meg, Jillayna frå Canada og Stewart frå England.

Sjølvsagt kunne det ikkje gå annleis enn at eg vann, med den erfaringa eg har. Men me blei veldig gira alle tre, og gløymde eit augneblikk at me ikkje var 10-åringar. Og at me ikkje var åleine. Og at alle andre rundt oss lo av oss. (Og at me var kristne. Og at me var i kyrkja. hahaha. Neida. TULL)

I alle fall, om TO dagar, den 15. oktober har mi kjære MOR bursdag!! Hurra! Ho er framleis ganske ung, då, ho blir ikkje gammal før til neste år, hehehe.
Og om SYTTEN dagar, den 30. oktober har min kjære FAR bursdag. Han er enda yngre.
Det er nemleg femten dagars aldersforskjell mellom mamma og pappa. Og pappa er yngst. hehehhe.
I alle fall. Alle mine kompisar og kompisinner heime: Gi dei eg god klem frå meg. Og ikkje gløym dei!

Ellers ser hausten (våren?) slik ut:
6.-7. november har me Men's Conference. Eg har veldig lyst til å gå men får ikkje lov. Hahah. Då kjem det mange menn (gutar?). Eg trur alle jentene må serve, mens alle gutane får delta. Det er nemlig ikkje så stort som colour conferansen så dei treng ikkje like mange folk.

Den 8. november har me ALBUMINNSPELING! Dei har nemlig flytta den frå mars til november no. Så det blir KONGE vettu! Som Ålesundarane alltid seier. Konge vettu.

Den 26. november har me graduation dinner og den 30. november har me graduation ceremony.

Den 5. desember sit eg på fly til Norge. Sydney - Bangkok (trur eg) - København - Bergen. Altså. DANMARK denne gangen. Den blir bra. Eg kjem ikkje til å skjøne noko som helst, men men. Eg skal kjøpe meg ei potet - stappe den ned i halsen og snakke norsk, så skjønar i alle fall dei meg ;)

Eg landar i Bergen 6. desember på morgonen og skal skynde meg heim, (okei, morsomt, når eg skulle skrive skynde, skreiv eg "synde". Synde meg heim?) for så og gå på møte på Stord Bibelsenter!! :D Jess!

Ellers skjer det MASSE i desember. Feiring av MORMOR sin 80-års dag (jess, that's right!) den 12. desember, kanskje ein tur til Ålesund og besøk av Canada.
Og så er det jo JUUUUL!! Som Hanne Mari var så snill å minne meg på då ho sendte brev til meg no nettopp. Fekk eit koseleg, fargerikt brev og to stimorol fusion tyggispakka! JESS!

4. oktober 2009

Internett og maleri

Internett i Australia er forferdeleg.


Eg har 3 GB i månaden, men no har ikkje Maggie hatt internett så no har eg brukt det opp. Så no har eg ikkje internett før 10. oktober, men då skal eg oppgradere til 6 GB trur eg, og berre betale meir!





I går var eg på Art og Music fest hos mine vener Darren og Rachel frå England
Kjøpte Darren sin cd.









Og eit maleri av Rachel





Det står (skjult) "Passion". Love it!

Men no skal Erica få internetten sin igjen.
LOVE!

28. september 2009

Veka som var.

No skal eg straks legge meg, men eg fann ut at eg burde oppdatere bloggen min. Før eg fann ut kva eg skulle skrive om spurte eg Erica; ho sa eg burde skrive at: "Erica is the coolest person in the world."
Så eg sa at det skulle eg gjere.
Og det har eg gjort.

Tenkte berre eg skulle sende ein liten update på kva eg har gjort i veka som var. Små ting og store ting.

- Onsdag og torsdag hadde me Healthy Home seminar med kyrkja. Onsdag kveld snakka doktor Robi Sonderegger og barneoppdragelse og litt anna. Torsdag snakka John og Helen Burns om ekteskap men og om forskjellen på kvinner og menn sin hjerne - lærte utruleg mykje!

- Tirsdag var eg i den lokale videobutikken og fann ein film eg har savna. så eg kjøpte den. Og eg elsker den. Det er den ultimate romantiske komedie. Ever made. Og utrulig morsom. Kva for ein film? NOTTING HILL!!! <3

- Søndag var eg som vanleg i koret - og eg har vendt meg til å stå opp klokka 05.30. Seriøst. Eg la meg ca rundt midnatt og eg hadde ingen problemar med å stå opp. At all. Men eg hadde problem med å halde meg vaken om kvelden. hehehe.

- I dag laga eg (igjen) heimalaga kjøttkaker, og dei vart veldig gode. I tillegg hadde eg heimalaga potetstappe. Og på ein eller anna måte klarte eg (igjen) å ta for mykje pepar i den. Forrige gang øydela det heile middagen, så denne gangen sa eg til Erica at ho måtte google "what do you do when you have too much pepper" og alle sidene sa at eg ikkje kunne gjere noko med det. Før til slutt ein sa ta i litt sitronjuice eller saft frå ei sitron. Og eg opna kjøleskapet og fann - sitronjuice. På flaske. Skjønar ikkje kvifor nokon vil ha det. Men eg tok det i potetstappa - og det funka! Så middagen var kjempegod.

