I dag er det måndag, og klokka er 18.20. Det betyr at eg har vore våken i 7 timar og 20 minutt. Eg sto opp klokka ett. For meg er nemleg måndag den helga eg har. Laurdag og søndag er travle dagar, så eg søv ut på måndag og tysdag (byrjar på skulen 11.45).
Eg gjorde ikkje særleg mykje idag, gjorde ei innlevering, men den var relativt lett, og så har eg berre sløva. Alle rundt meg har sett på TV, på kjedeleg program, men no fekk me tak i ein DVD med Friends, så no ser me på det. Og eg ler meg i hel av dei enkle vitsane! Elskar Friends.
Eg tenkte eg kunne dele litt bilete med dykk, har ikkje gjort det på lenge.

Eg i gult, Shad (USA) på bakken, Daniela (Mexico/Texas) bak, Jillayna (Canada) i midten i raudt, Laura (Canada) i blått, Erica (housemate, Iowa, USA) til høgre. Dette er frå Powerhouse retreat på beachen. Var herleg.

Shad (USA), David (Mexico), Clarissa (USA), meg og Stephan (Canada/Sør-Afrika). Dette var i Carolin sin bursdag.

Meg, Jillayna (Canada) og Erica (USA). På party i nabohuset.

Eg og Aynsley (housemate, Canada). Dette var den dagen me åt vegemite, og eg trudde eg skulle bli spydd på. Du kan ikkje sjå det på biletet, men eg var redd i dette augneblikket.

Aussie Day i Sydney. Housemates på tur. Bak: Eg, Carolin (Tyskland) og Erica (USA). Foran: Aynsley (Canada) og Margrethe (Norge). Beth frå Sør-Afrika var enno ikkje komt og Lisa var heime og solbrent.

Powerhouse retreat igjen, og samme housematesane som på biletet over. Eg, Margrethe, Carolin, Aynsley og Erica.

Crazybilete i Carolin sin bursdag. Foran: Priska (Indonesia), Becky (Canada). Bak frå venstre: Nicole (Canada), Laura (Canada), Daniela (Mexico / Texas) og meg. Daniela har lært seg masse norsk, på berre ein månads tid. Sjekk dette ut:
Ps! Eg har ikkje lært ho det siste ordet! Hehe!
2 kommentarer:
Oi, hu va knallfllink! Du e ein flink lærar:)
Har du masse hjemlengsel? Me savne deg vertfall<3
Det e ekstra kjekt å se på bilder. Alle ser jo så glade og lykkelige ut...
Håper du har det fint. Klem fra meg
Legg inn en kommentar