Okei, det har regna i halvanna veke, eller i allefall vore "kaldt" og overskya, og kva skjer då? Jo, insekta forsvinn. Har ikkje sett nokon på lenge.
Men så byrja veret å bli betre, og alle kjem fram. Etter powerhouse i går gjekk eg ut på baksida av colleget og trappa var FULL av biller. Seriøst, til å begynne med merka eg det ikkje, for det såg ut som eit mønster. Så merka eg det på veg ned, og eg fekk panikk, haha, og sprang ned trappa. Eg er SÅÅÅ glad for at eg ikkje hadde på meg sandalar, men lukka joggesko!
I dag har eg funne 3 halvdaude kakerlakkar / biller her i huset.
På søndag skal me forresten ha Norwegian Connect mellom gudstenestane på for- og ettermiddagen. Så då kan eg snakke norsk heile tida, haha.
Ellers elsker eg torsdagen. Klokka er 12.20 og eg er ferdig på skulen. Så no skal eg prøve meg på ei oppgave me har som i bunn og grunn går ut på å sjå på forskjellane mellom Hillsong Church og Stord Bibelsenter.
4 kommentarer:
Årh! Så ekkelt! Stakkar deg:)
Lykke te me oppgavo og norsk-snakkingo:) Haha
ja det blir ingen enkel oppgave å finne noen forskjell på stord bibelsenter og hillsong. Du får virkelig noe å bryne deg på der,he he.
Vi får forresten besøk i helga av aha, det kan du jo gjerne ha med.
Hei Elisabet
Vi leser på loggane og synest at det er kjekt å følge med kordan det går med deg down under. Takk også for kort som vi fekk for nokre dager sidan.
No er vi snart pakka og klar til avresie til SørAfrika. Vi reiser i mogon kl 04.55 fra Fageråsen. Har vore ein del forkjølt og slikt, så vi håper at vi klarer flyturen og
overgang til sommer greit.
Tante Tove
Hanne: Haha, takk
Ingvild: Hehe, når du seie da på den måten hørres da jammen ikkje vanskelig ut. Men me ska finna styrker og svakheta med begge to, ikkje lett...
Tante Tove: Så kjekt å hørra frå deg. Så spennande med turen. Håpe da blir ein bra tur, og at overgangen går fint! Kos dåke masse! Klem fra meg :-)
Legg inn en kommentar