- Søndag kveld (i går) feira me Margrethe sin bursdag. Som sagt hadde eg problem med å halde meg vaken, men det var veldig kjekt altså. Eg laga norske skulebollar! Og det beste var at det ikkje var i vårt hus, så me slapp å rydde etterpå, hahaha. Ho feira nemleg med Kirsten fra Sør-Afrika og Lisa frå Sverige. Hej hej.

- Og i dag gjorde eg tre assessments. Hurra!!

- Forresten, på laurdag hadde me Norwegian connect. Og eg fann ut at verda var liten:
  • Ein person kjente ei eg kjenner frå Fitjar.
  • Ein anna person kjente ein slektning av meg i Ålesundsområdet.
  • Ein anna person hadde kjærast med hytte på Fitjar, gjekk i samme barnehage som Remi (mi søsters kjærast) og budde på samme stad som Malin søskenbarn og hennar familie.

:)

God natt vakre nordmenn!

23. september 2009

Sandstorm

God morgen vakre menneske. Dette vert eit kort innlegg for no skal eg eigentlig stå opp.





Men i dag tidleg våkna eg litt før sju av at noko raudt lyrte på meg. Eg fjerna gardinene og såg ein raud himmel, men den var ikkje soloppgang-raud, men skya raud. Ein venn tok dette bilete:



Det var sandstorm i Sydney i natt, noko som er veldig sjeldan visstnok. KULT!

Her er fleire bilete. Ha ein fin dag.

http://www.smh.com.au/photogallery/environment/dust-turns-sydney-sky-red/20090923-g0tw.html?selectedImage=1

18. september 2009

Om det var ein ting eg ville vore forutan i livet...

... så er det flybillettar.

Spesielt når du er litt seint ute.

Du finn billige billettar på alle slags sider, type flybillett-bestillings-sider.
Eller billig og billig det er jo frå Australia til Norge, så billig er feil ord. Men dei minst dyre.
Men så ser du på reiseruta at turen tar 45 timar. Nei takk!

I ettermiddag (frå ca 17.30 til ca 21.30) har eg tilbrings dagen foran pc'en og sjekka billettar.
Tingen er at eg vil helst reise med nokon, men alle andre har bestilt. Så då må eg prøve å leite etter deira flyruter på nettet, og dei fleste er fulle eller opptatte etc. Eller dyrare.

Til slutt, veit du kva eg gjorde? Eg gjekk inn på sas.no. Og såg at billettane der er berre litt dyrare (500 kr) enn dei som tok 45 timar. Og desse tar ca 26-27 timar. Oh yeah!

Men å bestille på sas.no er ikkje alltid like lett. Spesielt ikkje når sas seier at billetten er ledig heilt til du skal betale, då er den ikkje ledig lengre, prøv igjen. Og du prøvar igjen. Og skifter ruter. Men sas vil ikkje samarbeide. Vel - det gjekk til slutt. Når eg hadde skifte dag og rute. Men det kosta det same, og tok ca lika lang tid.

Sukk. Eg gruar meg allereie til å bestille neste billett. For eg følar alltid at eg kunne fått det billigare. Men det nyttar ikkje om den så kostar ei krone og går via New Zealand, USA, Peru, Mosambik og Kina. Eg tar den likevel ikkje....

Men dagens gladnyhet! Eg har billettar! Eg kjem heim om ca 2,5 månadar! SJUKT! :)

15. september 2009

Amazing Grace

Amazing Grace, how sweet the sound,
That saved a wretch like me.
I once was lost but now am found,
Was blind, but now I see.

Forunderleg, eit vrak som meg
kan nådens kalling nå!
Eg var fortapt, men fann ein veg.
Eg som var blind, kan sjå.

