I dag var eg med i koret. var veldig interessant.
Eg, Laura og Prisa (naboar) gjekk i lag. Eg hadde kjøpt meg nye, billige sko fordi koret har kleskode, som seier at ein skal ha lukka sko (ikkje sandalar, eller sko der ein kan sjå tærne). Så eg tenkte eg skulle gå med dei (hadde ikkje gjort det før). Me gjekk ca kl 3, skulle være der 4, men Priska skulle møte noko 3.40, så me gjekk i god tid.
Med ein gong me hadde byrja å gå kjente eg at desse skorna jammen meg var litt trange i helen, og nemnte til dei andre at dei var det. Då me var kome halvvegs sa Priska plutseleg at helane mine blødde. Og jammen gjorde dei det. Huden var ganske vekke, og gnagsåret var stort! Og dette måtte eg gå med gjennom heile korøvinga, lovsangen i gudstenesta, og resten av gudstenesta. Då den var slutt møtte eg Margrethe som hadde tatt med sandalane mine. Herleg nok.
Men i allefall. Me var der ca halv fire. Me skifta (det var ikkje vits i å gå i klerne me skulle synga i i sola og 43 grader), drakk vatn og møtte dei andre i koret. Me var vel kanskje sånn 40-50 stykker vil eg tru. Me varma opp, og så øvte med med worshipbandet. (I morgon skal worshipleaderane når eg er i koret være Brooke Fraser (som bl. a syng Hosanna) og J.D.) Etterpå gjekk me i ein slags lounge for alle som er med i lovsangen på ein eller annan måte, og spiste frukt og kjeks, og var sosiale. Bøna vart leda av ein nordmann, ein trommis. Var interessant.
Så var det på tide å kore. Interessante konsept i koret:
* Viss du skal klappe, må du klappe falskt, berre med handflatene, sånn at det ikkje lagar lyd inn i mikrofonane
* Når me hoppar kan berre første rad hoppe. Radene bak berre "latar som", ved å gå opp å ned på tær. Grunnen er rett og slett at om alle hoppar har det hendt at heile greia har kollapsa, så slikt holder ein seg unna.
* Bakerst i salen er det ein skjerm der teksten står. Men om me ser der er det veldig tydeleg. Så me må lære det utanat. Og om me er usikker står dirigenten der og syng veeldiig tyydeeleeg, så me skal kunne sjå på han.
I morgon skal eg på gudsteneste klokka 10.45 Den er ferdig ca 12.30. Så skal eg på korøving for kvelden kl 4. Eg er usikker på om eg gidder å gå heim mellom dei, for eg får berre vere heime mellom 13.00 og 15.30, og å gå i denne varmen er krevande. Lufta er utrulig fuktig, så du svettar deg i hel, og til i morgon er det meldt 47 - FØRTISJU - grader!
Eg må berre gjenta det. 47! Ja, du leste rett.
47.
Klem frå Elisabet
Ps: 47
5 kommentarer:
Litt rart å tenke på at det for tiden er ca 50 graders forskjell på Australia og her...
Ellers høres det kjekt ut å synge i kor. Det er jamen lenge siden jeg har gjort!
Klem fra mamma
No må du slutte å klage lizzie=)
47 grader er bare fint=)
men vi kan godt bytte altså..Her er det bare minus grader..=(
Fytti! Når eg og Remi sku gå på tur i dag, va da 5 MINUSgrade! Eg hoppe på første fly:)
Ps. Huske når me sang i mamma sitt kor, da va knallkjekt:)
Ps2: Såg du at eg skreiv knallkjekt i ETT ord? Ingen orddeling her, nei! Du klage alltid over da :p
Hei Elisabet
Det var mange som spurte etter hvordan det går med deg på møtet på bibelsenteret i dag. Skal hilse så masse fra så mange!
Du får flere detaljer når vi prates på skype :)
Kor e kjekt, ja, mamma. Du kan joina et. Heima. Viss du har tid :)
R.H: Hehe, eg vett ikkje om eg vil
bytta. Men da e for varmt her.
Hanne. Huff. Ja, gjer da! Ps: Ja, kjempekjekt! Ps2: Bra!Imponert!
Pappa: Spennande! :) Og synd med Aarly, men BRA at han prioritere fammen :)
Legg inn en kommentar