2. februar 2009

Alt som har hendt sidan sist.. Kortversjonen i alle fall.

Tirsdag, onsdag og torsdag var orientation og enrolmentdagar. Tirsdag var alle elevar, nye og gamle samla i ein sal, der me fekk ein god del peptalks, det var eigentleg veldig lite skule, og meir som eit møte egentlig. men det var veldig kjekt :)

Onsdag var alle nye elevar samla i kapellet (som er den bygningen her som liknar mest på ei norsk kirke). Her hadde me det meir informativt; om forskjellige linjer, om kva me bør kunne frå før, og kva me bør lære, osv.

Etterpå skulle dei ha ein Australia-quiz, og trong ti stykker opp på scenen. Frå vårt hus var me 4 stykk oppe, hehe. Quizen begynte med at me skulle ete kvar vår skei med vegemite! Eg klarte faktisk å kome meg unna med å berre dyppe skeia nedi vegemiten, men Aynsley, venninna mi, som prøvde det same måtte dyppe den nedi på nytt, og fylle den heilt opp. For meg gjekk det difor veldig lett ned, medan Ayns vart veldig uvel, og då eg kjente handa hennar på skuldra mi, tenkte eg "no får eg spy på meg". Rektor Lee Burns sprang og henta ei bøtte, men det gjekk heldivis bra.

Torsdag var sjølve enrolmentdagen, då me gjekk gjennom heile prosessen med å starte skulen. Først hadde gjekk alle saman gjennom kva me måtte gjere i løpet av dagen, step for step. Så fylte me ut ein god del papir, blant anna at me ikkje får lov å røpe nye sangar til folk utanfor kyrkja, og at me ikkje hadde kriminell fortid (for å jobbe med barn), og me måtte svare på nokre musikkspørsmål (for å sjå kor mykje me kunne fra før, for å finne ut gruppeplassering osv).

Neste skritt var å bli tatt bilete av for student-ID-kortet, noko som tok to sekund, men køen i forveien tok ca 20 min.

Neste kø var og lang. Den var for å bli registrert i fag og på studentportalen online. Det som var veldig bra her, var at køen var ein stolkø, type idol, berre med 70 stolar i staden for 5. Så me hoppa vidare til neste stol titt og ofte, og det kom heile tida nye folk på radane foran og bak oss, som me kunne snakka med.

Så gjekk eg å betalte leie for dei to neste vekene, noko eg skal gjere online, men pengane mine var ikkje blitt overført enda.

Til slutt henta eg student-ID-kortet mitt, og var ferdig i tolv-ett tida. Eg venta på skulen og på Gloria Jeans, som er ein kafe rett nedanfor, fram til 16.00, då me for på retreat!! :D:D

Men den kjem det meir om i neste innlegg...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Elisabet.

Kjekt å lese. Kan bli litt bekymra for teologien, hvis det er jeans som er glorifisert (Gloria Jeans-kafeen) he-he.

Anonym sa...

Så spennande å lesa! Du skrive veldig bra:) Glede meg te kvert nytt innlegg!

Ps. Skjønte virkelig ikkje pappa sitt innlegg.. Men du e vel smartare enn meg!

Ps igjen: Du har blitt dårlig te å kommentera tebake på bloggen din! Skjerp deg:):):)

Elisabet sa...

Heey! Hanne Mari: Unnskyld! :) Og takk.
Og ja, eg skjønte an, GLORIA jeans, han va bekymra for at jeansene blei glorifisert. (Hette da da?)
Men da e ikkje så rart du ikkje skjønte an, haha! :p

Anonym sa...

Hei Hanne Mari :)

Se i opprinelig artikkel på "Gloria Jeans".


Hei Hanne Mari og Elisabet :)

Dere må klikke på linkene på "Pappa" sa... og nå på denne "Pappa - Til Hanne Mari og Elisabet" sa...

Pleier å ha en god link til ei kjekk side :)