Amazing grace vart skrive i 1772 av John Newton. Den er kanskje ein av dei mest kjende salmane nokon sinne. Når eg var liten trudde eg den handla om ein person som heitte Grace. Men eg fann seinare ut at det var feil.
Grace på norsk er nåde. Nåde er ufortjent. Nåde er at sjølv om eg har gjort ting som gjer at eg ikkje fortener at Gud er med meg, så er han det likevel. Sjølv om eg ikkje fortener at han forandrar meg så gjer han det likevel. Sjølv om eg ikkje fortener det, så elsker Gud meg, han tilgir meg og han gir meg moglegheiter.
Denne sangen har så mange interessante sider ved seg, ei av dei fann eg ut av for ikkje så lenge sidan.
Eg har alltid sett for meg John Newton som ein type mann som var flink å skrive sangar, alltid hadde vore kristen og aldri hadde gjort noko gale. Men det var han ikkje. Denne mannen hadde mange sider ved seg. Først var han ein slavehandlar, så gjorde han noko gale og vart straffa ved å være slave sjølve, før han til slutt jobba seg opp som slavehandlar igjen. Denne mannen visste korleis det var å være slave for ein annan person, men valte likevel å køyre slavar over atlanteren til Amerika for å selje dei. Denne mannen var ikkje den perfekte kyrkjegåande syttenhundretalsmannen.
Men etter mange år til sjøs kom han seg i land igjen, gifta seg, og vart kjent med Gud. Og han vart kjent med Guds nåde og tilgjeving.
Og etter at eg fann det ut han denne sangen fått ei heilt ny meining for meg.
For eit par år sidan skreiv artisten Chris Tomlin (som var på Hillsong conference) ein ny versjon av sangen, denne gangen med eit refreng.
Han fortalte historien om John Newton på konferansen, og refrenget hans passar utruleg til historien fordi det kan lesast som ein slave ville lest det, og som ein kristen ville lest det:
My chains are gone, I've been set free
My God, my Saviour has ransomed me.
And like a flood, his mercy rains
Unending love, amazing grace.
Fritt oversatt utan rim:
Mine lenker er borte, eg har blitt satt fri.
Min Gud, min frelsar har ofra seg for meg.
Og som ein flom regnar hans barmhjertighet.
Uendeleg kjærleik, utruleg nåde.
Om du vil: Høyr hans song her!!

14. september 2009

Eg forsøv meg ALDRI!

Bortsett fra i dag.

Til vanleg på søndagar står eg opp 05.30, for å forlate huset 06.30 og være i kyrkja 07.00. Til vanleg. For ikkje i dag.

I går hadde me storfest i huset mitt, og eg la meg rundt midnatt, sovna litt seinare. Før eg la meg så sjekka eg 3 - TRE - gongar at alarmen min er på - det gjer eg alltid, og er sannsynligvis grunnen til at eg ikkje forsøv meg.

Så sovna eg.
Så vakna eg. Eg opna augene (og eg hadde sikkert draumt på engelsk) og det første eg tenkte var. "Crap. The sun is up." På godt norsk. "Shitt. Sola er oppe." Eg såg på mobilen at klokka var SJU. 07.00. Eller 07.02 for å være nøyaktig

Okei, viss du er treig. Eg gjentar. Eg pleier å gå klokka halv sju, for å være der klokka sju. Eg hoppa rett og slett ut av senga, sprang ned, fikk panikk, sprang opp, gjekk full full fart på badet, tok på meg klede. Og gjekk. Og var i kyrkja klokka 07.35.

Noko som var litt flaut. Fordi når eg kom var heile koret og lovsangsbandet på scena og eg kom opp etter alle andre. Awkward.

Og alle spurte kor eg var blitt av.

Men eg kan ikkje hugse å ha høyrt alarmen at all. Så eg har nok sove godt, hehehehe.

I morgon er det beach day, yeey! Så det blir bra. Det skal regne om morgonen så me gidd ikkje gå tidlig, noko som er ein god unnskuldning til å sove litt lengre.

Og - forresten! Dette er den varmaste våren eg nokon sinne har vore borti, hehehehe. Den første vårdagen var for 13 dagar sidan, i dag var det 35,5 grader. Kokvarmt!!
Eg hoppa uti bassenget, men det hadde ikkje innsett at det skulle være varmt, så den var iskald. Føltes litt som Storavatnet 13 dagar etter den første vårdagen... Heheh
Så eg var tilbake på "land" etter ca 5 sekund. Seriøst. Freezing.

I alle fall. Alle meiner at sidan våren er så overraskande varm så kjem sommaren til å være drepande varm. Eg meiner at det er bra eg kjem heim til Norge. heheh.
Men denne gongen er det best eg har ein brunfarge, eller kva HanneRemi?

God natt frå Sydney.

12. september 2009

Bursdagshelg

No sit eg på rommet mitt mens folk ropar og danser og har høg musikk nede. I dag har nemleg tvillingane Julia og Isabelle bursdag. Men dei er ikkje dei einaste.

Her er mi travle helg:
Fredag: Jentekveld med nokre av ungdomsledarane mine. Frå ca 7 til ca 11. Om kvelden

Laurdag: I dag.
Street teams frå ca 9 til 12. Feira to i street teams sin bursdag. For på stranda med folk frå Street teams frå ca 12 til 17.30. Gjer meg klar til fest. Fest for tvillingane. Etter ei stund, gå 5 minutt; fest for ei anna bursdagsjente; ei god venninne frå klassen min. På den festen har og ei anna jente bursdag, så tilbake til tvillingfesten. Legge meg ca midnatt (forhåpentlegvis; det er om 10 minutt)

Søndag: Kyrkje og kor, må gå 06.30, er ferdig ca 12.30, heime ca 1. Så er eg heime i tre-fire timar (rydde rommet?) og må være tilbake i kyrkja 17.30. Rett etterpå er det bursdag for connectledaren min Lydia til over midnatt, for ho har bursdag på mandag og derfor skal me feire til mandag.

