27. februar 2009

Diverse vissvass!

I dag har eg begynt på sangskriving. Me er ei gruppe på ein 10-12 stykker som skal skrive ein saman. Fact. Det er ei oppgåve. Og eg kjem ikkje over kor utrulig talentfulle folk eg har rundt meg. Dei byrjar berre å spele fantastisk fine gitarmelodiar, eller pianomelodiar. Imponert, ass!

I veka høyrde eg ein fantastisk historie. På den siste Hillsong-cd'en er det ein song som heiter "Desert Song" --> http://www.youtube.com/watch?v=QemZQKKJbRU
Songen er skrive av Brooke Fraser, og handlar om å prisa Gud sjølv når du har det tungt. Teksten er nydeleg:
"I will bring praise
I will bring praise
No weapon formed against me shall remain
I will rejoice
I will declare
God is my victory and He is here"

Ei veke før album og CD-innspelinga mista ei av lovsangsleiarane; Jill McCloghry, babyen sin. Ho gjekk inn i for tidlig fødsel, fødde babyen, og holdt den i armane sine då den døydde. EI veke etter dette står ho på scenen saman med Brooke og syng denne sangen og prisar Gud. Kor stort er ikkje det!

Det var for eit år sidan, no er det på tide med nytt album. På søndag har me den første innspelinga, og eg er i koret, saman med 15-20 andre, og skal difor stå heilt fremst foran scenen! IIIIIK!!! :D:D:D

MORMOR!
Tusen takk for hyggeleg brev! Var kjempekoselig! Eg vart glad, og eg skal svara deg så fort som mogleg. Kjempeglad i deg, klem fra Elisabet

Mamma, kan du printe det ut til ho.

Alle andre, send meg gjerne post, inkludert leverpostei, hahaha! (Nei, det var ingen tull, eg saknar leverpostei.)
Adressa:
Elisabet Fjugstad Giske
2/3 Cavalry Grove
Glenwood
NSW 2768
AUSTRALIA


PS! Jenter! Alle jenter eg er glad i, de kjem snart til å få ein koseleg email av meg! :) Eg har tenkt å sende den til mange, om du er i tvil om eg har di email-adresse, og vil ha email, kan du skrive den her, eller sende meg ein mail på elisabetgiske@gmail.com

23. februar 2009

Mandag = helg

I dag er det måndag, og klokka er 18.20. Det betyr at eg har vore våken i 7 timar og 20 minutt. Eg sto opp klokka ett. For meg er nemleg måndag den helga eg har. Laurdag og søndag er travle dagar, så eg søv ut på måndag og tysdag (byrjar på skulen 11.45).
Eg gjorde ikkje særleg mykje idag, gjorde ei innlevering, men den var relativt lett, og så har eg berre sløva. Alle rundt meg har sett på TV, på kjedeleg program, men no fekk me tak i ein DVD med Friends, så no ser me på det. Og eg ler meg i hel av dei enkle vitsane! Elskar Friends.
Eg tenkte eg kunne dele litt bilete med dykk, har ikkje gjort det på lenge.





Eg i gult, Shad (USA) på bakken, Daniela (Mexico/Texas) bak, Jillayna (Canada) i midten i raudt, Laura (Canada) i blått, Erica (housemate, Iowa, USA) til høgre. Dette er frå Powerhouse retreat på beachen. Var herleg.


Shad (USA), David (Mexico), Clarissa (USA), meg og Stephan (Canada/Sør-Afrika). Dette var i Carolin sin bursdag.



Meg, Jillayna (Canada) og Erica (USA). På party i nabohuset.


Eg og Aynsley (housemate, Canada). Dette var den dagen me åt vegemite, og eg trudde eg skulle bli spydd på. Du kan ikkje sjå det på biletet, men eg var redd i dette augneblikket.



Aussie Day i Sydney. Housemates på tur. Bak: Eg, Carolin (Tyskland) og Erica (USA). Foran: Aynsley (Canada) og Margrethe (Norge). Beth frå Sør-Afrika var enno ikkje komt og Lisa var heime og solbrent.

