3. februar 2009

Powerhouse retreat

Dei tre siste dagane av forrige månad, altså torsdag til laurdag, var eg på leir med Powerhouse, som er ungdommane i Hillsong Church mellom 18 og 25 år. Det var veldig kjekt, og eg skulle likt å vise dykk bilete av den vakre stranda og alt, men eg klarte å slette alle bileta mine. Ikkje kjekt!

Uansett, torsdag ettermiddag kjørte me av garde. Eg, Erica og Maggie satt på med Liz frå England og Farah frå Irland. Turen på ca 40 minutt tok ca 1,5 time, pga kø ut frå byen. Såg mange interessante skilt på veien, blant anna et fartsgrenseskilt der det sto at grensa var på 100 km/t, men 90 km/t om det var regn.

Me kom fram, og kom til hytta vår der me skulle sove med Lydia, connect group-lederen vår. Var ei ganske fin hytte, og me såg ingen kakkerlakkar, noko som er betre enn heime! :)

Det første møtet var fantastisk. Det begynte med nydeleg lovsang, så kom flott preiken av Thomas Hansen, Hills Powerhouse sin ungdomspastor.

I løpet av det siste halve året har eg kjent veldig sterkt at Gud vil at eg skal lovprise Han på kner, men eg har aldri verkeleg turt å gjere det, ikkje offentleg i alle fall. Og det gjorde eg ikkje her heller, ikkje med ein gang, det føltes så unaturleg for eg var ikkje eigentleg i grinestemning, you know what I mean? Men då nokre rundt meg gjorde det, turde eg å ta det fulle steget ut.

Med ein gang eg kom ned på kne kom tårene, og eg hadde veldig mange følelsar som gjekk gjennom hovudet mitt. Blant anna har eg lenge hatt lyst å kunne snakke i tunger, noko eg aldri har kunna. For eit par veker sidan vart eg bedd for av romvenninnene mine for å få det, og dei sa at eg kanskje kom til å berre få eit ord til å begynne med, og at eg berre måtte ver tolmodig. Seinare vart eg bedd for på skulen, saman med andre som ikkje hadde det (relativt få, faktisk).

Men i alle fall, medan eg var på kne, og hadde augene igjen; såg eg eit ord nedskrive foran meg. Og eg vart utrulig oppmuntra av å berre få eit ord, men eg ville likevel ha meir. Men eit ord var det eg fekk. Etterpå var eg heilt "I got a word!" og venninnene mine berre "huh? for me? what?" Eg berre, "No, in the tongue language". Det var veldig morsomt.

Neste dag var det ein fyr som heiter Robert Ferguson som snakka, veldig morsom mann, men rett på sak, og utrulig dyktig. Etter at han hadde snakka sa han at alle som ikkje hadde tungetale skulle kome fram å få det, så eg kom fram, men eg var veldig usikker, og lurte på om det ordet berre var noko eg hadde kome med sjølv, så eg turte liksom ikkje å opne munnen min når dei ba for meg. Så eg ba Jesus om at eg skulle kjenne at det var frå Han og ikkje meg. Då høyrde eg ein gut/mann attmed meg be for ein annan i tungetale, og eg høyrde "mitt" ord innimellom alt. Det var veldig spesielt. Så eg berre opna munnen, og orda strøymde ut. Var veldig herlig.

Ellers på leiren var det utrulig masse spanande som hende, kristent sett, men og sosialt sett. Fredag morgon var det tre leiarar på scenen, og byrja å snakke om at på denne leiren var det nokon med, nokon som var 3, men og 1. Kunne Michael Schmidt venligst kome opp på scenen? Alle berre "hæ?" Så Michael kom opp på scenen. Og den eine leiaren sa, "ja, her er Michael Schmidt". Men dei andre sa at dette var ikkje deira Michael, kunne Michael kome opp. Og Michael nr. 2 kom opp, men leiar #3 sa at dette var ikkje hans Michael. Det viste seg at det faktisk var tre stk Michael Schmidt på leiren. Og dette vart ein slags intern ting kvar dag, kvar gong det var møte kom Michael'ane opp på scenen, gjerne saman med Obama og fruen. Hehe. I guess you must have been there...