Og på mandag: Til stranda med klassen. Mesteparten av dagen. Kjekt, men litt småstress.

Og alle desse tinga er viktige å prioritere, er ikkje den type bursdag du kan skippe, alle er viktige folk. Så det er ei travel helg.

11. september 2009

Elisabet gjer ting ho ikkje kan: I dag: Synge ein Stevie Wonder-sang foran klassen++.

Hovudvokal: Elisabet
Bakgrunnsvokal: Aynsley og Vanessa

Piano: David S.
Gitar: David F. og Matthews
Bass: Wilhelm
Trommer: Alex

6. september 2009

Ein dag på skulen

Fredag er ein fin dag. Då har me kun musikkfag. Dette rimte ikkje med vilje.
Tenkte eg kunne leggje ut litt bilete så dykk ser litt korleis det er.



Dagen byrjar med eit sunt stolkappløp. Her ser du Darren (venstre) rett etter at han har velta stolen i kappløpet. Her har han nettopp fått brillene på seg igjen, dei datt nemleg på gulvet. I lilla står Aynsley og ler. Til høgre er Sam som Darren kappa med. I bakgrunnen i raudt tar Caleb eit hopp på sparkesykkelen.



Her har me hoppa inn i meir seriøse saker, sjølv om det kanskje ikkje ser heilt slik ut. Me er på internettsida 8notes.com, og testar oss sjølve. Me må finne ut kva notar som er med i akkorden me høyrer, og det er ganske høglytt rundt oss, så me lener oss inn for å finne ut av det. Dette er meg og Vanessa (caps). Til venstre er Sue.



Her har eg, Vanessa og Aynsley funne oss eit piano. Vanessa og Aynsley øvar på stemmene dei skal synge, dei er nemleg bakgrunnsvokalistane på sangen eg skal framføre.



Dette er inngangsfoajéen til Hillsong kyrkje. Eg veit ikkje om du skriv foajé slik, men eg satsar på det. Den er veldig fin. Men det var her eg og Vanessa prøvde å høyre frå PC'en vår noko som kan være litt vanskeleg.


Her er deler av bandet eg skal framføre med. Dei to vokalistane er Matt (venstre) og Sam (høgre). Dei skal og framføre med dette bandet. På gitar nærast kameraet er David. På gitar nærast heisen er Matthews. I tillegg har me David på piano, Alex på trommer og Will på bass. Flinke folk! Dei imponerer!!

2. september 2009

Elisabet gjer ting ho ikkje kan og anna nyttig informasjon.

I dag: Korleis lage kjøttkaker?

- Kjøp kjøttdeig.
- Tin den om den er fryst
- Kna den til ein deig.
- Ta oppi egg. Dette held kjøttdeigen saman
- Ta oppi passe med salt og pepper.
- Kna til den heng saman som ein deig.
- Del den i passe store "kaker".
- Steik den.


- Lag brun saus frå TORO-pakke.
- Kok poteter, enten vanlig eller knus dei og lag potetstappe (ta i melk, salt, pepper)


PS! Ikkje ta for mykje pepper i potetene. Det øydelegg heile middagen, believe me!
Elisabet sin første ting ho ikkje kan har no blitt ein ting ho kan!
Dagens tips: Om du vil føle deg viktig, snakk om deg sjølve i tredje person. Det gjer Elisabet.
Dagens djupe sitat 1: Du blir det du tilber. - Lee Burns, rektor og pastor.
Dagens djupe sitat 2: Jesus = liv, men er ditt liv = Jesus? - Thomas Hansen - ungdomspastor.
Dagens rare outfit: Eg med ein meksikansk sombrero på hovudet gjennom heile ungdomsmøtet, fordi eg vart tilfeldig plukka ut av mange ledarar.
Visste du at... eg samlar på gode sitat? Har du eit? Morsomt eller veldig interessant? Spesielt frå personar. Post det i kommentarfeltet. Takk. (Eg må komme i gang, har ikkje "samla" så lenge.)
Det var alt frå i dag. Me snakkast i neste episode av Elisabet gjer ting ho ikkje kan og anna nyttig informasjon. Hahaha

29. august 2009

Lunch med "gamlehuset"

I dag hadde me lunch med dei som budde her forrige semester. Fire av oss bur her enda, dei andre tre har flytta... Det var faktisk kjempekjekt! Å berre få snakke med alle saman om livet og alt. Det var herleg!

Litt bilete, sidan blogg er keisamt utan bilete:

Aynsley og meg.
Eg: "Ikkje lag ei grimase"
Ho: "I'm not!!"
Vel... Her er resultatet.


Vakre Lisa, som har flytta ut...


Beth skulle heller ikkje lage grimase... Ho har og flytta.



Eg og Erica... Housies!