Powerhouse retreat igjen, og samme housematesane som på biletet over. Eg, Margrethe, Carolin, Aynsley og Erica.

Crazybilete i Carolin sin bursdag. Foran: Priska (Indonesia), Becky (Canada). Bak frå venstre: Nicole (Canada), Laura (Canada), Daniela (Mexico / Texas) og meg. Daniela har lært seg masse norsk, på berre ein månads tid. Sjekk dette ut:

Ps! Eg har ikkje lært ho det siste ordet! Hehe!

19. februar 2009

Insektalarm

Okei, det har regna i halvanna veke, eller i allefall vore "kaldt" og overskya, og kva skjer då? Jo, insekta forsvinn. Har ikkje sett nokon på lenge.

Men så byrja veret å bli betre, og alle kjem fram. Etter powerhouse i går gjekk eg ut på baksida av colleget og trappa var FULL av biller. Seriøst, til å begynne med merka eg det ikkje, for det såg ut som eit mønster. Så merka eg det på veg ned, og eg fekk panikk, haha, og sprang ned trappa. Eg er SÅÅÅ glad for at eg ikkje hadde på meg sandalar, men lukka joggesko!

I dag har eg funne 3 halvdaude kakerlakkar / biller her i huset.

På søndag skal me forresten ha Norwegian Connect mellom gudstenestane på for- og ettermiddagen. Så då kan eg snakke norsk heile tida, haha.

Ellers elsker eg torsdagen. Klokka er 12.20 og eg er ferdig på skulen. Så no skal eg prøve meg på ei oppgave me har som i bunn og grunn går ut på å sjå på forskjellane mellom Hillsong Church og Stord Bibelsenter.

14. februar 2009

Identitet

På skulen har me hatt om kommunisjon. Mest om kommunisjon i kyrkjesamanhengar, men på onsdag hadde med om ulike personlighetstypar. Og det var veldig interessant. No tenker du kanskje at dette ikkje er noko for deg, men eg vil utfordre deg til å finne ut kva type du er, for du kjem til å få litt av ein aha-opplevelse når du les om din type. Eg fekk det, eg følte at dataen leste my mind.

Personlighetsmåten eg skal snakke om heier Myers-Briggs, og er oppkalt etter dei som utvikla den. Enkelt nok. Så konseptet er at du er:
1. Utadvendt (E) eller innadvendt (I)
2. Tar beslutning via sansing (S) eller intuisjon (N)
3. Nyttar informasjon via tenking (T) eller følelsar (F)
4. Lever planlagt og organisert (J) eller spontant og fleksibelt (P)
For å finne ut kva du er kan du ta ein skikkelig avansert test som kostar pengar, eller berre spørre deg sjølve korleis du egentlig er. Eg gjorde den siste.

For eksempel: Spør deg sjølve:
1. Når du er trøtt og sliten, får du energi av å vere med venner (E) eller å lese ei bok (I)
2. Korleis oppfattar du informasjon best? Når det er straight forward forklart og konkret (S) eller trekk du linjer til andre ting, og ser det store biletet, samtidig som magefølelse er noko du følgjer (N)
3. Når du skal kjøpe deg ein ny duppeditt (mobil, data, kamera, klede osv), tenker du logisk og samanliknar prisklasse, osv (T) eller kjøper du den rosa fordi den er rosa og bestemmer deg pga følelsar og harmoni (F)
4. Liker du best å planlegge ting på førehand (J) eller å være spontane (P)

Når du har svart desse spørsmåla sit du igjen med 4 bokstavar. Eg sat igjen med INTP, og trudde det var meg. Det neste du gjer, er å gå inn på http://www.personalitypage.com/portraits.html
Eg gjekk på INTP, og las og fann ut at dette slett ikkje var meg. Så eg tenkte over det igjen, fann ut at eg definitivt var I og N men at eg var meir av ein Feeler og planleggar (Judger). Så eg prøvte meg på INFJ, og fann meg sjølv. Seriøst, høyr dette:

