13. februar 2009

CD-innspeling, kulde, regn, timeplan, mat og bil.

Okei. Klokka er no fem paa halv ett, og eg sit i biblioteket paa skulen - difor "aa"... I dag er ein spanande dag. Eg er ferdig paa skulen no, men i kveld er det cd-inspeling. Ikkje av den nye Hillsong-cd'en, men av Hillsong United-cd'en. For dei som ikkje veit forskjellen, saa starta Hillsong United opp som eit band united fraa alle ungdomsgruppene i kyrkja for lenge sidan. Ungdomsgruppene er Fuel (6. til 8. klasse), Wildlife (9. til 12. klasse), Powerhouse (18 - 25 aar) og Frontline (25 til 35 aar). I dag skal det vere innspeling med Fuel og Wildlife (Powerhouse kjem seinare), men alle college students faar lov aa komme, saa me snik oss inn med dei yngre. Eg trur forresten dei eldste paa Wildlife er 18, saa eg kan jo henge med dei...

Ellers frys eg, og halsen min er passe saar, saa eg burde kanskje ikkje synge, hehe, her kjem eg og oeydelegg heile innspelinga. Men det er cd-innspeling, saa eg maa jo vere med... Og ingen hoyrer meg i crowden uansett.

I dag naar me gjekk til skulen byrja det plutseleg aa hoelje ned! Me var litt seint ute, saa naar me kom fram rakk med det akkurat, saa eg sat den foerste timen med KLISSvaate ermer. Eg hadde plastregnjakken min fraa Aussie Day, men den dekte ikkje ermene. Og eg meiner det, eg vridde masse vatn ut av dei etterpaa, var klissblaute! Saa naar friminuttet kom var handtoerkaren paa toaletter omringa av jenter som skulle toerke kleda sine. Var veldig morosamt!

Skal vi sjaa. Kva meir var det eg ville dele?
Jo..
Timeplanen min er her. Og eg er litt redd for aa dele den. For naar eg skreiv korleis dagane mine ville vere forrige dagen, tok eg litt feil. Og no veit eg Remi kjem til aa skrive; du er paa bible school, korleis kan du lyge saa mykje, slik som han gjorde med temperaturen, haha. Men her er den i alle fall, og den er rett ot slett ganske fin!

Mandag: Fri! As I said

Tysdag: 11.45 til 12.45: Musicanship 1
14.30 til 16.45: Old Testament Introduction

Onsdag: 8.30 til 9.30: Songwriting 1
10.15 til 11.15: Old Testament Introduction Tutorial
11.45 til 12.45: Chapel
13.00 til 14.45: Personal Leadership

Torsdag:
Kvar tredje veke: 9-12: Sisterhood
Dei to andre vekene: 8-12 Sisterhood, der eg er i hospitality-teamet (smoerer toast og kutter opp vannmelon, etc etc. Altsaa speler Kringla-erfaringa inn her! :)
Saa staar det at fraa 13 til 17, skal me ha Fieldwork, men mitt fieldwork er kor kvar laurdag og soendag kveld + Street Teams kvar laurdag morgon, saa kva som skjer her veit eg ikkje. Men eg haapar eg faar fri, hahaha.

Fredag:
8.15 til 9.45: Musicanship 1 Workshop
9.45 til 11.15: Songwriting 1 Workshop
13 til 14: Sommunication in Ministry Tutorial
14 til 15.45: Personal Leadership Tutorial

I tillegg har eg ting som skjer paa ettermiddagen, men det er det same som i forrige timeplanpost.



I dag skal eg gaa paa naerbutikken (Coles) og handle, for i dag gaar alt dei tener til Bushfire-victims. I tillegg er eg tom for melk, broed, ost, salami, bananer og youghurt; saa basically alt. Eg et ikkje anna, hahaha

Forresten har eg lyst aa kjoepe meg bil, for det er billig og praktisk her nede. Du kan faa ein ok bil for 2000 dollars, ca 10000 kroner. Men eg faar sjaa kva eg bestemmer meg for. Eg skal spoerre Jesus kva han syns.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kanskje ikke fullt så travelt som før. Og det er sikkert bra.
Ser forresten på nettet at det er hai på Bondi Beach i Sydney. For første gang på 80 år at noen er angrepet av hai. Så vær forsiktig med hvor du bader...

mamma

Elisabet sa...

Ja, eg såg da. Eg ska passa på meg. Men me e ikkje så ofta på beachen. :)