Margrethe aka Maggie aka Magma aka Maggiepie aka Magatron. Kjært barn har mange navn.
Til høgre: fantastiske Carolin som har flytta ut :(
Var veldig kjekt, me hadde spagetti bolognese til lunch og cookies og is til dessert... =)
Stor klem til alle heime!

21. august 2009

Band

I den første framføringa i semesteret skal kvar vokalist synge ein sang kvar med eit fullt band. Me fekk velje mellom 12 forskjellige sangar, og eg valde denne sangen:

http://www.youtube.com/watch?v=UwSuPXMHhaE&feature=fvw - Knocks me off my feet av Stevie Wonder.

I dag hadde me øving, band og vokalar kvar for seg, og eg øvde med bakgrunnsvokalane mine Vanessa og Aynsley. Var faktisk veldig kjekt, gleder meg til å synge med band, for det er ganske nytt for meg :-)

Elles er det no slutten av vinteren her i Australia, og den siste veka har det vore ganske varmt. Type såpass varmt at me ikkje lengre frys om morgonen, mellom 20 og 25 om dagen vil eg tru. Heeeerlig! Og no går det berre ein veg med temperaturane. Så det blir eit bra halvår!

17. august 2009

Hæææææ?

Etter 7 (!) månader i Australia, fekk eg meg i går min største AHA-opplevelse så langt.


Eg satt og såg på TV, mens den gode norske sjokoladekaka sto i ovnen. Mmmmm. Så kom Aynsley heim med ein venn, ho skulle berre skifte, han satt og såg på TV med meg. Det var ein slags krim-serie, men i alle fall, midt inni så hadde dei ein lite klipp av månen.

Eg tenkte ikkje noko på det, eg, men Aynsley sin venn sa "Ja, er det ikkje rart at månen er opp-ned her?" "HÆ?", sa eg. "At månen er opp-ned", sa han. "Du tullar no?", sa eg. "Nei, månen er opp ned", sa han. "Seriøst", sa eg... "Har du nokon gang sett på månen", sa han.



Månen?




Det har eg jo gjort mange gangar, men ikkje så masse her. "Kraterne er nede i staden for oppe", sa han.




Eller månen?


Først trudde eg han tulla, men så innsåg eg at det eigentleg er VELDIG logisk, eg har berre ikkje tenkt så langt. For eg er jo faktisk nede på kartet. På undersida av jordkloden...


Så det var gårsdagens aha-opplevelse. Kanskje er eg litt blond på innsida, men det hadde eg seriøst aldri tenkt på :)

13. august 2009

Min "nye" vegg.

Ok, ein minioppdatering her.
No har eg fått meg printar, og har endeleg fått nokre av dykk, kjære lesarar opp på veggen.

Her er bilete:


Sorry at det er elendig kvalitet, mobilbilete, you see, men ville vise det fordiom...

7. august 2009

Hanne Mari: Eg høyrer ditt ynskje to ganger.

Innlegg nummer to for dagen. Om du ikkje har lest det første først; gjer det. For dette er berre fire ting som høyrer til det andre innlegget.

1. Eg sang sangen på bursdagen. Var veldig kjekt, det! :) Skal seie det var skummelt, fordi eg har ikkje sunge foran folk på lenge. Heime gjorde eg det heile tida... Men det gjekk fint :)
Folk likte sangen, Marit Larsen er bra!

2. Eg klara og gløyme mobilen min der! Kor tåpeleg. Så no sit eg og ventar på at Margrethe skal kome heim så eg kan ta hennar mobil på alarm. Eg får mobilen min igjen på Street Teams i morgon, så eg må berre vakne..

3. Okei, timeplanen! Ready?

**** Forklaringar:
Lecture er fellestimar med alle førsteklassingar, eller halvparten av alle førsteklassingane, der læraren lærar vekk, og du høyrer etter og skriv ned.
Tutorial er timar med klassen din, ei gruppe på ca 20-25 der det du lærer i lectures blir diskutert og prata om.
Workshops (musikk) er timar med klassen din, samme gruppa, der du lærer ved å praktisk gjere ting (skrive sangar, bruke instrument, etc)



MANDAG:
Fri!

TYSDAG:

9-11: Christian Doctrine Lecture

11.45-12.30: Chapel

12.45-14.45: New Testament Lecture

15-15.30: Worship Band Tutorial
15.30-16.30: Music Excellence Tutorial

Så reknar eg med eg fortset med Cleaning Teams også dette semesteret på tysdagar. Så er kanskje ferdig rundt 17.30.


ONSDAG:

10.15-11.15: New Testament Tutorial

11.45-12.45: Chapel

14.15-14.45: Christian Doctrine Tutorial
14.45-15.45: Teamwork Tutorial
15.45-16.45: Personal Evangelism Tutorial i veke 3 til 10, Spirit Filled Living Tutorial i veke 11 til 19.


TORSDAG:
8.45-11.30: SISTERHOOD!

13-14: Personal Evangelism Lecture i veke 3 til 10, Spirit Filled Living Lecture i veke 11 til 19.