Forstår folk og situasjonar intuitivt.
Idealistisk
Har høge prinsipp
Kompleks og djup
Naturlig leder
Sensitiv og medfølande mot folk
Serviceretta
Framtidsretta
Syns djupe, sanne forhold er verdifult
Reservert om å uttrykke deira sanne seg.
Misliker å jobbe med detaljar med mindre dei forsterkar eller uttrykker deira visjon.
Søkar konstant meining og hensikt i alt.
Kreative og draumande
Intens
Kan jobbe logisk og rasjonelt - bruker deira intuisjon til å forså målet og jobbar mot det.
Høge forventningar til seg sjølv og andre
Ønsker å ha det ultimate forholdet
Er flink i skriftleg kommunikasjon

INFJen er eit spesielt individ som treng meir ut av ein kariere enn berre ein jobb. Dei treng å føle at alt dei gjer i livet deira står til deira sterke verdiar - med det dei meiner er rett.

Og under karriereveiar står både musikk, lærar og religiøst arbeid...

INFJ er den mest sjeldne kombinasjonen, berre 1 % av alle i verda er INFJ, men skummelt nok inkluderer det Martin Luther King, Mor Theresa og Nelson Mandela.

Men nok om meg. Kva type er du?

13. februar 2009

CD-innspeling, kulde, regn, timeplan, mat og bil.

Okei. Klokka er no fem paa halv ett, og eg sit i biblioteket paa skulen - difor "aa"... I dag er ein spanande dag. Eg er ferdig paa skulen no, men i kveld er det cd-inspeling. Ikkje av den nye Hillsong-cd'en, men av Hillsong United-cd'en. For dei som ikkje veit forskjellen, saa starta Hillsong United opp som eit band united fraa alle ungdomsgruppene i kyrkja for lenge sidan. Ungdomsgruppene er Fuel (6. til 8. klasse), Wildlife (9. til 12. klasse), Powerhouse (18 - 25 aar) og Frontline (25 til 35 aar). I dag skal det vere innspeling med Fuel og Wildlife (Powerhouse kjem seinare), men alle college students faar lov aa komme, saa me snik oss inn med dei yngre. Eg trur forresten dei eldste paa Wildlife er 18, saa eg kan jo henge med dei...

Ellers frys eg, og halsen min er passe saar, saa eg burde kanskje ikkje synge, hehe, her kjem eg og oeydelegg heile innspelinga. Men det er cd-innspeling, saa eg maa jo vere med... Og ingen hoyrer meg i crowden uansett.

I dag naar me gjekk til skulen byrja det plutseleg aa hoelje ned! Me var litt seint ute, saa naar me kom fram rakk med det akkurat, saa eg sat den foerste timen med KLISSvaate ermer. Eg hadde plastregnjakken min fraa Aussie Day, men den dekte ikkje ermene. Og eg meiner det, eg vridde masse vatn ut av dei etterpaa, var klissblaute! Saa naar friminuttet kom var handtoerkaren paa toaletter omringa av jenter som skulle toerke kleda sine. Var veldig morosamt!

Skal vi sjaa. Kva meir var det eg ville dele?
Jo..
Timeplanen min er her. Og eg er litt redd for aa dele den. For naar eg skreiv korleis dagane mine ville vere forrige dagen, tok eg litt feil. Og no veit eg Remi kjem til aa skrive; du er paa bible school, korleis kan du lyge saa mykje, slik som han gjorde med temperaturen, haha. Men her er den i alle fall, og den er rett ot slett ganske fin!

Mandag: Fri! As I said

Tysdag: 11.45 til 12.45: Musicanship 1
14.30 til 16.45: Old Testament Introduction

Onsdag: 8.30 til 9.30: Songwriting 1
10.15 til 11.15: Old Testament Introduction Tutorial
11.45 til 12.45: Chapel
13.00 til 14.45: Personal Leadership

Torsdag:
Kvar tredje veke: 9-12: Sisterhood
Dei to andre vekene: 8-12 Sisterhood, der eg er i hospitality-teamet (smoerer toast og kutter opp vannmelon, etc etc. Altsaa speler Kringla-erfaringa inn her! :)
Saa staar det at fraa 13 til 17, skal me ha Fieldwork, men mitt fieldwork er kor kvar laurdag og soendag kveld + Street Teams kvar laurdag morgon, saa kva som skjer her veit eg ikkje. Men eg haapar eg faar fri, hahaha.