På Hillsong-gudstenestane les dei alltid opp ein del bøne- og takkeemne som dei ber for. På søndagsgudstenesta etter leiren leste Brian Houston opp dette.
Bøneemne av Michael Schmidt.
Han takkar Gud for Powerhouse retreat og Michael Schmidt, og ber for beskyttelse over Michael Schmidt.
Alle Powerhousarane jubla, og alle andre var forvirra; inkludert Brian, men etter kvart vart han filled in (av sonen Joel, trur eg) i at det faktisk var tre av dei, han var ikkje berre høg på pæra.

Forresten var Darlene Zscheck ein av lovsangarane på søndag, nydeleg.
Forresten2 skal eg være i Hillsongkoret kvar laurdagskveld og søndagskveld, og eg må kjøpe meg svarte sko.
Forresten3 kan eg alle dei nye Hillsongcd-songane, men eg har ikkje lov å sei dei.
Forresten4 hadde me eit 4 timars longt foredrag om kommunikasjon med Robert Ferguson i dag, og eg elska det.

Døme på feilkommunikasjon:

- I kyrkja:
1. For all of you who has children and don't know it, we have a nursery in the basement

2. This morning: Jesus walks on water
This afternoon: Searching for Jesus

- Advokat:
"So this decease, how does it affect you?"
"I don't remember things"
"You don't remember things?"
"Yeah"
"Give me one example of something you don't remember"

Det var mange fleire, men I don't remember. Og eg må vaska opp, dysja, og sova. God natt!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja jeg skjønner at det skjer mye kjekt og spennende der.
Skal du være med i korte hver lørdag og søndag hele året?
Og hvor mange er det som er med?
Mamma

Anonym sa...

Hei! Da va et langt og kjekt innlegg! Meg og mamma og pappa e faste kommentatora;) Fytti så masse spennande du oppleve! Du må nyta kver dag og kosa deg:)

Ps: Pappa, eg har aldri trykt på navne ditt, men fra no av ska eg begynna å gjer da:)

Anonym sa...

Hei elisabet:) så utrolig sterkt å lese at du er blitt åndsdøpt...tårene sto i øynene her:)Halleluja...gud e god.. God bless:)Ellers er alt bare bra her...har begynt å kjenne at babyen sparker...det er en deilig følelse..ellers så e det en HAUG med snø her hjemme..så mye at bilen vår satt fast i grøften:)hehehe..jaja det var det mest spennende eg har opplevd denne uken, ja også at eg har fått diamant ring av ruben til bursdagen som eg hentet på senteret i dag:)Det var grådig gøy:)KOs deg..gla i deg:) Klem fra connie

Anonym sa...

Har lest denne sida flere ganger. Langt og KJEKT, som HM skrev. Skjer mye kjekt og spennende, som mamma skrev. Og utrolig sterkt å lese, som Connie skrev :)
Fryder meg over det som skjer med deg der nede. Kan trykt si at du har fått en flying start. Og dette er bare starten... :)

PS: Domenet hillsong.fitjar.no er ledig. Koster 2 kr pr måned, hvis du vil ha egen hillsongside.

PS2: Til Jan Helge: Domenet hillsong.stord.no er ledig, hvis dere vil bli hillsongister...

PS3: Hils Michael Schmidt, alle tre i "treenigheten"

Elisabet sa...

Mamma:
Ja, hvertfall i 6 måna, sikkert heila året.

Hanne Mari: Hehe, ja! Da e dåke! Jepp, ska nyta da.

Connie: Du e så skjønn! Tenk at babbyen har begynt å sparka! Gi litt lyd fra seg! Koselig! :D Synd med bilen, men bra med ringen :D

Pappa! Eg og har begynt å klikka på linkane dine. Hillsong Stockholm e spennande! :D Hehe, eg trenge ikkje egen sida, har jo den berømte elisabetfg.blogspot.com :)
Hehe, me har bare ein Michael Schmidt på Hills. Og eg kjenne ikkje han endo. ;)