14.15-14.45: Music Excellence Lecture
14.45-15.15: Worship Band Lecture


FREDAG:
8.30-9.15: Chapel

9.30-11: Worship Band Workshop
11-12.30;:Music Excellence Workshop

LAURDAG:

8.30-12.30 - Street Teams

SØNDAG:

7-12.30: Kor i kyrkja (gudstenestar 9 og 11)


Dette er det eg "må" gjere. I tillegg har eg connect group annakvar tysdags kveld frå halv åtte til ni. Onsdags kveld har eg Powerhouse (ungdom). Torsdags kveld har eg team night for alle som gjer worship (college eller i kyrkja). Laurdag og søndag kveld er det og kyrkje.

Vanskelege engelske ord / andre spørsmål? Spør i kommentarfeltet :)


4. NO har Hanne Mari bursdag i Australia!!! Yeeeeeyeyeyeyeyey!! Hurra!! :D:D:D
Hurra for deg som fyller ditt år! Haha, her er du 21, heime er du kanskje 20 når dette vert lese!!! Glad i deg klompen!
Gratulera klompen

Hanne Mari: Eg høyrer ditt ynskje.

Long time, no see.
Fordi eg har vore jet-lagged, trøytt og lat. Hehehe.

I alle fall, college is back. Eller rettare sagt: I am back.
I Australia.

Me har no hatt to veker med intensives, det vil seie at me kun har hatt to fag desse vekene, men mange timar med desse faga, slik at me ikkje har dei resten av året. På mandag (tirsdag for meg, sidan eg har fri mandagar) byrjar vanleg timeplan, der alt er nytt, men eg har framleis fri på mandagar. Skriv timeplanen i ein seinare post.

Eg er blitt flytta frå å vere i koret på laurdag og søndag kveld til å vere i koret på dei to gudstenestane på søndag morgon. så no må eg opp klokka 5:30 på søndagane, men det lønar seg likevel. For no er ikkje begge helge-ettermiddagane travle. :)
Så det er bra.

På sisterhood på torsdagane, gjorde eg før hospitality, serverte frukt og toast. No gjer eg car park, parkerer bilar. Eg er ledar for eit team, og får radio. Knallkult. Føles som eg er på Sandvikvågen igjen. Snakke i radio er kult. Hehehe.

Elles så skal eg i bursdag i dag, og alle må ta med seg eit talent. Så eg tenkte eg skulle synge. Maggie meinte eg burde synge ein norsk sang, men det trur eg ikkje det kjem mykje ut av, så kan heller synge ein sang av ein norsk artist.

Så i dag har eg tilbringt dagen med å lære meg "If a song could get me you" va Marit Larsen på gitar. Så no er eg klar ;)

Ellers må eg berre sei til alle og einkvar som les dette, at i morgon er det mi kjære, aller aller aller beste søster (ta det med ro, eg har berre ei) sin bursdag. Ho fyller 21 år. Så i USA hadde du vore myndig no, Hanne! Så happy, happy, happy birthday til ho!! Om du ser ho, gje ho ein klem frå meg.


Eg hadde tenkt å ta eit bilete av meg og ho saman opp, men eg fekk dårlig sjølvtillit av å sjå på dei, haha! For ho er så fiiiin. Og brun. Og eg er konstant bleik, og det er eg som bur i Australia... :)
Forresten, i ein time i går så sa dei at jenter sin hjerne er ferdig utvikla når dei er 21-23 år gammal, så eg har litt igjen. Då lo alle gutane, foresten...

Men så sa dei at gutane sin hjerne er ferdig utvikla rundt 27-28 års alderen. Hahaha.



31. juli 2009

Flyturen tilbake til Sydney.

Først vil eg berre seie at å vere i Norge på ferie var herleg. Kjekt å sjå familie og venner igjen. Kom tilbake til Sydney onsdag kveld og no er det fredag morgon.

Flyturen var så som så.

Reiste Flesland - Helsinki - Hong Kong - Sydney.

Då eg sjekka inn på Flesland, spurte eg om eg kunne sjekka inn bagasjen min for heile turen til Sydney. Mannen som var der sa at her sto det at eg skulle til Hong Kong, og at han berre kunne sjekka meg inn til Hong Kong. Eg sa at eg skulle reise vidare til Sydney med Cathay Pacific som samarbeidar med Finnair (som eg elles reiste med). Men det gjekk visst ikkje å sjekke inn heile turen (sjølv om det har gått alle andre gonger), men han sa eg kunne spørre på Finnair-desken i Helsinki.

Som sagt så gjort, eg gjorde det, og kvinna der sa at ho kunne gje meg boarding-passet til den siste turen, men at ho ikkje kunne gjere noko med bagasjen, det måtte dei gjere i Hong Kong. Var litt skeptisk til dette, då eg hadde ca 1,5 time i Hong Kong. Og då eg kom meg på flyet, viste det seg at det var 40 min forsinka ut frå Helsinki, og landa 25 min forsinka. Så eg hadde litt over ein time i Hong Kong, ein stor flyplass med lite folk.