Fredag:
8.15 til 9.45: Musicanship 1 Workshop
9.45 til 11.15: Songwriting 1 Workshop
13 til 14: Sommunication in Ministry Tutorial
14 til 15.45: Personal Leadership Tutorial

I tillegg har eg ting som skjer paa ettermiddagen, men det er det same som i forrige timeplanpost.



I dag skal eg gaa paa naerbutikken (Coles) og handle, for i dag gaar alt dei tener til Bushfire-victims. I tillegg er eg tom for melk, broed, ost, salami, bananer og youghurt; saa basically alt. Eg et ikkje anna, hahaha

Forresten har eg lyst aa kjoepe meg bil, for det er billig og praktisk her nede. Du kan faa ein ok bil for 2000 dollars, ca 10000 kroner. Men eg faar sjaa kva eg bestemmer meg for. Eg skal spoerre Jesus kva han syns.

10. februar 2009

Kontrastar i kvardagen.

Forrige tysdag var eg i himmelen. Eg og Margrethe laga rømmegraut. No har eg aldri nokon sinne laga rømmegraut ut frå anna enn ein pulverpakke, rømme og vatn, så frå scratch var ikkje enkelt. Men den blei nesten heilt vanlig, uten sukker var den faktisk ganske ekkel, men med sukker var den nesten heilt vanleg!
Her er eg i himmelen:

I forrige veke; fram til søndag, var det utruleg varmt her, og på søndag var Sydney (visstnok) den varmaste staden på kloden! You gotta love the heat, men for varmt er ikkje så bra, riktignok.

Men i dag, altså! I dag var (igjen: VISSTNOK) den kaldaste februardagen i Sydney ever. Eg frys. Okei, det er ca 20 grader, but still. Og i morgon kan det komme ned i 16. O kulde.
Og grunnen til at eg frys, er at eg går utan sokkar og i sandalar! Grunnen til det er mine blodige, stygge gnagsår. Vil de sjå dei? Ikkje? Synd for dykk! Her er dei:


Okei, så du kan ikkje sjå det så godt, men dei er store. Dei dekker heile helen. Og nett som det er byrjar dei å bl igjen. I'm sad.
Forresten, eg likar positive overraskelsar. Og om du likar meg - overrask meg. For eksempel med eit brev. Som i den gamle måten folk kommuniserte på. Eg vil gjerne ha eit - hint hint. Så kan me vere brevvener.
Adresse:
Elisabet F. Giske
2/3 Cavalry Grove
Glenwood 2768
NSW
Australia

9. februar 2009

Mine erfaringar med Hillsong og Australia - DEL 2!

Okei, så den 25. januar skreiv eg dette innlegget. Eg slutta med at "meir kjem seinare", så om du har lurt på kor det blei av, kjem det no!

- Måten Hillsongkyrkja er på. I løpet av preika tar talaren ofte litt omvegar, og fortel ein privat historie. Historiane har alltid relevans med preika, er som regel frå hans eige liv, og er alltid spanande, eller morosamt. Eg lurar alltid på korleis talarane opplever så mykje, men nok om det. Historiane får preikenane til å bli veldig livlige, mens det samtidig er veldig gode preikenar i seg sjølve. Eg huskar ikkje alltid historiane, men eg har ein frå i går, som var morosam. Talaren snakka om å tørre å overgi seg til Jesus.

Denne mannen surfa masse. Han elska å surfe. Ein dag han var å surfa såg han ei dame som strevde veldig med å halde seg oppe, og holdt på å bli tatt av ein strøm. Så han svømte bort, og prøvde å hjelpe. Det gjekk heller dårlig, han fekk ho ikkje opp på brettet, og skjønte at dette ikkje gjekk vegen. Ho duppa under fleire gonger, så han lyfte opp handa for å få hjelp av livreddarar. Akkurat når han lyfte opp handa; som siste utveg, kom dama opp igjen av vatnet, og ropte "Kva er det du gjer?" Mannen sa "Eg kallar på livreddarane." Ho sa "Nei, ikkje gjer det, det er så flaut!"
Det handla om å tørre å overgi seg til Jesus. Du føler deg kanskje flau akkurat når du skal til å gjere det, men alternativet er mykje verre.

