14. februar 2009

Identitet

På skulen har me hatt om kommunisjon. Mest om kommunisjon i kyrkjesamanhengar, men på onsdag hadde med om ulike personlighetstypar. Og det var veldig interessant. No tenker du kanskje at dette ikkje er noko for deg, men eg vil utfordre deg til å finne ut kva type du er, for du kjem til å få litt av ein aha-opplevelse når du les om din type. Eg fekk det, eg følte at dataen leste my mind.

Personlighetsmåten eg skal snakke om heier Myers-Briggs, og er oppkalt etter dei som utvikla den. Enkelt nok. Så konseptet er at du er:
1. Utadvendt (E) eller innadvendt (I)
2. Tar beslutning via sansing (S) eller intuisjon (N)
3. Nyttar informasjon via tenking (T) eller følelsar (F)
4. Lever planlagt og organisert (J) eller spontant og fleksibelt (P)
For å finne ut kva du er kan du ta ein skikkelig avansert test som kostar pengar, eller berre spørre deg sjølve korleis du egentlig er. Eg gjorde den siste.

For eksempel: Spør deg sjølve:
1. Når du er trøtt og sliten, får du energi av å vere med venner (E) eller å lese ei bok (I)
2. Korleis oppfattar du informasjon best? Når det er straight forward forklart og konkret (S) eller trekk du linjer til andre ting, og ser det store biletet, samtidig som magefølelse er noko du følgjer (N)
3. Når du skal kjøpe deg ein ny duppeditt (mobil, data, kamera, klede osv), tenker du logisk og samanliknar prisklasse, osv (T) eller kjøper du den rosa fordi den er rosa og bestemmer deg pga følelsar og harmoni (F)
4. Liker du best å planlegge ting på førehand (J) eller å være spontane (P)

Når du har svart desse spørsmåla sit du igjen med 4 bokstavar. Eg sat igjen med INTP, og trudde det var meg. Det neste du gjer, er å gå inn på http://www.personalitypage.com/portraits.html
Eg gjekk på INTP, og las og fann ut at dette slett ikkje var meg. Så eg tenkte over det igjen, fann ut at eg definitivt var I og N men at eg var meir av ein Feeler og planleggar (Judger). Så eg prøvte meg på INFJ, og fann meg sjølv. Seriøst, høyr dette:

Forstår folk og situasjonar intuitivt.
Idealistisk
Har høge prinsipp
Kompleks og djup
Naturlig leder
Sensitiv og medfølande mot folk
Serviceretta
Framtidsretta
Syns djupe, sanne forhold er verdifult
Reservert om å uttrykke deira sanne seg.
Misliker å jobbe med detaljar med mindre dei forsterkar eller uttrykker deira visjon.
Søkar konstant meining og hensikt i alt.
Kreative og draumande
Intens
Kan jobbe logisk og rasjonelt - bruker deira intuisjon til å forså målet og jobbar mot det.
Høge forventningar til seg sjølv og andre
Ønsker å ha det ultimate forholdet
Er flink i skriftleg kommunikasjon

INFJen er eit spesielt individ som treng meir ut av ein kariere enn berre ein jobb. Dei treng å føle at alt dei gjer i livet deira står til deira sterke verdiar - med det dei meiner er rett.

Og under karriereveiar står både musikk, lærar og religiøst arbeid...

INFJ er den mest sjeldne kombinasjonen, berre 1 % av alle i verda er INFJ, men skummelt nok inkluderer det Martin Luther King, Mor Theresa og Nelson Mandela.

Men nok om meg. Kva type er du?

3 kommentarer:

Anonym sa...

oi. Det var litt av noen forbilder...
Men det er vel mange andre spennende folk blandt den ene prosenten. Selv om ikke alle er like berømte..
Har ikke tenkt nok over det til å vite hvem av disse kombinasjonenen jeg er...
mamma

Anonym sa...

hei lizzie=) brun no elle? truffet noen i homy eller? =)

Elisabet sa...

Mamma; ja, sikkert sant da

Remi; Litt brun. Nei, har ikkje egentlig da, haha. Men den eine leraren vår ligne faktisk veldig på Martha. Heilt sant!