Eg kom meg til Cathay sin transfer desk, og fekk fiksa det der, men grunna stresset fekk eg ikkje tid til å ete mat i Hong Kong (dei hadde Burger King!) Eg mislikar flymat utruleg sterkt, må berre seie det. Dei har aldri nokon form for normal mat, berre asiatisk mat, om du spør meg.

På det siste flyet mellom HK og Sydney var det mykje turbulens. Det er alltid det på den strekninga, men denne gangen var det veldig mykje, og eg vart så kvalm! Var heilt sikker på at eg skulle kaste opp, eg var så nær! Seriøst, ikkje ein veldig kjekk kjensle. Og i tillegg hadde dei setebelte-påbud akkurat då, så eg måtte vere i setet mitt. Flymaten sto foran meg, og lukta hjalp ikkje.

Dei siste 3 timane sat eg og såg rett fram omlag heile vegen. Var så herleg å komme ut av det flyet, det må eg seie.

Gjekk rett til McD for å få meg litt mat. Gløymde at eg var kvalm. Heilt til eg åt. Haha, men det gjekk finfint!








18. juli 2009

Eg er heime

Grunnen til at eg har vore litt treig med å oppdatere på ei stund er at eg er i heimlandet. Har no vore her i 4 dagar, og elskar det. Ingenting slår Norge. Sjølv om Australia er herleg det og.




Her vart eg henta på Flesland av mamma, pappa (fotograf) og litlebror Kristian. =)

3. juli 2009

No blir det kanskje litt stille innpå denne bloggen snart.

Frå og med tirsdag er det nemlig lange dagar. Forlet huset ca 6.20 kvar dag og kjem heim tidligast 22-tida. Grunnen?


Hillsong Conference.


Eg gler meg, eg gler meg, eg gler meg!! Utrulig mykje! Det kjem til å bli SÅÅÅ bra. Eg kjem til å ha mykje å fortelle etterpå!


Ellers, så tenkte eg eg kunne dele litt småforandringar som vil skje etter konferansen.
Dette semesteret har me vore 7 jenter i huset; meg, Margrethe, Lisa, Beth (S-Afrika), Carolin (Tyskland), Erica frå America og Aynsley (Canada).
No skal Beth, Lisa og Carolin flytte ut, og eit tvillingpar frå Australia, Julia og Isabelle skal flytte inn. I tillegg skal ein ny student flytte inn.

Vel, i går fekk eg ein telefon, om det var greit for meg at den nye studenten flyttar inn no, for ho var allerede kome.

Så i går flytta ho inn.
Og gjett kor ho er fra...

Kongsvinger.
Haha.

Eller.. Eigentleg ikkje. Ho er frå Polen, men har budd i Norge i fire år. Og snakkar flytande norsk.

Men likevel.

Foresten så er Beth si syster her no, så for tida bur det ni jenter her. Og sju er nok! Me har tross alt berre 4 soverom. og ni jenter.


I dag for eg inn til byen for fyrste gang på evigheiter. Sidan påske, faktisk. Bortsett frå at eg for via byen til flyplassen til Tasmania.

Kjøpte litt småting til fammen. Good times! :)

Ellers: Det nye HILLSONGalbumet kjem ut I MORGA! Eg skal såååå kjøpe den. Utrulig bra musikk. Skal kjøpe DVDen også, for å sjå om eg er der, hahahaha! (Probably not) Men kanskje ;)

Ellers 2: Om NI dagar, ni(!), sit eg på eit fly. På veg til Bangkok. Thailand. Wohoo.
Og om 8 dagar er eg på facebook igjen. Sikkert fredag norsk tid, for eg går sikkert innpå rett etter midnatt, hahahaha!
Og eg har begynt å jogga. !! Sjukt! Har jogga tre gonger sidan laurdag. I know. *klappe seg sjølve på skuldera* :) =)

30. juni 2009

Min nye venn...


Trafikk og sånn.

Som mange av dykk kanskje veit, så har eg denne veka og forrige veke noko som heiter Intensives. DVS at tilsaman i laupet av åtte dagar (onsdagar har me college) skal eg ha 30 timars arbeid i eit eller anna i kyrkja. Eg har Street Teams, som er der eg tjener på laurdagar, der eg klypper plenar eller berre snakkar med folk, osv.

I alle fall, i dag skulle me møte klokka 10. Me kom klokka ti, halvparten vart sendt ut då, halvparten vart beden om å kome att klokka 11.30, fordi dama med skulle til var ikkje heime før seinare.

Så me kom tilbake klokka 11.30. Forlot kontoret (som forresten ligg i ein ishall, ja, me har ein ishall rett attmed kyrkja!!) ca klokka 12. Så gjekk med ned i eit "drive in"-lager. Fekk oss tilhengar (på bilen foran bilen eg var i) og putta grasklyppar, kantklyppar, diverse ting me trong, og ein LANG stige som hang ut av tilhengaren (festa, så klart). Festlig. Me leita etter stigen i evighetar, så me forlot staden ca klokka 12.45, kraftig forsinka.