- Mobbing. Ein veldig australsk ting er mobbing. Då meiner eg ikkje MOBBING-mobbing, men tullemobbing, slik som eg og Hanne Mari pleier å gjere. Og ikkje minst Remi.

Her er det i alle fall slik at "we'll make fun of you if we love you, and we'll make fun of you if we hate you. So just hope that we love you."

Ofte på møter, når det er mannlege talarar, får konene høyre diverse. Powerhousepastoren min har ei gravid kone, og det er alltid kommentarar til det frå han på scenen. "Kona mi er jo gravid, så ho et heile dagen." eller "Ja, me har lurt på om det er fleire enn ein der inni, så mykje som ho et, men legane seier det ikkje er det." Og amerikanarane blir alltid gjort narr av, men dei skjønar det ikkje sjølve. På retreaten fekk nokon dei til å reise seg, ha handa på brystet og synge nasjonalsangen deira. Var hilarious.

- Ingen liker Home and Away. Til no har eg møtt mange aussiear. Mange folk frå heile verda, faktisk. Til no har tre - 3 - personar sagt at dei elskar H&A. Den eine var ei britisk jente, den andre var Margrethe frå Norge, som eg bur med, og den tredje var ei lokal jente. Eg har snakt om H&A med mange, men alle andre har sagt to ting - (1) Seriøst, har dykk det i Norge og (2) seriøst, ser du på det?? Og at det er eit dårlig program. Så eg føler meg litt utanfor her nede, hehe. Men eg ser faktisk ikkje på det her, fordi eg ikkje har tid, og fordi dei er over 2 år foran oss, noko som er merkeleg. Men eg har faktisk funne ut at det vert innspelt ca 1 time herifrå.
Ps! Remi! Såg du at alle tre personane som likte det her nede var jenter? Ja, det var eit hint, haha.

- Varme! Okei, så det er varmt. Sjokk. Du er i Australia, og det er midt på sommaren, kva forventa du? Ikkje at det skulle vere den varmaste staden på kloden, i alle fall. For det var det i går. Det var over 40 grader, ikkje 47 som eg sa til alle heime, det var berre det det var meldt, og eg trudde det var, men det var visst aldri så varmt. Men det var 40, og eg kreperte nesten. Fact. Nesten.

- Folk frå over heile verden. Det er eit av dei mest fantastiske tinga med å vere her. Eg har fått vener frå: Norge, Sverige, Finland, Tyskland, Nederland, England, Skottland, Nord-Irland, Spania, Canada, USA, Mexico, Brasil, Chile, Equador, Indonesia, Malaysia, Singapore, Australia, New-Zealand, Sør-Afrika. Og eg har møtt mange andre frå andre land. Men i alle fall. I 12 av desse landa kjenner eg folk så godt at eg ville sove hos dei om eg var i nærleiken. Så om nokon vil være med meg på jorda rundt tur, så kan me spara mykje i bukostnader, hehe.

Men no må eg gå for det tordnar himla masse her. Torden, her, huh? Merkeleg :)

7. februar 2009

Koret

I dag var eg med i koret. var veldig interessant.

Eg, Laura og Prisa (naboar) gjekk i lag. Eg hadde kjøpt meg nye, billige sko fordi koret har kleskode, som seier at ein skal ha lukka sko (ikkje sandalar, eller sko der ein kan sjå tærne). Så eg tenkte eg skulle gå med dei (hadde ikkje gjort det før). Me gjekk ca kl 3, skulle være der 4, men Priska skulle møte noko 3.40, så me gjekk i god tid.

Med ein gong me hadde byrja å gå kjente eg at desse skorna jammen meg var litt trange i helen, og nemnte til dei andre at dei var det. Då me var kome halvvegs sa Priska plutseleg at helane mine blødde. Og jammen gjorde dei det. Huden var ganske vekke, og gnagsåret var stort! Og dette måtte eg gå med gjennom heile korøvinga, lovsangen i gudstenesta, og resten av gudstenesta. Då den var slutt møtte eg Margrethe som hadde tatt med sandalane mine. Herleg nok.

