Okei, så den 25. januar skreiv eg dette innlegget. Eg slutta med at "meir kjem seinare", så om du har lurt på kor det blei av, kjem det no!
- Måten Hillsongkyrkja er på. I løpet av preika tar talaren ofte litt omvegar, og fortel ein privat historie. Historiane har alltid relevans med preika, er som regel frå hans eige liv, og er alltid spanande, eller morosamt. Eg lurar alltid på korleis talarane opplever så mykje, men nok om det. Historiane får preikenane til å bli veldig livlige, mens det samtidig er veldig gode preikenar i seg sjølve. Eg huskar ikkje alltid historiane, men eg har ein frå i går, som var morosam. Talaren snakka om å tørre å overgi seg til Jesus.
Denne mannen surfa masse. Han elska å surfe. Ein dag han var å surfa såg han ei dame som strevde veldig med å halde seg oppe, og holdt på å bli tatt av ein strøm. Så han svømte bort, og prøvde å hjelpe. Det gjekk heller dårlig, han fekk ho ikkje opp på brettet, og skjønte at dette ikkje gjekk vegen. Ho duppa under fleire gonger, så han lyfte opp handa for å få hjelp av livreddarar. Akkurat når han lyfte opp handa; som siste utveg, kom dama opp igjen av vatnet, og ropte "Kva er det du gjer?" Mannen sa "Eg kallar på livreddarane." Ho sa "Nei, ikkje gjer det, det er så flaut!"
Det handla om å tørre å overgi seg til Jesus. Du føler deg kanskje flau akkurat når du skal til å gjere det, men alternativet er mykje verre.
- Mobbing. Ein veldig australsk ting er mobbing. Då meiner eg ikkje MOBBING-mobbing, men tullemobbing, slik som eg og Hanne Mari pleier å gjere. Og ikkje minst Remi.
Her er det i alle fall slik at "we'll make fun of you if we love you, and we'll make fun of you if we hate you. So just hope that we love you."
Ofte på møter, når det er mannlege talarar, får konene høyre diverse. Powerhousepastoren min har ei gravid kone, og det er alltid kommentarar til det frå han på scenen. "Kona mi er jo gravid, så ho et heile dagen." eller "Ja, me har lurt på om det er fleire enn ein der inni, så mykje som ho et, men legane seier det ikkje er det." Og amerikanarane blir alltid gjort narr av, men dei skjønar det ikkje sjølve. På retreaten fekk nokon dei til å reise seg, ha handa på brystet og synge nasjonalsangen deira. Var hilarious.
- Ingen liker Home and Away. Til no har eg møtt mange aussiear. Mange folk frå heile verda, faktisk. Til no har tre - 3 - personar sagt at dei elskar H&A. Den eine var ei britisk jente, den andre var Margrethe frå Norge, som eg bur med, og den tredje var ei lokal jente. Eg har snakt om H&A med mange, men alle andre har sagt to ting - (1) Seriøst, har dykk det i Norge og (2) seriøst, ser du på det?? Og at det er eit dårlig program. Så eg føler meg litt utanfor her nede, hehe. Men eg ser faktisk ikkje på det her, fordi eg ikkje har tid, og fordi dei er over 2 år foran oss, noko som er merkeleg. Men eg har faktisk funne ut at det vert innspelt ca 1 time herifrå.
Ps! Remi! Såg du at alle tre personane som likte det her nede var jenter? Ja, det var eit hint, haha.
- Varme! Okei, så det er varmt. Sjokk. Du er i Australia, og det er midt på sommaren, kva forventa du? Ikkje at det skulle vere den varmaste staden på kloden, i alle fall. For det var det i går. Det var over 40 grader, ikkje 47 som eg sa til alle heime, det var berre det det var meldt, og eg trudde det var, men det var visst aldri så varmt. Men det var 40, og eg kreperte nesten. Fact. Nesten.
- Folk frå over heile verden. Det er eit av dei mest fantastiske tinga med å vere her. Eg har fått vener frå: Norge, Sverige, Finland, Tyskland, Nederland, England, Skottland, Nord-Irland, Spania, Canada, USA, Mexico, Brasil, Chile, Equador, Indonesia, Malaysia, Singapore, Australia, New-Zealand, Sør-Afrika. Og eg har møtt mange andre frå andre land. Men i alle fall. I 12 av desse landa kjenner eg folk så godt at eg ville sove hos dei om eg var i nærleiken. Så om nokon vil være med meg på jorda rundt tur, så kan me spara mykje i bukostnader, hehe.
Men no må eg gå for det tordnar himla masse her. Torden, her, huh? Merkeleg :)
3 kommentarer:
No synes eg du mobber meg alt for masse lizzie:P
Å snakk om å lyge når du går på Hillsong, 47 grader du liksom :P
hehe
Eg drikke vertfall ikke MELK til taco=)Og når vi snakker om det så spiser jeg det også=)
Masse fornuftige folk der, som ikke ser på Home and Away. Akkurat sånn som meg!
Passer på oss. I'm home, yoy're away :)
Haha, eg trudde da va 47 grade!
Eg vil ha taco no. :(
Hehehe, nett så deg, ja, pappa! :)
Legg inn en kommentar