Så kjørte me.

Okei, så vår "hovudveg" som me må ta for å kome oss nokon stad er Old Windsor Road. Etter ei stund går den inn i Cumberland Highway som og kjem frå høgre. Så viss nokon seier at du må kjøre på Cumberland, så kan du velge mellom å berre følge OWR inn på den og køyre nordover, eller å svinge til høgre på den sørliggåande Cumberland Highway. I vegskildingane sto det visstnok fortsett på Cumberland Highway, så me gjorde det me (eller bilen me fylgte).

Me visste ikkje kor me skulle ein gang, så me fylgte. Etter ei stund tok han av, for å berre ta ein usving å køyre tilbake, med u-svingte med han og følgte han. Så tok han av igjen, og køyrte til Hungry Jack's, som er Australia sin versjon av Burger King.

Me stoppa ved dei, og han sa at han ikkje visste heilt kor me skulle, og han dreiv med masse telefonar tilbake til kontoret for å spørre, men dei fant ikkje ut av det. I mens køyrte me gjennom drive through. God deal. Haha

Etterpå fant han ut han skulle fortsette på Cumberland, uten stor suksess. Me endte opp i noko som såg ut som bakhagen til Sydney. Ikkje særleg fint.

Så me fant ut me skulle køyre tilbake til kyrkja, me fant det rett og slett ikkje. På veg tilbake, såg han plutseleg skiltet til Cumberland Highway den andre vegen. Og etter å ha køyrt langt om lenge (ja, dette er eit folkeeventyr), og lengre enn langt kom me endeleg fram der me skulle...

Berre for å finne ut at dama ikkje var der, og me måtte returnere.

På veg tilbake satt me litt fast i trafikken, men me kom oss tilbake. Då hadde me sutte ca 3,5 timar i bil, på ein strekning som skulle tatt ca 20 minuttar kvar vei.

Og då me kom tilbake sa ledaren vår at dama hadde ringt til han ca 10 minuttar etter at me gjorde det og sagt at ho var sein, og på veg tilbake til huset. Så om me berre hadde vore 10 minutt seinare, så hadde me sikkert fått noko ut av dagen.

Men ho hadde i alle fall ikkje venta på oss i tre timar, då. Det ville vore gale.

24. juni 2009

Norske ting eg har "gått glipp av".

...Diverse bursdagar. Blant anna min (eg gjekk ikkje glipp av den, men eg gjekk glipp av norsk feiring), Malin, Kristian, Remi, og to av tantene mine sine 50-års dagar (sjølv om den eine kanskje kallar det 40, er ikkje sikker, eg).

... Heimepåske. Påsken var ikkje heilt det same her. Ingen påskekrim, blant anna.

... 17. mai. Ja, dagen kom, men ingenting skjedde på Tasmania. Eg hadde norsk flagg då, det er då noko.

... Sankt Hans. I min familie er dette ein tradisjon. Me samlast heile slekta på Fitjar (min fam, mormor og morfar, søskenbarn om dei er her, mormor si søster, og hennar barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn.
Så et me rømmegraut og griller. Eg ELSKER rømmegrauten på St. Hans. Det er den einaste gangen i året me lagar den "skikkeleg". (Ikkje pakke.) Herleg! (Med "me" meiner eg alle andre enn meg.

Og her. Ingenting.

Eg spurte mamma om ho kunne spara litt graut, men den held seg visstnok ikkje i tre veker. Merkeleg. Haha!

Jepp, du leste rett. Tre veker. Minus to dagar. Erlik 19 dagar. Og 18 til eg reiser. Sjukt? I KNOW!

Merkeleg korleis bloggane mine alltid utviklar seg til noko eg ikkje skulle skriva om då eg byrja. No fekk eg lyst til å adde nokre bilete. Litt nye, litt gamle, alle frå mobilen min. Nokre for å fanga eit morosamt augeblikk, andre fordi eg keia meg... Det skjer.






Dette var eit augneblikk. Salg av den nye Hilsong United-cd'en. Erica sel, Aynsley og Angelika, Carolin sin venn kjøper. Good times, good times!


Haha! RANDOM! Dette er naboen min, Aris frå Hellas. Og dette er og Carolin sitt bilete. På mobilen. Fordi det er så festleg (nynorsk for morsomt? Haha!). Og eg tok altså bilete av hennar bilete. Ja, nettopp. Tilfeldig moro!



Ehemm. Ja. Dette var då eg var på kjøkkenet og alle kom ned og sa "hmm, kvifor lukta det svidd her". Ja, dei var ikkje mine altså, men eg burde kanskje lukta det? Det sneik seg innpå meg, ikkje min feil vel? Ehemm.



Førre fredag var eg på middag hos Lydia frå Tyskland. God mat, og good times! Skikkeleg fint!