Men i allefall. Me var der ca halv fire. Me skifta (det var ikkje vits i å gå i klerne me skulle synga i i sola og 43 grader), drakk vatn og møtte dei andre i koret. Me var vel kanskje sånn 40-50 stykker vil eg tru. Me varma opp, og så øvte med med worshipbandet. (I morgon skal worshipleaderane når eg er i koret være Brooke Fraser (som bl. a syng Hosanna) og J.D.) Etterpå gjekk me i ein slags lounge for alle som er med i lovsangen på ein eller annan måte, og spiste frukt og kjeks, og var sosiale. Bøna vart leda av ein nordmann, ein trommis. Var interessant.

Så var det på tide å kore. Interessante konsept i koret:
* Viss du skal klappe, må du klappe falskt, berre med handflatene, sånn at det ikkje lagar lyd inn i mikrofonane
* Når me hoppar kan berre første rad hoppe. Radene bak berre "latar som", ved å gå opp å ned på tær. Grunnen er rett og slett at om alle hoppar har det hendt at heile greia har kollapsa, så slikt holder ein seg unna.
* Bakerst i salen er det ein skjerm der teksten står. Men om me ser der er det veldig tydeleg. Så me må lære det utanat. Og om me er usikker står dirigenten der og syng veeldiig tyydeeleeg, så me skal kunne sjå på han.

I morgon skal eg på gudsteneste klokka 10.45 Den er ferdig ca 12.30. Så skal eg på korøving for kvelden kl 4. Eg er usikker på om eg gidder å gå heim mellom dei, for eg får berre vere heime mellom 13.00 og 15.30, og å gå i denne varmen er krevande. Lufta er utrulig fuktig, så du svettar deg i hel, og til i morgon er det meldt 47 - FØRTISJU - grader!

Eg må berre gjenta det. 47! Ja, du leste rett.
47.

Klem frå Elisabet

Ps: 47

6. februar 2009

Full timeplan

Eg har no gått på skule i ei veke. Eller 4 dagar om du vil. Og eg byrjar å skjøne at dette kjem til å bli eit travelt år. Noko eg vil vise dykk her. Det som er obligatorisk er i feit skrift

MANDAG
Fri! Okei, eg skjønar at dette ikkje høyres veldig travelt ut, men mandag er altså heilt fri. Og det treng me

TIRSDAG
Skule, sannsynligvis frå 8.30 til ca 17
Connect group annakvar tysdag frå ca 1930 til ca 21.30-22.

ONSDAG
Skule, sannsynligvis frå ca 8.30-17
Powerhousemøte frå 19.30 til 21.30, men eg skal være frivilleg, så må kanskje møte der før.

TORSDAG
Sisterhoodmøte. Tredjekvar veke frå 10-12, for då har eg "fri" frå alle oppdrag. Alle andre veker frå 8-12.
Skule frå 12.30 til 17.
Worship Music øving på kvelden ein gang

FREDAG
Skule, sannsynligvis frå ca 8.30 til 17

LAURDAG
Street teams frå ca 9-12. Usikker på tidspunkt, har ikkje vore med på det endo.
Kor i gudstenesta som byrjar 18. Må møte 16.

SØNDAG
Kor i gudstenesta som byrjar 18. Må møte 16.
Må gå på ein av gudstenestane 8.45 eller 10.45. Og kjennar eg meg sjølv rett blir det nok VELDIG sjeldan 8.45

PS: Det tar 25 min å gå frå heim til skule / kyrkje. Så. Når eg sluttar 17 og skal vidare på noko 19.30, blir det kort tid heime.
PS2: Me har mange friminutt, korte mellom kvar dobbeltime, og ein par lange (ein halvtime / ein time).

Love you,
Elisabet

3. februar 2009

Powerhouse retreat

Dei tre siste dagane av forrige månad, altså torsdag til laurdag, var eg på leir med Powerhouse, som er ungdommane i Hillsong Church mellom 18 og 25 år. Det var veldig kjekt, og eg skulle likt å vise dykk bilete av den vakre stranda og alt, men eg klarte å slette alle bileta mine. Ikkje kjekt!

Uansett, torsdag ettermiddag kjørte me av garde. Eg, Erica og Maggie satt på med Liz frå England og Farah frå Irland. Turen på ca 40 minutt tok ca 1,5 time, pga kø ut frå byen. Såg mange interessante skilt på veien, blant anna et fartsgrenseskilt der det sto at grensa var på 100 km/t, men 90 km/t om det var regn.

Me kom fram, og kom til hytta vår der me skulle sove med Lydia, connect group-lederen vår. Var ei ganske fin hytte, og me såg ingen kakkerlakkar, noko som er betre enn heime! :)

Det første møtet var fantastisk. Det begynte med nydeleg lovsang, så kom flott preiken av Thomas Hansen, Hills Powerhouse sin ungdomspastor.

I løpet av det siste halve året har eg kjent veldig sterkt at Gud vil at eg skal lovprise Han på kner, men eg har aldri verkeleg turt å gjere det, ikkje offentleg i alle fall. Og det gjorde eg ikkje her heller, ikkje med ein gang, det føltes så unaturleg for eg var ikkje eigentleg i grinestemning, you know what I mean? Men då nokre rundt meg gjorde det, turde eg å ta det fulle steget ut.

Med ein gang eg kom ned på kne kom tårene, og eg hadde veldig mange følelsar som gjekk gjennom hovudet mitt. Blant anna har eg lenge hatt lyst å kunne snakke i tunger, noko eg aldri har kunna. For eit par veker sidan vart eg bedd for av romvenninnene mine for å få det, og dei sa at eg kanskje kom til å berre få eit ord til å begynne med, og at eg berre måtte ver tolmodig. Seinare vart eg bedd for på skulen, saman med andre som ikkje hadde det (relativt få, faktisk).

Men i alle fall, medan eg var på kne, og hadde augene igjen; såg eg eit ord nedskrive foran meg. Og eg vart utrulig oppmuntra av å berre få eit ord, men eg ville likevel ha meir. Men eit ord var det eg fekk. Etterpå var eg heilt "I got a word!" og venninnene mine berre "huh? for me? what?" Eg berre, "No, in the tongue language". Det var veldig morsomt.

Neste dag var det ein fyr som heiter Robert Ferguson som snakka, veldig morsom mann, men rett på sak, og utrulig dyktig. Etter at han hadde snakka sa han at alle som ikkje hadde tungetale skulle kome fram å få det, så eg kom fram, men eg var veldig usikker, og lurte på om det ordet berre var noko eg hadde kome med sjølv, så eg turte liksom ikkje å opne munnen min når dei ba for meg. Så eg ba Jesus om at eg skulle kjenne at det var frå Han og ikkje meg. Då høyrde eg ein gut/mann attmed meg be for ein annan i tungetale, og eg høyrde "mitt" ord innimellom alt. Det var veldig spesielt. Så eg berre opna munnen, og orda strøymde ut. Var veldig herlig.

Ellers på leiren var det utrulig masse spanande som hende, kristent sett, men og sosialt sett. Fredag morgon var det tre leiarar på scenen, og byrja å snakke om at på denne leiren var det nokon med, nokon som var 3, men og 1. Kunne Michael Schmidt venligst kome opp på scenen? Alle berre "hæ?" Så Michael kom opp på scenen. Og den eine leiaren sa, "ja, her er Michael Schmidt". Men dei andre sa at dette var ikkje deira Michael, kunne Michael kome opp. Og Michael nr. 2 kom opp, men leiar #3 sa at dette var ikkje hans Michael. Det viste seg at det faktisk var tre stk Michael Schmidt på leiren. Og dette vart ein slags intern ting kvar dag, kvar gong det var møte kom Michael'ane opp på scenen, gjerne saman med Obama og fruen. Hehe. I guess you must have been there...

På Hillsong-gudstenestane les dei alltid opp ein del bøne- og takkeemne som dei ber for. På søndagsgudstenesta etter leiren leste Brian Houston opp dette.
Bøneemne av Michael Schmidt.
Han takkar Gud for Powerhouse retreat og Michael Schmidt, og ber for beskyttelse over Michael Schmidt.
Alle Powerhousarane jubla, og alle andre var forvirra; inkludert Brian, men etter kvart vart han filled in (av sonen Joel, trur eg) i at det faktisk var tre av dei, han var ikkje berre høg på pæra.

Forresten var Darlene Zscheck ein av lovsangarane på søndag, nydeleg.
Forresten2 skal eg være i Hillsongkoret kvar laurdagskveld og søndagskveld, og eg må kjøpe meg svarte sko.
Forresten3 kan eg alle dei nye Hillsongcd-songane, men eg har ikkje lov å sei dei.
Forresten4 hadde me eit 4 timars longt foredrag om kommunikasjon med Robert Ferguson i dag, og eg elska det.

Døme på feilkommunikasjon:

- I kyrkja:
1. For all of you who has children and don't know it, we have a nursery in the basement

2. This morning: Jesus walks on water
This afternoon: Searching for Jesus

- Advokat:
"So this decease, how does it affect you?"
"I don't remember things"
"You don't remember things?"
"Yeah"
"Give me one example of something you don't remember"

Det var mange fleire, men I don't remember. Og eg må vaska opp, dysja, og sova. God natt!

2. februar 2009

Alt som har hendt sidan sist.. Kortversjonen i alle fall.

Tirsdag, onsdag og torsdag var orientation og enrolmentdagar. Tirsdag var alle elevar, nye og gamle samla i ein sal, der me fekk ein god del peptalks, det var eigentleg veldig lite skule, og meir som eit møte egentlig. men det var veldig kjekt :)

Onsdag var alle nye elevar samla i kapellet (som er den bygningen her som liknar mest på ei norsk kirke). Her hadde me det meir informativt; om forskjellige linjer, om kva me bør kunne frå før, og kva me bør lære, osv.

Etterpå skulle dei ha ein Australia-quiz, og trong ti stykker opp på scenen. Frå vårt hus var me 4 stykk oppe, hehe. Quizen begynte med at me skulle ete kvar vår skei med vegemite! Eg klarte faktisk å kome meg unna med å berre dyppe skeia nedi vegemiten, men Aynsley, venninna mi, som prøvde det same måtte dyppe den nedi på nytt, og fylle den heilt opp. For meg gjekk det difor veldig lett ned, medan Ayns vart veldig uvel, og då eg kjente handa hennar på skuldra mi, tenkte eg "no får eg spy på meg". Rektor Lee Burns sprang og henta ei bøtte, men det gjekk heldivis bra.

Torsdag var sjølve enrolmentdagen, då me gjekk gjennom heile prosessen med å starte skulen. Først hadde gjekk alle saman gjennom kva me måtte gjere i løpet av dagen, step for step. Så fylte me ut ein god del papir, blant anna at me ikkje får lov å røpe nye sangar til folk utanfor kyrkja, og at me ikkje hadde kriminell fortid (for å jobbe med barn), og me måtte svare på nokre musikkspørsmål (for å sjå kor mykje me kunne fra før, for å finne ut gruppeplassering osv).

Neste skritt var å bli tatt bilete av for student-ID-kortet, noko som tok to sekund, men køen i forveien tok ca 20 min.

Neste kø var og lang. Den var for å bli registrert i fag og på studentportalen online. Det som var veldig bra her, var at køen var ein stolkø, type idol, berre med 70 stolar i staden for 5. Så me hoppa vidare til neste stol titt og ofte, og det kom heile tida nye folk på radane foran og bak oss, som me kunne snakka med.

Så gjekk eg å betalte leie for dei to neste vekene, noko eg skal gjere online, men pengane mine var ikkje blitt overført enda.

Til slutt henta eg student-ID-kortet mitt, og var ferdig i tolv-ett tida. Eg venta på skulen og på Gloria Jeans, som er ein kafe rett nedanfor, fram til 16.00, då me for på retreat!! :D:D

Men den kjem det meir om i neste innlegg...